World of Warcraft kan få automatisert innhald

Blizzard maktar ikkje å lage nytt innhald raskt nok.

Nyleg kunngjorde Blizzard den nye utvidinga Warlords of Draenor til det alltid populære MMO-et World of Warcraft. I denne vil vi reise tilbake i for å besøke orkane sin gamle heim og prøve å stogge Garrosh Hellscream frå å tukle med historia.

Skal vi tru Blizzard er det ikkje lett å produsere nok innhald til glupske spelarar som spurtar gjennom nytt innhald. I eit intervju med Rock, Paper, Shotgun har World of Warcraft-designer Cory Stockton lufta tankar om korleis dei kan løyse utfordringa:

Besøk ein orkeby i Warlords of Draenor.
Besøk ein orkeby i Warlords of Draenor.

– Folk kjem seg gjennom innhaldet så raskt. Vi ville laga nok innhald om vi var i stand til det. Vi har hatt samtaler om korleis prosedyrisk innhald kan fungere i World of Warcraft, og eg trur det må bli det neste steget, fortel han.

Handlaga eventyr er viktigast

Stockton held fram med å forklare at han ikkje meiner dette skal bli ei erstatning for regelmessige utvidinga:

– Eg trur det er best å sjå på det som eit tillegg. Mange spel gjer mange ting veldig bra, men eg trur ikkje det er mange som kan måle seg med det handlaga innhaldet vårt. Ta grottene og forteljingane våre til dømes, det går ikkje å samanlikne ein gong. Vi vil aldri prøve å erstatte dette.

Stockton vil gjerne gi spelarane nytt innhald raskare, men forklarar samtidig at det er veldig vanskeleg å lansere ei ny utviding kvart år. Ved å automatisere enkelte delar av innhaldet, og skape tilfeldig genererte grotter og område kan dette kanskje bli ein lettare jobb.

Warlords of Draenor har ikkje fått nokon lanseringsdato enno. Den første komande lanseringa frå Blizzzard blir kortspelet Hearthstone: Heroes of Warcraft, som vi nyleg tok ein kikk på.

Kommentarer (21)

Forsiden akkurat nå

Til toppen