Anmeldelse

Worms 4: Mayhem

Worms 4: Mayhem fungerar først og fremst som eit godt eksempel på at nok faktisk er nok.

Side 1
Side 2

Det sosiale er framleis best
Worms 4: Mayhem har sine stunder der det fungerar. Å spele saman med nokon, enten i sosialt lag eller over Xbox Live er ganske moro. Det regelrett knusar å spele mot ein kjedeleg og forutsigbar kunstig intelligens. Akkurat dette seier vel seg sjølv, men til tider har Worms 4: Mayhem akkurat det som i si tid skapte ein klassikar. Dessverre fell dette også i fisk etter ei stund. Det er ikkje like moro å halde på i lengda som før, og ein blir gjerne lei etter få kampar. Sjølv om ei verd i full 3D, som du til og med kan øydelegge, logisk sett skulle kunne by på mange strategiske moglegheiter, er det ikkje slik det blir oppfatta. I 3D er alt mykje lettare. Det er lettare å skyte med Bazooka, det er lettare å treffe med bomber og granatar, og dette gir deg ingen grunn til å planlegge nøye.

Dessverre endar områda opp med å ikkje by på like mange kreative strategiske punkt som før. Områda er gjerne flate og uinteressante, og har nokre stolpar eller andre gjenstandar som tek deg opp i høgda. Det er også lett å få inntrykket av at dei er mykje mindre enn kvad ei ein gong var. Dette er kanskje gjort for å skape meir konsentrerte kampar, men det endar berre opp som ein stygg, raud strek i margen. Det er få gode grunnar til å konstant flytte på seg, og ein kan vinne kampar utan å eigentleg flytte stort på markane. Eit anna minus med desse områda er at det er ytterst sjeldan mange markar blir samla på små område. Du kan med andre ord gløyme å skape store kjedereaksjonar av bomber, miner og anna galskap.

Worms 3D var utvilsomt veldig likt dei tidlegare spela, men Worms 4: Mayhem er heilt fullstendig likt Worms 3D. Det er ingenting nytt utover kva som blei presentert i Worms 3D. Vel, ein ting, du kan lage eigne våpen, men kva så? Det er kun det første våpenet du lagar som verkeleg er kult, og etter det bryr du deg ikkje meir. Team 17 skal gratulerast for ein usannsynleg dårleg jobb i fornying. Dette her handlar om å melke ei ku for alt ho er verdt. Vel, her er ei nyheitsmelding til Team 17: Kua er død! Det er ikkje meir å hente her, serien er død. Kvifor i all verda kan vi ikkje la markane dø med i det minste litt verdigheit? Om dette ikkje snart endrar seg kjem Worms til å bli hugsa som kvalmande oppkast.

Ein oppgradert favoritt
Det einaste som eigentleg er verdt å nemne av nye ting er dei nye funksjonane til Ninja Rope. No kan du bruke dette til å flytte på ting. Du kan til dømes skyte det mot ei kasse. Dette lar deg dra kassa mot deg, og flytte på den som du vil. Dette kan du bruke til å skape litt dekning, eller nå nye område på kartet. Det er likevel litt vanskeleg å forstå poenget med å flytte på kassar når du like godt kan bruke Ninja Rope til å nå område med mykje betre dekning enn kva du nokon gong kan draume om å skape med nokre få kassar.

Worms 4: Mayhem er eigentleg eit spel for dei minste. Alt er søtt og koselig, og spelet manglar den litt barske og absurde undertonen som serien blei skapt av. Grafikken er akkurat på same måte. Det er søtt og barnsleg, og eigentleg ikkje spesielt pent. Det er veldig enkelt og detaljane er minimale. Markane har nokre gode animasjonar her og der, og det er alltid litt morosamt å sjå ein mark trygle om nåde før du sender ein eksploderande sau i fanget på han. Det kunne uansett ha vore litt skarpare. Det er på ingen måte stygt, men det manglar dei skarpe og fine fargane serien hadde før.

Konklusjon
"Alt var betre før." Aldri før har denne strofa passa betre. Worms var ein gong i tida noko av den beste underholdninga du kunne få tak i. No er det redusert til eit masseprodusert produkt fullstendig blotta for sjarme og verdi. Kven bryr seg eigentleg om Worms i dag? Kven plukkar opp boksen til Worms 4: Mayhem i hylla av andre grunnar enn for å mimre tilbake til guterommet der timane blei lange og brusflaskene gjor det vanskeleg å gå? Personleg mimring til side, du kan gjere enormt mykje betre kjøp enn dette. Du kan faktisk gå så langt som å gå til innkjøp av det aller første Worms-spelet (om du finn det altså). Det spelet har absolutt alt Worms 4: Mayhem prøvar å ha. Worms 4: Mayhem er dessverre ingenting anna enn eit mislukka forsøk på å halde i live ein gammal klassiker.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden