(Bilde: Firaxis Games)

XCOM 2 får lansering på konsoll

Strategispelet kjem til PlayStation 4 og Xbox One likevel.

XCOM 2 blei i si tid annonsert som ein PC-eksklusiv tittel, men det er ikkje lengre tilfellet. Etter stort press frå konsollspelarar har utviklaren Firaxis Games meldt at spelet vil kome til PlayStation 4 og Xbox One 9. september.  

Alle dei nedlastbare pakkane på PC vil vere tilgjengelege på konsoll frå lanseringsdatoen. Dersom ein førehandsbestiller «Digital Deluxe Edition» får ein med alle pakkane.

Garth DeAngelis, produsent hos Firaxis, fortel i eit intervju med PlayStation Blog at dei heile tida fekk førespurnadar om ein konsollversjon, og at dei ikkje ynskja å skuffe fansen.

– Me er utruleg stolte over staben vår, og over korleis spelet blei på PC. Me veit at dei noverande XCOM 2-spelarane har hatt ei flott stund med spelet, og me gleder oss til å høyre kva dei tolmodige konsolltilhengarane har å seie, seier DeAngelis.

Eit fantastisk turbasert strategispel

XCOM 2.
XCOM 2. Bilde: Firaxis Games

Gamer.nos anmeldar Gøran Solbakken kom med mange gode ord om XCOM 2 i februar. Solbakken omtalte spelet som eit av dei vanskelegaste og minst tilgivande han hadde spelt, og satt stor pris på det.

–Til tross for tekniske problem, som mange opplever, er XCOM 2 eit fantastisk turbasert strategispel. Det greier å balansere storstilt verdensomdømmetaktikk med personlege historiar, og ein knyter seg til personane, og då spesielt soldatane som finnes i ditt eige spel, sa vår anmeldar om PC-versjonen.

Spelet har hatt store problem med yting på PC grunna dårleg optimalisering, men oppdateringar har fiksa det meste per dags dato. Det blir spanande å sjå om konsolllanseringa går betre enn lanseringa på PC. 

Fikk du med denne kreative bruken av Excel?
Han forvandlet et Excel-ark om til XCOM »

Kommentarer (13)

Forsiden akkurat nå

Til toppen