Anmeldelse

Worms 3D

Ein gong for lenge sidan kom det eit spel som snudde heile verda på hovudet. Det kom på diskettar, såg fantastisk ut, og bydde på meir moro enn nokon kunne tenke seg var mogleg. Dette spelet var Worms, og det spredde seg som ein pest over verda. Med mykje humor, og sterke taktiske element, var ein suksessrik serie i ferd med å bli skapt. Det tok ikkje lang tid før eit nytt kapittel, med betre grafikk betre lyd, og enda sprøare våpen blei introdusert. Deretter kom enda eit, og enda eit, og det kunne etter kvart verke som om skaparane av Worms, Team 17, ikkje lenger var i stand til å fornye seg.

Tilbake til gamle trakter
Ta i mot Worms 3D, og som de kanskje har gjetta, har absolutt ingenting forandra seg (om ein ser bort frå at det heile er i 3D). Det er fortsatt akkurat same spelet som vi fekk servert for mange år sidan. Det er dei same stemmene, dei same våpena, og spelet går ut på akkurat det same; ha det uforskamma moro medan du sender knallrosa meitemarkar dit peparen gror. Det er ikkje ein serie som er kjend for nyskaping og innovasjon, noko som gjer det lett å stille seg kritisk til spelet. Heldigvis tar Worms 3D seg sjølv minst like uhøgtidleg som før. Den nye grafikken, og dei nye moglegheitene den fører med seg pustar faktisk ein god porsjon firsk luft inn i serien. Om du likte Worms før, skal det godt gjerast å mislike dette.

Å spele Worms 3D er som å svømme. Har du først lært det, så gløymer du det aldri. Overføringa frå eit sideskrollande 2D-spel, til eit hardbarka 3D-spel har gått knirkefritt. Å styre markande er like lett (eller vanskeleg) som før, sjølv om det har blitt gjort eit par modifikasjonar. For det første kan du no sjå ting frå eit førsteperson-perspektiv når du skal skyte ned ein anna mark. I tillegg kan du ved eit knappetrykk sjå heile området du spelar på i fugleperspektiv. Naturleg nok banar dette veg for mange nye taktiske element, som ikkje var mogleg tidlegare. Å lære seg å styre ein mark i 3D er uansett ikkje like lett som i 2D. Du bevegar markane med venstre analogstikke, og når du skal snu markane, kan dei ved eit lett trykk snu seg opp til 90º. Skal du slå ein fiende med baseball-kølla kan det av og til bli litt for vrient å kome i rett vinkel. Du kan bruke D-paden for å snu litt på marken, men på same måte som analogstikka er for følsam, er D-paden for lite følsam. Det blir ein pirkete kombinasjon av desse to for å vinkle marken rett.

Du har fleire forskjellige typar spel å velje mellom i Worms 3D, sjølv om dei alle eigentleg er veldig like. I tillegg til nokre greie opplæringsbaner for dei uinnvidde, har du ein kampanje du kan spele gjennom, eller ta utfordringar. Kampanjen er ei rekke brett som eigentleg ikkje heng saman, der du skal drepe fienden din for å kome vidare. I dei forskjellige utfordringane kjempar du ofte mot klokka, og må til dømes klare noko på kortast mogleg tid. Ein anna vri på dette er når du skal skyte på blink. Kvar blink du treff gir deg ekstra tid, og klarar du å halde deg på bana lenge nok får du medalje. Om du skulle ynskje det, kan du trykke på "Quick Start" i hovudmenyen for å hoppe over alt som har med baneoppbygning å gjere. Då blir du kasta ut i eit spel med tilfeldig oppsett.

Eit av spelets svakaste sider viser seg i fleirspelar-modusen. Hovudgrunnen til dette er at du kun kan bruke éin handkontroll. At det ikkje skal kunne vere mogleg å bruke to handkontrollar i eit spel som kjem til oss på slutten av 2003 er eigentleg ganske utruleg. Sit begge deltakarane i ein liten sofa rett framfor TV-en byr det sikkert ikkje på større problem, men har folk kvar sin stol, og kanskje eit bord i mellom, blir det strengt tatt eit unødvendig irritasjonasmoment å måtte strekke seg over bordet kvar gong det er din tur. Fleirspelar-delen av Worms-spela har alltid vore den mest underhaldande sida av serien, og det er synd at ein slik bagatell skal forstyrre moroa.

Worms 3D PS2 PS2

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 31. oktober 2003
  • Plattform: PlayStation 2
  • Utgiver: SEGA Europe
  • Utvikler: Team 17

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen