Xbox 360 får utvida garanti

Microsoft innrømmer og beklagar den høge feilprosenten til Xbox 360.

Omsider har Microsoft anerkjent dei stadige problema kundar har hatt med Xbox 360. Rundt Xbox 360 sin på-knapp er det fire lys som skal lyse grønt når alt fungerar bra. Om maskina får tekniske problem, lyser dei derimot raudt, og dette er det mange som har erfart. Microsoft beklagar no ovanfor alle kundane som har opplevd dette, og innrømmer at jobben dei har gjort ikkje er god nok.

Garantien på maskina er no forlenga til tre år om du får problem relatert til den raude ringen. Garantien har til no vore to år (sjølv om du i tillegg har ein reklamasjonsfrist på fem år). Om du har sendt maskina til reparasjon, vil du få godtgjersle for alle utgifter relatert til dette. Samanlagt vil denne utvida garantien koste Microsoft nærare 6 milliardar norske kroner.

Peter More har skrive eit ope brev til Xbox 360-samfunnet, der han fortel at Microsoft er klar over problema, og har identifisert fleire ting som kan ligge til grunn for dei mange problema folk har hatt med Xbox 360.

– For å få bukt med dette problemet, og som eit ledd i vårt pågåande arbeid, har vi allereie gjort forbetringar på konsollen, skriv han i brevet.

Microsoft har tidlegare hevda at feilproseten deira ligg på normalen med 3-5 prosent, men mange butikkar har hevda at dei får tilbake så mykje som ein tredjedel av alle selde maskiner. Til samanlikning er feilprosenten på PlayStation 3 og Wii hevda å vere så lav som 1 prosent.

Siste fra forsiden