Xenoblade-studioet med nytt Wii U-spel

Enorme område og massive beist i fersk trailer.

Onsdagens Nintendo Direct-konferanse blei avsluttea med eit brak. I ein kort trailer heilt på tampen av den 30 minuttar lange konferansen, viste Monolith Soft hva dei jobbar med for Wii U. Monolith Soft er studioet bak 2011-rollespelet Xenobade Chronicles som hausta svært gode anmeldelsar verda rundt – også her på Gamer.no.

I traileren får vi sjå ein krigar med sverd på ryggen som spring rundt i det som ser ut til å vere ei enorm verd. Monolith Soft demonstrerte at dei kan presse svært mykje ut av maskinvare med dei langstrakte landskapa i Xenoblade Chronicles, og med dette nye spelet ser dei ut til å ta dette mange hakk lengre. Ikkje berre ser verda ut til å vere stor, men vi i traileren får vi sjå mange massive skapningar og monster som heltefiguren og fleire andre krigarar kjempar mot.

Utover i traileren får vi i tillegg sjå det som ser ut til å vere mech-robotar spelarane kan bruke både til å fly over lengre strekningar, samt krige mot fiendar.

Dramatiske landskap er i ferd med å bli Monolith Soft sitt varemerke.
Dramatiske landskap er i ferd med å bli Monolith Soft sitt varemerke.

Noko av det mest interessante med traileren er derimot detaljane som blir avslørt gjennom brukargrensesnittet. For det første ser vi fleire ikon på nedre del av skjermen som minnar mykje om oppsettet i Xenoblade Chronicles. Dette, samt den store X-en som viser seg på slutten av traileren, hintar sterkt om at vi snakkar om ein oppfølgjar til det flotte rollespelet.

Ved sidan av dette kan vi tidleg i traileren sjå det som minnar svært mykje om dialogboksane vi finn i MMO-spel. Samtidig kan vi litt lengre opp sjå felt som viser «Player 1», «Player 2» og «Player 3». Mykje tydar med andre ord på at dette ikkje blir eit rollespel utelukkande laga for den einsame vandrar. Om dette betyr at det nye spelet er eit rollespel med valfrie fleirspelarelement i Monster Hunter-stil, eller om det er Nintendo sitt eige MMO-prosjekt er det derimot for tidleg å seie.

Traileren kan du i alle fall sjå nedanfor.

Seriekollisjon

Det nye spelet frå Monolith Soft var ikkje det einaste Nintendo hadde å freiste rollespelentusiastane med i dag. I ein mannsalder har Nintendo gjort solid suksess med sin Fire Emblem-serie. I desse taktiske rollespela samlar du inn ei gruppe krigarar som alle har sine unike styrker og svakheiter før du sender dei i kamp mot fiendar på eit rutenett. Det spesielle med akkurat denne serien er at om ein av krigarane dine døyr, er han eller ho borte for alltid.

I dag kunngjorde Nintendo at dei vil gjere noko heilt nytt med Fire Emblem-serien. Saman med rollespelekspertane i Atlus vil Fire Emblem-studioet Intelligent Systems lage eit crossover-spel basert på Fire Emblem- og Shin Megami Tensei-seriane.

Meir enn at det får namnet Shin Megami Tensei X Fire Emblem veit vi enno ikkje. Verken sjanger eller kven som styrer utviklinga blei nemnt. Med tanke på seriane dette nye spelet baserer seg på, er det derimot nærliggjande å tru det blir eit temmeleg taktisk rollespel. Sidan dagens Nintendo Direct-konferanse utelukkande handla om Wii U, veit vi òg at det blir eit spel for den store skjermen.

Les også: Nintendo vil finne opp Zelda-formelen på nytt
Les også: Nå får Yoshi sitt eget Wii U-spill

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen