Xbox Live-reglar skapar World of Tanks-trøbbel

Wargaming-sjefen har lite til overs for regelrytteri.

Opp gjennom åra har Microsoft fått ein del pepper for prosessen utviklarar må gjennom for å ikkje berre få spela sine på Xbox 360, men og for regelsette angåande oppdateringar. Tidlegare i år sløyfa Microsoft ei påkrevd avgift kvar gong ein skulle oppdatere eit spel, men dette er ikkje det einaste problemet. I alle fall ikkje om vi skal tru Wargaming-sjef Victor Kislyi, som har snakka med Polygon:

«Det fine med onlinespel er at om du gjer ein feil, så kan du kome med regelmessige oppdateringar. Ein av dei største utfordringane med Microsoft var frekvensen på oppdateringar sidan QA-prosessen og sertifiseringa tek ekstremt lang tid. Det er fullstendig uakseptabelt om det skal vere noko meining i gratisspel. Vi jobbar med å få til raskare oppdateringar.»

World of Tanks kjem til Xbox 360.

Desse orda kjem kanskje som ei lita overrasking sidan Wargaming under Microsofts pressekonferanse på E3 i juni kunngjorde at det populære spelet World of Tanks kjem eksklusivt til Xbox 360.

World of Tanks er eit skytespel der du saman med andre spelarar sender stridsvogner i krig mot eit anna lag fullt av stridsvogner. Det falt i smak hos vår anmelder som premierte spelet med sju punkt på skalaen:

«World of Tanks er eit friskt pust innanfor det utvida skytespelbegrepet. I forhold til klassiske spel der du beveger kroppen og skyt på andre levande vesen, køyrer du her ei stridsvogn som skyt på andre stridsvogner. Dette fører til at spelet har eit ganske mykje lågare tempo enn Call of Duty-spela, og legg i mykje større grad opp til taktisk kløkt og samarbeid framfor eksplisitte fingerferdigheiter.»

Les også: – Gullammunisjon i World of Tanks gir ekstra spenning Les også: Åpen beta for World of Warplanes

Siste fra forsiden