Xbox One-storsatsing får nettserie

Ryse: Son of Rome følgjer i Halo 4s fotspor.

Når Xbox One lanserast over store delar av verda i seinare i månaden er Ryse: Son of Rome blant dei største eksklusive titlane som kjem i sal. Her til lands må vi derimot vente til våren på både maskina og spelet. Ryse er utvikla av dei tyske grafikkjempene hos Crytek og set oss inn i rolla som ein romersk soldat på hemntokt.

No har Microsoft via Machinimas YouTube-kanal kunngjort at Ryse: Son of Rome tek steget frå digitale figurar til levande skodespelarar. Første del av serien The Fall vil bli tilgjengeleg på Machinima 5. november. Kva serien vil handle om, eller kor mange delar den kjem i veit vi så langt ikkje noko om.

Massive slagmarker står for tur.

Ryse: Son of Rome er eit actionspel i tredjeperson som ser ut til å bli Microsofts svar på Sonys God of War-serie. Her blir det sverdsvingande action både gjennom ei historie, samt på nett mot vener og fiendar. Utviklarane skryt og over solid integrering med Kinect og SmartGlass, noko du kan lese meir om i vår sniktitt frå tidlegare i år.

Ny suksess?

Med The Fall følgjer Microsoft opp suksessen dei hadde i fjor med serien Halo 4: Forward Unto Dawn. Serien som kom i fem episodar er det næraste vi så langt har kome ein Halo-film, og fekk god mottaking hos publikum.

Microsoft må ha fått blod på tann, for under Xbox One-avdukinga i mai kunngjorde dei at ingen ringare enn Jurassic Park- og Indiana Jones-regissør Steven Spielberg skal produsere ein ny TV-serie basert på Halo-universet. Kvar og når denne serien vil dukke opp er ikkje visst, men med tanke på det store mediafokuset Microsoft har via Xbox One, er det ikkje utenkjeleg at du får servert heile kaka der.

Les også: Ryse får mikrotransaksjonar
Les også: Disse titlene lanseres sammen med Xbox One

Siste fra forsiden