Xbox One blir ikkje meir indievenleg enn Xbox 360

Skal du gje ut spel på Xbox One må du ha ein utgjevar.

Sony har den siste tida gjort det veldig tydeleg at dei gjerne vil ha godvilje frå indiescena. Nyleg fortalde dei at det ville kome ein heilt eigen indiekanal i PlayStation Store, og då dei viste fram PlayStation 4 i februar fekk Braid-utviklaren Jonathan Blow sitt nye spel The Witness mykje merksemd. Samtidig har dei kunngjort ei rekke indiespel for PlayStation 4.

Microsoft ser så langt ikkje ut til å følgje i Sony sine fotefar. Sjølv om Xbox 360 var ein viktig konsoll for indiescena, har denne marknaden i seinare år fått mindre merksemd frå Microsoft. Eit problem for indieutviklarar er at der dei på Sony og Nintendo sine konsollar kan gje ut spela sine sjølv, må dei på Xbox 360 sikre seg ei publiseringsavtale anten med Microsoft eller ein tredje part.

Dette kjem ikkje til å endre seg med deira nye konsoll Xbox One, fortel Shacknews som har snakka med Matt Booty frå Microsoft. Han hadde dette å seie når han blei spurt om indieutviklarane vil trenge ein utgjevar på Xbox One:

«Førebels ja. Vi vil forholde oss til utviklarane slik vi har gjort det.»

Sjølv om Microsoft ikkje ser ut til å ville gjere det lettare for dei små utviklarane å skape eit namn for seg sjølve, har konsollprodusenten i lengre tid hatt ein eigen indieseksjon på Xbox Live. I Xbox Live Indie Games kan ein finne mange rare perler, men denne kanalen har aldri blitt tilgjengeleg for oss her i Noreg. Samtidig har den gradvis blitt meir bortgøymd i Xbox 360s menysystem.

Blir PlayStation 4 den store indiekonsollen framover?

Les også: Xbox One er avduka Les også: Uten Kinect fungerer ikke Xbox One

Siste fra forsiden