Xbox One er avduka

Microsoft har gitt oss detaljane om neste generasjon Xbox.

Microsoft

Tysdag kveld kunngjorde Microsoft sin neste konsoll. Den har fått namnet Xbox One og kjem i sal «rundt i verda» i løpet av 2013. Microsoft har ikkje stadfesta at den kjem i sal over heile verda, så kor vidt vi får ei lansering i Noreg før året er omme er uvisst.

Maskina får Blu-ray-spelar, USB 3.0-tilkopling, åttekjerners x86-prosessor, 8 GB minne og meir enn 5 milliardar transistorar. Bilete av baksida av konsollen viser at maskina får både HDMI-inngang og -utgang.

Xbox One kjem med ein heilt ny kontrollar. I følgje Microsoft har dei gjort over 40 tekniske og designmessige nyvinningar, med ein ny navigasjonsknapp og oppdaterte tommelspakar som høgdepunkt. Samtidig får kontrollaren vibrerande impulstriggarar for spel som støttar dette.

Les også: Xbox One blir ikke bakoverkompatibel

Slik ser Xbox One ut.

Xbox One blir underhaldningssentrum

Eitt av dei store momenta Microsoft la vekt på under sin pressekonferanse var korleis dei ser føre seg at Xbox One blir ein sentral for all underhaldning. Sentralt for heile konsollen blir neste versjon av Kinect. Dette kameraet med innebygd mikrofon har fått stor merksemd frå Microsoft dei siste åra, og med Xbox One tek dei det heile eit steg lengre. Du kan blant annet slå på maskina ved å seie «Xbox One». Kinect vil kjenne igjen kven som slår på maskina, og automatisk sende deg til din personlege hovudmeny der du får tilgang på alt innhaldet ditt.

Menysystemet ser i hovudtrekk svært likt ut det vi allereie har på Xbox 360. Du kan gå frå hovudmenyen til å sjå på TV ved å fortelje konsollen du vil sjå på TV, og du kan bla mellom spel, film og musikk berre ved å seie kvar du vil. Maskina hoppar mellom underhaldningsformer på eit blukk. Microsoft hevdar det heile er like raskt som å trykkje på ein knapp.

Menysystemet på Xbox One.

Videre kan du ha fleire program oppe samtidig. Til dømes kan du ha Internet Explorer oppe som eit blad på sida av skjermen medan du ser ein film i noko dei kallar «Snap Mode». Her òg blir stemmekontroll svært viktig, og du kan gå rett inn i eit spel, gå inn i samtaler på Skype, og mykje anna medan du til dømes ser på ein film.

For TV-elskarar kjem Xbox One med ein eigen guide der du kan få full oversikt over alt som skjer på TV, og du kan søke gjennom kanalar og innhald basert på kanal, namn eller tidspunkt ved å snakke til maskina. I tillegg kan du sjekke ut kva som er populært blant vener og på Xbox-generelt.

Kinect

Den nye Kinect-sensoren vil bli hakket kvassare enn forgjengaren. Den har fått ei oppløysning på 1080p, noko som er ei solid oppskalering frå originalen som har ei oppløysning på 480p. Nye Kinect vil samtidig utvide synsfelten, og Microsoft fortel at den vil fungere i nesten alle lysforhold. I motsetning til den første utgåve av Kinect som berre kunne lese grunnleggjande kroppsrørsler, vil neste Kinect kunne lese små handrørsler, samt gjenkjenne stemma sjølv om du skulle vere i eit støyande rom.

Les også: Uten Kinect fungerer ikke Xbox One

Xbox One-kontrollaren.

Solid Xbox Live-oppgradering

Med Xbox One satsar Microsoft på å ta Xbox Live-plattforma eit solid steg vidare, og tar i bruk nettskya for å få til dette. Spel kan lastast ned i segment slik at du ikkje vil måtte vente lenge på å kome i gong etter eit kjøp, samtidig vil oppdateringar lastast ned i bakgrunnen. Innhald kan lagrast i skya slik at du kan få tilgang på det uavhengig av kva konsoll du er på. Eksisterande Xbox Live Gold-medlemskap vil bli overført til Xbox One, noko som ikkje lovar godt for brukarar av gratismedlemskapet Xbox Live Silver.

Hakket meir positivt for alle spelarar uavhengig av medlemskap er at Don Mattrick frå Microsoft omsider avkrefta at Xbox One vil krevje at du er logga på nettet for å kunne spele spel. Nettilkopling vil likevel vere påkrevd for enkelte funksjonar.

Xbox One, Kinect og kontrollaren.

Eit av Sony sine mest spanande trekk då dei viste fram PlayStation 4 i februar var at du kunne laste opp videoar av kva du har fått til i spel. Dette er ein tråd Microsoft òg vil ta tak i, og dei introduserer sin eigen spel-DVR som lar deg lagre prestasjonane dine i skye for å vise til andre spelarar.

Med Xbox 360 introduserte Microsoft prestasjonspoeng som samla seg opp til ein totalsum. Denne vil bli overført til Xbox One, men konseptet blir vidareutvikla. Det nye systemet tek opp video av prestasjonane dine i det dei skjer, og vil by på eit meir dynamisk poengsystem som tilpassar seg korleis du spelar. I tillegg byr Xbox One på det Microsoft kallar «levande spel». Dette betyr at verdene i spela kan utvikle seg medan du spelar, og kunstig intelligens kan lære å spele som deg slik at venene dine kan spele mot skuggen din.

På Xbox One matar du disken rett inn i maskina.

Første glimt frå spelfronten

Microsoft viste ikkje fram mange spel under pressekonferansen, men tok seg likevel tid til å slå fast at fleire store titlar blir tilgjengelege på Xbox One. Først ut var EA Sports som kunne fortelje at dei fire sportsseriane FIFA, Madden, NBA Live og UFC er på veg til Xbox One og er bygde på ein heilt ny grafikkmotor. Spela kjem i løpet av dei første tolv månadane av Xbox One si levetid, og FIFA 14 Ultimate Team blir eksklusivt for Xbox One.

Eit anna spel mange har venta på er Forza Motorsport 5. Dette spelet er som vanleg utvikla av veteranane i Turn 10, og kjem i sal samtidig med at Xbox One dukkar opp i butikkane.

Eit anna eksklusivt Xbox One-spel blir Quantum Break, det neste spelet frå utviklarane bak spel som Max Payne og Alan Wake. Få detaljar så langt klare om dette spelet, men det kan sjå ut til at tid blir eit svært viktig element.

Call of Duty: Ghosts-trailer.

Konferansens aller største tittel var utan tvil Call of Duty: Ghosts frå Activision og Infinity Ward. Dette spelet vil bli meir emosjonelt enn tidlegare, og du får blant anna ein hund med på laget ditt som kan lukte seg fram til bomber. Microsoft og Activision held fram sitt mangeårige samarbeid og Xbox One-versjonen av spelet får tidseksklusivt ekstrainnhald.

I etterkant av konferansen har fleire utgjevarar kunngjort at komande storspel får ein Xbox One-versjon. Blant desse finn vi Destiny frå Activision, Assassin's Creed IV: Black Flag og Watch Dogs frå Ubisoft, Thief frå Square Enix og Battlefield 4 frå Electronic Arts.

Eit ekstra krydder i kveld er at den populære Halo-serien blir TV-serie. Steven Spielberg er innvolvert, men nøyaktig kva rolle han vil ha er ikkje heilt klart.

Microsoft lovar å vise fram mykje meir under E3-messa i Los Angeles som startar om tre veker. Dei freista med at Xbox One får 15 eksklusive titlar i løpet av dei første året, og åtte av desse er heilt nye seriar.

Ønsker du å få beskjed når Xbox One får norsk pris? Abonner på prisvarsel gjennom vår Prisguide.

Les også: Xbox One blir ikke bakoverkompatibel
Les også: Uten Kinect fungerer ikke Xbox One

Du kan sjå heile pressekonferansen i opptak på Xbox.com.

Siste fra forsiden