Blogg

Xbox-kveld i Los Angeles

På scena stod J Allard og la ut i det vide og det breie om kor fantastisk den nye konsollen til Microsoft faktisk er. Med uovertruffen karisma fortalte han oss om alt Microsoft har tenkt på denne gong, korleis dei skal ta over verda, og korleis Xbox 360 kjem til å revolusjonere alt vi kjenner. Han brukte så overbevisande ord at vi nesten trudde på han, og showet hadde stram regi med overbevisande presentasjon. Det var ikkje før vi fekk sjå kva maskina faktisk har å by på, at ting byrja å skje.

Det kjedelege først. Microsoft har eit mål om å nå ein milliard brukarar med Xbox 360. Eit svimlande tal, men Jay Allard hadde faktisk ei forklaring på korleis dei skulle nå alle desse. Det handlar nok ikkje berre om meg og deg og våre spesifikke illusjonar om kva det perfekte spelet er. Det handlar om deg, meg og alle andre. Det handlar om dei som ikkje kunne brydd seg mindre om spel, og det handlar om dei som kanskje bryr seg litt utan å eigentleg ville innrømme det. Xbox 360 er ikkje ein konsoll, men eit underhaldningssenter. Via Xbox Live kan du kjøpe musikk, film, sjå videoer frå nye spel, eller laste ned ekstramateriell. Alt dette er tilgjengeleg frå du pluggar maskina inn i veggen. Xbox Live Silver er eit abonnemenet du får med i pakka, og dette gir deg tilgong på ei rekke tilbod over Xbox Live.

Om du er ein hardbarka gamer, vil du uansett gå for Xbox Live Gold. Utan dette er det begrensa når du kan spele over nettet (gjerne kun i spesielle helger, og for spesielle spel), og det er mange funksjonar du ikkje vil ha tilgong på. Med Xbox Live Gold kan du til dømes spele kampar når du vil, eller vere tilskodar på andre sine spel. Apropo andre sine spel. Jay Allard kunne fortelje om ein plan Microsoft har for ei stor Project Gotham Racing 3 turnering, med ein premie på ein million dollar. Det er mykje pengar for ein fattig student, og det er nok ein del som kunne tenke seg å sjå ein kamp direkte der deltakarane kjempar om ein million dollar.

Det viktigaste av alt
Etter harde fakta om alt som er mogleg blei det endeleg klart for det vi alle var her for å sjå. Det første spelet vi fekk sjå ein film frå var Dead or Alive 4. Det ser unekteleg imponerande, og det er først og fremst klarheita i teksgturar og fargar som løftar dette eit solid hakk over spela til Xbox. Du har kanskje sett bilda som har dukka opp på forumet, men desse er ingenting mot å sjå alt saman i bevegelse på ein enorm prosjektor, tru meg.

Etter det blei det klart for ein lang serie med spel. Det første var Lost Odyssey frå Mistwalker. Personleg var dette kanskje kveldens store høgdepunkt. Visse lesarar har kanskje fått med seg at eg gjerne skriv omtaler av dei fleste japanske rollespel som dukkar opp her til lands. Final Fantasy-pappa Hironobu Sakaguchi sitt siste prosject har stått høgt på ønskelista mi i det siste, og akkurat denne videoen gjer det vanskeleg å finne ord. Det var nydeleg, ingen tvil om det, men den bestemte tårefaktoren Hironobu Sakaguchi har snakka om angåande spelet, blei umiddelbart tydeleg. Det var noko med den grafiske stilen, teksten som rulla over skjermen, og den fabelaktig orkestrale musikken frå Nobuo Uematsu, som rett og slett gav meg eit hakeslepp eg tvilar på eg kjem til å oppleve igjen.

Dette var likevel ikkje alt. Det blei vist videoar frå Call of Duty 2, Ghost Recon 3, Project Gotham Racing 3, Elder Scrolls IV: Oblivion, ei rekke EA-spel, og mykje meir. Noko av det som grafisk sett var mest imponerande var Gears of War. Det meste såg veldig bra ut, sjølv om nokre spel berre såg ut som Xbox-spel på steroidar, men Gears of War frå Epic er heilt enormt. Unreal 3-motoren viser verkeleg kva den er i stand til, og det er ein detaljrikdom du aldri har sett før. Gløym plastikk og flate veggar. Dette er framtida, og framtida er heilt enorm.

The Elder Scrolls IV: Oblivion fortener også nokre ord. Vi har vel alle sett bilda frå dette spelet, og gapt stort då vi for første gong fekk sjå dei nydelege skogane. Det er minst like nydeleg i bevegelse. Det er større og flottare enn nokon gong. Det einaste eg stussa litt over var at folk i gatene fortsatt såg ut til å vere litt stive i ledda. Bortsett frå det var til dømes eit skjelett i ei katakombe absolutt noko som burde vere i stand til å skremme nokon og ein kvar. Dessverre var det ikkje så mykje å få sjå av kampsystemet, men vi håpar på å få sjå nærmare på dette i løpet av E3-messa.

Pressekonferansen blei avslutt med kunngjeringa om at Square Enix og Microsoft skal samarbeide, og bringe Final Fantasy XI til Xbox 360. Etter det inviterte Microsoft til stor fest med The Killers og Chemical Brothers som underhaldning. Akkurat denne delen av kvelden fekk vi ikkje med oss så mykje av, sidan vi heller returnerte til hotellet (og fekk med oss eksklusive Xbox 360 frontplater) for skrive litt, og gjere oss klare til morgondagen. For min del består den av Nintendo sin pressekonferanse, der vi forhåpentlegvis får sjå Nintendo Revolution og det nye Zelda spelet, og ein Sony pressekonferanse før Nintendo inviterar til fest.

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen