Xbox One får skjermbiletefunksjon

Snart kan du ta dine eigne bilete av dine største bragder.

Kristian Aagård/Gamer.no

Ein av dei mest etterspurte funksjonane på Xbox One sidan lansering er moglegheita for å ta eigne skjermbilete. Dette har vore mogleg på PlayStation 4 heilt sidan lansering, men det har gått over eit år frå Xbox One blei lansert i store delar av verda, før Microsoft no gjer seg klare til å tilby det same.

Kjem neste månad

Skjermbiletefunksjonen vil bli ein del av marsoppdateringar til Xbox One. Om du er ein av dei som er med i Microsofts preview-program, vil du kunne teste ut dei nye funksjonane allereie i dag.

Du vil kunne ta skjermbilete ved å trykke to gongar på Xbox-knappen, deretter kan du sjå gjennom dei i Upload-studio, før du deler dei med vener, eller kanskje brukar dei som skrivebordsbakgrunn.

Ved sidan av å kunne ta bilete av det du spelar vil marsoppdateringa by på eit par andre endringar. Xbox One vil no foreslå vener. Dette kan vere folk du kanskje kjenner, eller folk som er populære streamarar.

Om du er ein av dei som likte at flisene på Xbox One-skrivebordet blei transparente i førre systemoppdatering, kan du i marsoppdateringa sjå fram til å kunne endre nøyaktig kor transparente desse flisene er.

Ved sidan av desse oppdateringane vil marsoppdateringa la deg dele ditt ekte namn, samt by på nokre tryggleiksendringar.

For ein grundig gjennomgang av marsoppdateringa kan du ta ein kikke på videoen nedanfor.

Siste fra forsiden