World in Conflict bekrefta til Xbox 360

Det er ikkje kun på PC du kan få oppleve atombomber.

Vi rapporterte tidlegare om at det kan sjå ut til at World in Conflict er på veg til Xbox 360. Vivendi Games har nå bekrefta dette ovanfor oss og Eurogamer, og detaljar kjem snart.

Se PC-trailer her:

Vis større

Trailer: World in Conflict #2

Stikkord:
  • action
  • krig
  • spill
  • pc
  • World in Conflict
  • strategi
  • krigsspill
  • nettspill


World in Conflict er eit sanntids-strategispel frå svenske Massive Entertainment som plasserar deg i en alternativ verkelegheit i 1989. Den kalde krigen har eksplodert til full krig, og sovjetunionen er i full gang med å invadere USA og Europa. I di rolle som ein feltkommandant, må du ta over dei amerikanske byane ein etter ein.

Sjølv om spelet har ei alvorleg historie, er det fleirspelar-modusen som er det store trekkplasteret. I staden for å bruke tid på ressurssanking, blir du sendt rett ut i krig, og du får heile tida poeng for kva du gjer, noko som vil la deg kjøpe fleire av krigsmaskinene frå åttitalet.

Dette åpnar for eit hektisk strategispel der du heile tida har full fokus på kamp. Du trenger ikkje bruke tid på å bygge bygningar, eller sørge for at du har det du treng av ressursar. Her er det berre å plaffe laus.

Når Xbox 360 versjonen vil dukke opp er ukjent, men vi kjem tilbake med meir så snart det blir klargjort. Meir informasjon kan du finne på spelet sin offisielle nettstad.

Siste fra forsiden