X-COM-skaparens nye spel sniklanserast

Neste veke kan du ta på deg rolla som ein mektig magikar.

Etter ein vellukka Kickstarter-kampanje tidlegare i år har X-COM-skapar Julian Gollop og hans studio Snapshot Games jobba iherdig med å få ferdig ein oppfølgjar til Chaos frå 1985. I Chaos Reborn får du ta på deg rolla som ein mektig magikar som kan trylle fram både beist og magiske formular for å knuse fiendane sine i turbaserte duellar.

Dei som støtta utviklinga av spelet gjennom Kickstarter-kampanjen har allereie hatt tilgang på prototypen av spelet i mange månader, men no er Snapshot Games klare for å sende spelet ut til fleire spelarar. Frå og med 9. desember blir Chaos Reborn tilgjengeleg via Early Access.

Mykje nytt innhald i vente

Lekre og turbaserte kampar i Chaos Reborn.
Lekre og turbaserte kampar i Chaos Reborn.

I si noverande form vil spelarane utelukkande få sjansen til å gå til kamp mot kvarandre. To til fire spelarar kan gå til magisk krig, enten alle mot alle, eller i lag. Sidan Chaos Reborn er turbasert får spelarane velje sjølv kor mykje tidspress dei vil leve under. Eit alternativ er å gje kvar spelar mellom eitt og tre minutt på å gjere seg ferdig med sin tur, eller ein kan gje kvarandre meir tid ved å nytte ei klokke inspirert av sjakk.

I løpet av dei neste sju månadane før spelet skal vere ferdig til sommaren, vil utviklarane leggje til innhald som let deg spele aleine. Ein omfattande rollespeldel er planlagt, og gjennom den skal du kunne byggje opp både figurane dine og ulike våpen, samt finne unike gjenstandar og utstyr.

Før denne modusen blir tilgjengeleg vil spelarane få sjansen til å terpe på ferdigheitene sine ved å spele mot kunstig intelligens. Ein hotseat-modus som gjer det mogleg for fleire personar å spele på same maskin vil òg bli tilgjengeleg.

 Julian Gollop har dei siste åra jobba hos Ubisoft der han blant anna regisserte Assassin's Creed III: Liberation. X-COM-serien han var med på å starte fekk for eit par år sidan ein solid oppsving med glimrande XCOM: Enemy Unknown.

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen