– Xbox One-teamet skulle fått sparken

Oddworld-skaparen har lite positivt å seie om Microsoft.

Å seie Microsoft har gjort ein rimeleg dårleg jobb i å promotere Xbox One, blir litt som å informere om at det vil gjere veldig vondt om du får det føre deg å amputere ein fot med ein smørkniv. Det seier seg sjølv.

Sjølv om Microsofts Xbox One-visjon hadde nokre spanande konsept bak seg, og då tenkjer vi spesielt på familieprogrammet som ville la deg dele spela dine med vener, drukna dette i all negativitet. Før Microsoft steila og snudde opp ned på det meste, kom dei med krav om at du må logge deg på nett kvar dag, og ei bruktsperre som ville leggje ein solid stoppar på bruktsalet som i for mange er svært viktig.

Eit anna problem som først og fremst ville ramme indieutviklarane er at Microsoft framleis ikkje vil la dei gje ut spela sine sjølve. I staden må dei gå gjennom ein større utgjevar, som til dømes Microsoft. Dette er ein skarp kontrast til Sony, som har omfamna indieutviklarane, og vil la dei gjere som dei vil.

Misnøye til Microsoft

Ein person som har lite godt å seie om Microsoft er Lorne Lanning, mannen bak den finurlege Oddworld-serien. I eit intervju med VG247 langar han ut mot Microsoft:

«Kven no enn PR- og marknadsføringsteama deira er, så burde dei alle få sparken. Microsoft burde starte der. Der burde vere store, offentlege masseoppseiingar. Då ville dei få folk til å snakke om at vi kanskje vil få ei positiv endring.»

Sjølv om Stranger's Wrath var ein Xbox-tittel, slapp alri HD-utgåva til på Xbox 360.

Lannings negative kjensler ovanfor Microsoft går langt tilbake i tid. Då han og Just Add Water jobba med HD-versjonen av Oddworld: Stranger's Wrath støtte dei berre på nye problem heile tida, og Lanning fortel at Microsoft sette kjeppar i hjula for dei uansett kva dei gjorde. Han meiner er grunna at Microsoft rett og slett ikkje forstår indiemiljøet:

«For å vere ærleg, frå Washington ser vi god forståing for kven som lagar gode, dyre spel, men utover det manglar dei innsikt i korleis folk kjem seg dit. Det er rart. Det er tydeleg at dei ikkje høyrer etter. Eg er eigentleg ikkje sikker på kven dei høyrer på,» seier han og held fram:

«Om ti år vil dei største reklameplakatane for spel som kostar hundre millionar dollar vere eit resultat av det som skjedde i indiemiljøet. Indiemiljøet er den einaste staden vi ser verkeleg innovasjon sidan det er den einaste staden folk har råd til det. Du kan ikkje gjere sånt på ein dyr produksjon til hundre millionar dollar sidan du må vite kva publikum forstår og vil ha.»

Les også: Xbox One/sjefen slutter i Microsoft Les også: Sony: – Xbox One/responsen var en nyttig ressurs

Siste fra forsiden