Wolfenstein: The Old Blood er kunngjort

Det neste spelet i serien lanserast allereie om få månader.

I ei pressemelding onsdag avslører Bethesda at Wolfenstein-serien held fram denne våren. Etter suksessen med Wolfenstein: The New Order har svenske Machine Games igjen fått ansvaret med å lage eit solid stykke skytespel. Lanseringa av Wolfenstein: The Old Blood vil finne stad allereie 5. mai, og spelet vil bli tilgjengeleg på PlayStation 4, Xbox One og PC.

Vi vil igjen møte BJ Blazkowicz i intense kampar mot nazistane. Denne gong spolar vi derimot tida tilbake til 1946 i det tyskarane er i ferd med å vinne andre verdskrig. Vi blir lova ei rekke intense nye utfordringar, samt eit arsenal fullt av nye våpen.

Skjermbilete frå Wolfenstein: The New Order.
Skjermbilete frå Wolfenstein: The New Order.

Spelet blir skildra som ei sjølvstendig opptakt til Wolfenstein: The New Order, og vil få ein billegare prislapp enn eit fullt spel. Kva prisen blir i Noreg er ikkje klart, men vil koste 15 pund i England, noko som tilsvarer i overkant av 150 norske kroner.

Høgoktan skyteaction

Wolfenstein-serien fekk mange nye fans med Wolfenstein: The New Order. Spelet gav oss ein fantasifull vri på verdshistoria, og var proppa med galskap. Dette var likevel ikkje nok til at vår mann var heilt imponert i si vurdering:

«Med enkle kontrollar og god våpenkjenslee er dette tretten timar med enkel, men intens og tidvis oppslukande action. Men sjølv om Wolfenstein aldri er i nærleiken av å vere dårleg, legg det slappe våpenutvalet, dei typiske fiendane og den velkjende dynamikken igjen eit inntrykk av at spelet heile tida underpresterar. For når ein først har konstruert eit alternativt 60-tall der nazistane kontrollerer verda med teknologisk overmakt, kvifor ikkje gå lenger?»

Om du kunne tenkt deg ei kreativ og smart tolking av skytespelsjangeren bør du får med deg Evolve som blei lansert i februar.

Kommentarer (10)

Forsiden akkurat nå

Til toppen