Anmeldelse

Worms 4: Mayhem

Worms 4: Mayhem fungerar først og fremst som eit godt eksempel på at nok faktisk er nok.

Side 1
Side 2

For bortimot ein mannsalder sidan, dukka det aller første Worms-spelet opp. Det var som ein revolusjon å reikne, der det blanda rå og hard humor med søte små markar og genial strategi. Det var eit lite kunstverk, og det var eit spel som kunne halde deg utan søvn i fleire dagar. Så kom ekspansjonspakkane. I byrjinga var alt bra, nye og enda sprøare våpen blei introdusert til meitemarkane si verd, og ein måtte ta fatt på enda fleire søvnlause netter. Etter kvart blei det litt meiningslaust, og då Worms 2 endeleg viste seg for eit hungrig publikum, var forandringa eit faktum. Frå å vere barske meitemarkar med bandana, og eit våpenarsenal som kunne gi Rambo frådande munn, var dei no redusert til noko som kunne gli fint inn i Barne-TV ein lørdagsmorgon.

Ein moderne undergangsteori
Det er vel ganske enkelt å kome fram til kva det var som skjedde. Team 17 innsåg at dei sat og ruga på ei potensiell gullgruve, og ved å gjere det heile litt meir barnevenleg kunne gullbingen deira vakse betrakteleg. Det ironiske er at alt som i realiteten har utvikla seg med denne serien er grafikken. Ingenting anna. Den største (og einaste?) forandringa kom i Worms 3D for to år sidan, der alt hoppa inn i ein ny dimensjon, men spelet var akkurat det same, 3D eller ikkje 3D. I Worms 4: Mayhem er det fortsattt akkurat det same. Det einaste nye denne gongen er Xbox Live, og nokre nye funksjonar med Ninja Rope. Er dette noko å rope hurra for? Nei, på ingen måte, og Worms 4: Mayhem framstår som like nødvendig som ei fotvorte i ein symjehall. Smittsom, ubehageleg, og uønska.

For uinnvidde kjem no eit lite og kort samandrag som lett kan beskrive kva Worms har handla om i alle år: du snekrar saman eit lag, sender dei ut i kamp, og håpar på det beste. Det som karakteriserte serien frå byrjinga var fantastisk god underhaldning i turbaserte kampar, og heilsprø våpen som hellige granatar og sprengbare bananer. Det var morosamt, veldig morosamt. Å tenke tilbake på Worms er også morosamt, så kvifor er det ikkje morosamt å spele Worms 4: Mayhem? Kanskje det er fordi serien på ingen måte har utvikla seg. Det er akkurat det same, og å spele det same spelet under illusjonen om at det er ei ny utgåve blir litt antiklimaks.

Gleda som forsvann
Overgangen til 3D har heller ikkje vore heilt vellukka. Før var alt i 2D, og du hadde full oversikt. Det var enkelt, tilgjengeleg og du kunne forstå alt spelet hadde å by på etter knappe fem sekund. No må du slite med eit treigt kamera, treige kontrollar, og i tillegg må du trykke på fleire knappar enn du gjerne vil for å gjere bagatellmessige ting. Der du før såg alt, må du no trykke på ein knapp slik at du ser alt ovanfrå, før du må zoome inn og ut for å finne ut kva du eigentleg ser på. Alt dette tar tid - og tid har du ikkje alltid mykje av. Når alt går så treigt som det gjer i Worms 4: Mayhem, er slike ting noko som raskt sørger for at turen din er over utan at du har fått gjort noko nemneverdig.

Å skape eit lag er ikkje noko særleg morosamt heller. Joda, du kan kle dei opp som du vil, men det er få ting å velje mellom. Skal du få tilgong til nye klesplagg må du spele historiemodus eller kampar mot maskina. Dette gir deg litt pengar du kan bruke på nye plagg. Dette er også den minst morosame delen av heile spelet, og fungerar ikkje akkurat som ein god motivator for å skaffe nytt utstyr. Det hjelp heller ikkje at du ikkje ein gong får sjå kva du kjøper før pengane er brukt. Er du heldig har du sløst vekk mange kampar for å få tak i noko du aldri hadde kjøpt om du hadde fått sett det på førehand.

Samtidig har eg ei kjensle av at det var eit mykje større utval av stemmer før. Det var nesten halve moroa, å høyre på alt det vanvittige markane kunne lirke ut av seg. No er ikkje ein gong dette morosamt, og sidan det er ferre stemmer å velje mellom enn før (og ikkje minst dårlegare), har du raskt høyrt det meste før også. I historiemodusen kan det også bli ganske slitsamt å høyre på markane når dei snakkar med kvarandre. Alle har same stemme, og seier berre "menemeneme" eit par tusen gongar. Det går kanskje an å ta seg bryet med å få nokon til å spele inn desse stemmene, men det er vel ikkje nødvendig nok for Team 17.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden