Er du lei av å slette spel på Xbox One?

Ny konsollpakke byr på større harddisk og ny handkontroll.

Microsoft

I juli vil Microsoft lansere ein «ny» Xbox One i Noreg. Strengt tatt er det nøyaktig den same konsollen som før, men harddisken på 500 GB har blitt byta ut med ein dobbelt så stor harddisk på 1 TB. Konsollen kjem i tillegg med matt finish, noko som til dels bør eliminere synlege støvkorn.

I tillegg til større lagringskapasitet vil alle nye Xbox One-konsollar frå og med juli kome med ein ny handkontroll. I hovudtrekk er dette den same kontrollaren som før, men den vil kome med nokre forbetringar. Ein ny 3,5 mm inngang på kontrollaren vil la deg kople til valfrie headset i staden for å måtte ty til Microsofts eiga løysing.

Får betre lydkvalitet

Ny kontrollar med kamodesign.

Microsoft fortel i ei pressemelding at dei har forbetra lydkvaliteten på lyd som går gjennom kontrollaren, og at alt tidlegare ekstrautstyr vil fungere på den nye kontrollaren.

I tillegg til dette har Microsoft justert bumper-knappane på ryggen til kontrollaren, og du vil no kunne oppdatere firmware trådlaust i staden for å måtte kople kontrollaren til Xbox One-konsollen med kabel.

Den nye kontrollaren vil bli tilgjengeleg med kamuflasjedesign i løpet av denne månaden, om du ikkje kan vente til juli.

Microsoft fortel vidare at dei vil lansere ein trådlaus adapter for Xbox One-kontrollerar til Windows 10 PC-ar denne hausten.

På toppen av dette fortel Microsoft at dei vil lansere den digitale TV-tuneren for Xbox One i Noreg i slutten av juni.

Siste fra forsiden