Anmeldelse

Xenoblade Chronicles

Dette er eitt av dei beste og mest gjennomførte spela på mange år.

Verda har gått til grunne. Det er eigentleg berre å innsjå det. Kva skal ein elles kalle det når eitt av dei beste og smartast utforma spela på ti år, kjem til å bli glatt oversett av folk som ser på seg sjølv om oppriktig interesserte i gode spel? Det triste faktum er at sjansen er overveldande stor for at om du les det eg skriv akkurat no, då er du i ei lita målgruppe som allereie har spelt – eller har bestemt deg for å spele – Xenoblade Chronicles. Ein tragisk stor prosent vil oversjå Xenoblade Chronicles av nokre få enkle grunnar; den japanske teiknestilen som pregar figurane, at det er frå Japan, og at det er på Wii.

Tre elendige grunnar tufta fram på trongsynte fordommar som ikkje tener til stort anna enn å sprenge eit stort hol mangfaldet i spelhylla. Har du ikkje høyrt om Xenoblade Chronicles er det lett å gi blanke berre fordi grafikken ikkje er like skarp som det siste generiske og fullstendig uinspirerte skytespelet på Xbox 360.

«Trur du nokon kjøper meg om eg ser skikkeleg dramatisk ut?»

Ei betre verd

Vi lev i ei verd der alt blir meir og meir straumlinjeforma. Sjangrar glir saman, kontrollsystem glir saman, og strukturen glir saman. Færre og færre spel er genuint unike, forståeleg nok sidan utviklarane må lage noko som sel slik at dei kan halde seg i live, og difor lagar noko dei veit (eller i alle fall trur) sel.

Eit nytt spel i ein sjanger som slit med å finne sin plass i verda er difor nesten som ei melankolsk høgtid å rekne. No er det i alle fall all grunn til å feire, for Xenoblade Chronicles gjer dei fleste spel fullstendig til skamme. Dette er eit spel som fører vidare den kunsten japanarane har vore meistrar over i mange år allereie; å skape nye og unike system som er mest som eit eventyr i seg sjølv å lære. Du blir kasta inn i ei heilt ny og fascinerande verd der alt er litt kjent, men så nytt at ein heile tida gjer nye oppdagingar.

Xenoblade Chronicles kryssar gamle konvensjonar med nye tankar på ein måte ikkje heilt ulik Final Fantasy XII. På same måte som i Square Enix si perle spring du rundt i ei gruppe på tre heltar der du styrer ein av dei. Interessant nok kan du ikkje stille inn korleis dei to partnerane dine skal oppføre seg, men ein merkar kjapt at dette ikkje er nødvendig sidan dei gjer ein glimrande jobb uansett.

Vi får ingen tilfeldige kampar i Xenoblade Chronicles. Kampsystemet går i sanntid, slik vi er blitt vande med i japanske rollespel dei siste åra. Strengt tatt er kampane noko av det beste med heile spelet, og engasjerer i så stor grad at ein lett endar opp med å springe etter kvar bidige fiende berre fordi ein vil kjempe meir. Når ein går i angrep vil alle krigarane angripe automatisk, men over dette ligg ei rekke forskjellige angrep og eigenskapar ein kan velje frå ei horisontal linje nedst på skjermen.

Dette i seg sjølv er kanskje ikkje så spesielt, men det blir uhyre engasjerande når dei forskjellige elementa viser seg. Mange av angrepa er skreddarsydd for anten blir brukt framanfrå, frå sida eller bakfrå, og ein må heile tida ha dette i tankane. Fiendane byggjer opp aggresjon mot deg, og det blir difor viktig sørgje for at nokon gjer beistet sinna, slik at du kan snike deg bak for eit solid angrep. Herifrå berre byggjer det på seg med komboangrep, statusendringar, og ein veldig kul taktisk måte å kjempe på der kvar helt i gruppa etter tur kan kaste hemmande statusendringar på fienden slik at den blir slått i bakken og blir der.

No er det Reyn-tid! Kjøp Xenoblade Chronicles og du vil forstå!

Massivt og uimotståeleg

Monolith Software vidarefører ein gammal sjanger ein genial måte. På ein eller annan måte har dei inkludert så og seie alt ein innerst inne gjerne vil ha frå eit japansk rollespel. Vi finn forskjellige system for å byggje opp karakteren, vi har eit massivt utval utstyr og våpen som i tillegg endrar utsjånaden til personane, og det er ekstremt mange ting å samle inn og lister å fylle opp. Kvar du enn går eller kva du måtte finne på å gjere får du ei løn. Men alt dette er likevel berre pynt rundt ei historie som faktisk held like høg kvalitet som resten av spelet. Den er fortalt på ein glimrande måte som let deg bruke den tida du sjølv treng. Du kan følgje den slavisk, men når som helst kan du ta deg ei pause for å springe rundt i verda på andre eventyr. Du får aldri kjensla av at du har dårleg tid, og dette sørgjer for at alt du gjer på ein eller annan måte blir ein del av historie.

Dilemmaet som skulle oppstå er eigentleg eit gedigent luksusproblem. Det er lett å bli freista til å berre ta eitt oppdrag til. Gjer du deg ferdig med eitt oppdrag får du to nye, og du endar raskt opp med å svi av ein heil kveld på å berre springe fram og tilbake for å finne noko ein stakkar har mista, til å gå til uprovosert slakte ned fredelege dyr berre fordi nokon ba deg om det. Det er ikkje mykje originalitet å spore i desse oppdraga, men dei er fengjande og vanedannande sidan dei stort sett er raske å gjennomføre, og jakta på diverse dyr eller monster fullfører du dei som ein naturleg del av å utforske eit område.

Dei einaste problema som kan oppstå er at du blir så mektig at utfordringa forsvinn i periodar eller at du ikkje hugsar alt som skjedde sidan sist du via tid til historia. Ein kveld kan lett drukne i sideoppdrag, eller ei jakt på spesifikke gjenstandar, og då kan ein lett fortrengje kva som skjedde sist. Akkurat dette er synd, for historia i Xenoblade Chronicles er mykje meir spanande enn det meste der ute. Det er ikkje berre ei typisk historie om det gode mot det vonde, og du vil etter kvart lure på kva som eigentleg skjer. Samtidig er settinga og konteksten veldig spesiell, sidan verda alle folk og fe lev på er kroppane til to massive gigantar som for tusenvis av år sidan var i kamp.

Som du kanskje skjønar er det er viss konflikt mellom kva som lev på dei to gigantane, men meir i detalj skal eg ikkje gå. Alt du treng vite er at historia trass ei og anna klisje og litt klam naivitet ein og annan gong engasjerer stort. Mykje av grunnen til dette ligg hos det herlege skodespelet som er noko så uvanleg som tvers igjennom britisk. Det er som om heile den fantastiske verda er snytt ut av diverse regionar i storbrittania, og dette gjer Xenoblade Chronicles til noko heilt spesielt.

Jan Thomas hadde fått infarkt.

Å drukne i ein fantasi

Xenoblade Chronicles er unikt og fengslande. Det er mange grunnar til dette, men den som sit best igjen no når det heile er over er den massive kjensla av undring. Heile spelet er som å reise på oppdagingferd i fullstendig ukjende område. Det ligg meir kreativitet i kvart bidige miljø i Xenoblade Chronicles enn vi finn totalt sett i dei fleste spel på marknaden. Xenoblade nøyer seg ikkje med å by på skognivået, isnivået, lavanivået etc. Her er kvart einaste område unikt sjølv om fleire kanskje skulle vere i same klimasone, og dei er alle forma etter kvar på den enorme giganten du til ei kvar tid er. På eit punkt tidleg i spelet reiser du til dømes over svært sletter der enorme klipper strekkjer seg ut i lufta. Dei er som sverd som har blitt stukke gjennom jorda frå undersida, før tid og tann har bøygd og forvitra dei.

Seinare kjem du til ein tjukk jungel der eit massivt fossefall er så blendande vakker at du bere blir ståande stille. Det er vanskeleg å fatte korleis det er mogleg å presse noko så nydeleg og enormt ut av Wii. Områda er enorme, synsvidda utan ende, og som om det ikkje var nok er det fullt av vegetasjon, busker og tre som krydrar landskapet.

Her reiser du som den unge Shulk, ein ganske vanleg ung mann som ikkje skil seg mykje frå andre gutar på same alder. Dette varer naturlegvis ikkje lenge, og han endar opp som ei sentral brikke i ei ganske intenst spel, men Shulk er ein solid og truverdig person. Det er ikkje alltid manus og skodespel treff blink, men for det aller meste er han ein fyr det går an å like, og spesielt samspelet mellom han og kameraten Reyn er glimrande. Det er eigentleg her den store styrka i karakterbygginga ligg. Dynamikken og kjemien mellom dei forskjellige hovudpersonane er glimrande, og dette betyr utruleg mykje for historia.

Triveleg nok kan denne kjemien få meir å seie. Personane som kan vere med i gruppa di byggjer gradvis opp forhold til kvarandre basert på forskjellige ting du gjer i spelet. Etter kvart som dei likar kvarandre nok kan du få sjå diverse personlege hendingar mellom to og to personar rundt omkring i verda. Ein meir praktisk funksjon er at desto betre to personar likar kvarandre vil dei samarbeide mykje betre om å laga krystallar i spelet vesle smie. Denne smia let deg brukar forskjellige edle steinar du sankar saman rundt omkring i verda til å lage enda edlare steinar du kan setje på våpen og utstyr for å få forskjellige bonusar.

Kampsystemet er noko av det beste eg har sett.

Konklusjon

Det er forferdeleg å skulle skrive om Xenoblade Chronicles. Det er så mykje eg skulle sagt, og den plassen eg har til disposisjon er som ei trong tvangstrøye. Xenoblade Chronicles er eit spel som pustar uhorvelege mengder nytt liv inn i ein sjanger som ikkje gjer det så bra for tida. Det er eit makelaust spel som berre gir, og gir, og gir til du lurer på om det verkeleg kan bli betre, før det gir litt meir.

Spelet er så mektig og herleg at det er vanskeleg å sjå noko negativt, og det er heller ikkje mykje å finne. Balansen kunne kanskje ha vore litt betre sidan du lett kan bli veldig kraftig i forhold til fiendane, og nokre oppdrag er som å leite etter ein oase i ein ørken når du er både døv og blind. Men det går over. Det er ikkje mykje å reagere på, og dei tinga ein skulle mislike forsvinn.

Det du sit igjen med er eit fantastisk eventyr med eksepsjonelle mengder sjarme og engasjement. Du blir glad i spelet. Du blir glad i karakterane, og du blir så glad i verda at du gjerne brukar ein time eller to berre på å springe gjennom nokre område på jakt etter ei blome.

Grunna låge salsforventningar blei det trykka få kopiar og spelet er ikkje lett å få tak i før Nintendo får fyllt opp hyllene, men gjer deg sjølv og alle andre ei teneste likevel. Spring til næraste butikk, og be dei om å få inn Xenoblade Chronicles. Vent i spaning på å få det, spel det, elsk det, og fortel alle andre om det. Dette er ei perle så viktig at det ville vere ei alvorleg skam å la det forsvinne i det stille.

Siste fra forsiden