Anmeldelse

You're in the Movies

Film på tomgang

Det er ganske mykje som skal klaffe for å få eit spel som You're in the Movies til å fungere.

You're in the Movies er i utgangspunktet eit ganske tøft konsept. Gjennom ein serie oppgåver, får du først filma deg sjølv, før det heile blir putta inn i ein liten kortfilm. Potensialet for eksepsjonelle latterkrampar er både til å ta og føle på, men fallgropa er minst like stor. Om eit spel som dette ikkje fungerer, blir det klamt, flaut og teit. På merkeleg vis har You’re in the Movies prestert å få til det positive og det negative samtidig.

Utgangspunktet er veldig enkelt. Med spelet får du Microsoft sitt eige Vision Camera, og med dette skal du prøve å snekre saman noko du kan ha det moro med å sjå på i etterkant.

Problema står likevel i kø, for kameraet til Microsoft er mildt sagt elendig, og når ikkje Sony sitt eldgamle Eyetoy til kneskålene ein gong. Før du går i gang må du omarrangere heile rommet slik at bakgrunnen er nøytral. Du må sørge for å ha nok lys til at kameraet faktisk får med seg kva som skjer, og du må passe på at ingen går i klede som liknar på bakgrunnen. Alt dette er veldig vanskeleg å gjere perfekt, og du kan vere heilt sikker på at resultatet av manglande perfeksjon, blir fleire filmar plaga av at du har store hol i armar og bein. Mine først prosjekt blei til dømes totalt øydelagd av at heile hovudet mitt forsvann.

Som eit dårleg webcam

Kjem du deg omsider heilskinna gjennom startfasen, er det likevel ikkje slutt på problema. Kameraet er som sagt ikkje topp kvalitet, og du vil ende opp med opptak som er forferdeleg uskarpe og kornete. Resultatet er om lag det ein kan forvente frå eit billig webkamera. Det er ikkje godt nok for eit spel du skal betale full pris for.

I praktisk utføring er You’re in the Movies lagt opp på om lag same måte som dei aller første Eyetoy-spela. Den største forskjellen er at dei spela hadde mykje meir variasjon. I You’re in the Movies gjentar du generelt sett dei same få rørslene kvar gong, og dette blir litt kjedeleg etter ei stund.

Kvar av dei maksimalt fire spelarane får si eiga rolle i filmen, og må etter tur framfor kameraet for å gjere det han eller ho får beskjed om. Når du står framfor kameraet, og TV-en, vil du sjå deg sjølv i sentrum for ei eller anna utfordring. Dette kan vere å prøve å bokse nokre plater medan du dukkar unna bommar, slå cowboyar frå taket på eit tog, springe ein liten maraton, eller andre ting som aldri bryt stort med det eg allereie har nemnt. Det einaste som skil seg ut litt, er når du får beskjed av instruktørstemma om at du må vise forskjellige kjensler og ansiktsuttrykk framfor kameraet.

Det er veldig moro dei første gangane, og den fysiske biten i å faktisk gjere det du får beskjed om, er ganske underhaldande. Folk ler og kosar seg av å få sjå kvarandre gjere tullete ting. Ikkje fullt så moro blir det når ein må vente lenge på tur. Med fire spelarar blir det ein del dødtid medan du ventar på å levere ein fantastisk skodespelarprestasjon, sjølv om noko av denne blir glatta ut av å sjå venene dine drite seg ut.

Berre for fire

Eit av You’re in the Movies' største problem er at det er eit spel som utelukka er laga for fire spelarar. Du kan velje å vere færre, men måten spelet handterar dette på, er ganske tåpeleg. Alle filmane i spelet er laga med fire roller i tankane, og om du ikkje har fire spelarar, vil dei resterande rollene bli fylt inn av spelets eigne skodespelarar. Dette gir enkelt og greit ikkje meining. Heile poenget med You’re in the Movies, er å sjå seg sjølv og venene sine i forskjellige roller. Når det brått dukkar opp heilt ukjende ansikt i filmen din, mistar den all sjarm. Når ein ser gjennom filmen, ler folk av seg sjølv og venene sine, men blir dørgande stille så snart dei framande ansikta dukkar opp.

Dette er ikkje så rart, for You’re in the Movies er eit sosialt spel som handlar om å gjere noko moro med vener. Å putte inn nokre ukjende skodespelarar tilføyer ikkje spelet noko positivt på nokon måte.

Ein alternativ måte å gjere dette på, hadde vore om utviklarane hadde kjøpt inn rettane til allereie eksisterande filmar, slik at du kunne ta over roller i kjende filmar. Å sjå seg sjølv side om side med ein eller anna fullstendig ukjend person er ikkje underhaldning, men om du står side om side med til dømes Jack Nickolson, burde potensialet for artige filmar bli ganske stort. Dette er sjølvsagt berre ønsketenking, men det er like fullt eit godt døme på kva utviklarane hos Zöe Mode kunne ha gjort.

Halvgodt resultat

Om du har fullt hus og ikkje har noko problem med å fylle dei fire rollene kvar film byr på, kjem du til å ha det ganske moro. Filmane er veldig inspirerte av gamle filmar frå 50-talet, og brukar litt uskarpe bilete, svart kvitt, og nokre tidvis herlege trailer-stemmer for å få opp stemninga. Det blir ganske artig, og du veit aldri kva du endar opp med før du endeleg får sjå filmen. Eit av mine største augneblink i spelet, var då eg gjennom innspelingsfasen fekk beskjed om å sjå vond ut. I den ferdige filmen var eg eit enormt beist på storleik med ein skyskrapar, omfamna av raude flammar.

Det er slike augeblikk som gjer You’re in the Movies verdt det. Du har det moro saman med vener når du spelar inn, og du får eit resultat du kan le godt av. Filmane du lagar er berre for korte trailerar å rekne, og det blir såleis mykje innsats for veldig lite, utan at det blir noko problem. Det er uansett klart at om du skulle ha lengre filmar, ville det vere like mykje innsats, for like lite.

Problemet med spelet etter at alt det tekniske er ute av vegen, er at kvar film er moro å spele inn maksimalt ein gong. Har du sett filmen ein gong, har du sett den hundre, og difor er det absolutt ingenting i spelet som motiverer deg til å gjenta ein film. Samtidig blir du etter kvart lei av å gjere stort sett dei same rørslene om igjen. Det er moro medan det heile er nytt og friskt, men det døyr veldig kjapt.

Ein av dei betre modusane i You’re in the Movies er redigeringsstudioet. Her kan du skru saman din eigen film ved å velje og vrake i klipp og lyd. Dette òg er noko som er moro ei stund, men som med resten av spelet er det ikkje interessant særleg lenge.

Konklusjon

You’re in the Movies er eit spel som på papiret høyrest ganske festleg ut. Putt deg sjølv inn i ein film, og le av det etterpå. Dette blir likevel ikkje heilt riktig. Det er ingen reelle filmar her, berre tretti fiktive filmtrailerar, og det blir ikkje interessant nok i lengda.

Problema er mange, og først og fremst frå eit teknisk perspektiv. Kameraet er dårleg, og gjer det vanskeleg å få brukbare bilete til filmane dine. You’re in the Movies endar opp som eit spel som er moro først og fremst når du ser venene dine drite seg ut med forskjellige oppgåver. Det kan samtidig vere vanvittig moro å sjå seg sjølv i ei liten film, om dei forskjellige skodespelarane har gjort ein god innsats, men det varer ikkje lenge nok.

Siste fra forsiden