Zelda-klassikar får oppfølgjar

Om A Link to the Past står høgt i kurs hos deg, blir det ein varm vinter.

Nintendo har vore stabile i å gi oss det eine herlege Zelda-spelet etter det andre. I seinare år har dei i tillegg henta fram igjen gamle klassikarar på ny. I fjor kom The Legend of Zelda: Ocarina of Time i ein oppgradert versjon til 3DS, og tidlegare i år kunne Nintendo fortelje oss at The Legend of Zelda: The Wind Waker vil få eit ansiktsløft på Wii U.

For mange er ei av dei verkeleg store Zelda-perlene Super Nintendo-spelet A Link to the Past. I dag har Nintendo i ei Nintendo Direct-sending fortalt at dei aktar å vende tilbake til dette universet. Dette blir derimot ikkje ein ny versjon av den gamle klassikaren, men heller eit heilt nytt spel i den same verda.

Slik såg The Legend of Zelda ut før i tida.
Slik såg The Legend of Zelda ut før i tida.

Det nye spelet har ikkje fått noko namn enno, men vil kome til 3DS før året er omme. I spelet møter vi igjen naturlegvis Link, og det i ein grafisk stil som gjer sitt beste for å etterlikne den lett gjenkjennelege stilen frå A Link to the Past. Historia blir heilt ny, og vi vil reise til mange nye grotter og område.

Sidan dette er eit 3DS-spel vil spelet kome med mange nye funksjonar som aldri var moglege i A Link to the Past. Blant anna vil utviklarane nytte seg av 3D-skjermen for å lage gameplay basert på høgdeforskjellar. Nøyaktig kva som vil gjere høgdeforskjellane i dette spelet ulikt høgdeforskjellane i alle andre spel bygde opp av polygonar har derimot ikkje Nintendo gått i detalj på. Ein av dei mest interessante tinga du kan gjere i dette spelet er derimot å gjere deg om til ei teikning for å flytte deg langs veggar.

Ein 3D-video er tilgjengeleg på eShop no, men om du ikkje har ein 3DS kan du sjå dei første glimta frå det nye spelet i videoen nedanfor.

Les også: Tilbakeblikk: The Legend of Zelda: The Wind Waker
Les også: Nintendo er skuffet over Wii U-salget

Kommentarer (20)

Forsiden akkurat nå

Til toppen