Zelda-klassikar relanserast om ein månad

Majora's Mask har fått lanseringsdato på 3DS.

Under ei Nintendo Direct-sending i november avslørte Nintendo at dei ville følgje opp suksessen med The Legend of Zelda: Ocarina of Time 3DS med å lage ein 3DS-versjon av The Legend of Zelda: Majora's Mask.

I dagens Nintendo Direct-sending kunne Nintendo fortelje at spelet ville bli tilgjengeleg mykje tidlegare enn mange sannsynlegvis venta seg. Allereie 13. februar kan du oppleve Zelda-klassikaren på ny. Med dette blir Majora's Mask 3DS lansert same dag som Nintendos nye 3DS-revisjon New Nintendo 3DS blir lansert.

Forbetra versjon

Gamle eventyr i ny drakt.

Som med Ocarina of Time kan vi i Majora's Mask vente oss eit spel med nokre merkbare endringar i forhold til originalversjonen. Først og fremst vil dette bli tydeleg gjennom langt penare grafikk, men spelet vil òg dra nytte av 3DS-spesifikke funksjonar.

Som i Ocarina of Time vil du kunne dra nytte av gyroskopet for å sjå rundt deg. Om du kjøper ein New Nintendo 3DS for spelet kan du i tillegg endre synsvinkel ved å vri på hovudet, samt bruke konsollens nye C-stikke for å sjå rundt deg.

Ved sidan av dette har Nintendo inkludert fisking i denne versjonen av Majora's Mask. I tillegg har dei fiksa på minst ein sjefskamp for å gjere den meir handterleg.

The Legend of Zelda: Majora's Mask er blant mange rekna som eit av dei aller beste Zelda-spela. Om Nintendo 3DS-versjonen blir like god som Nintendo 3DS-versjonen av Ocarina of Time, gjenstår å sjå. Det spelet fekk full pott her hos oss.

Siste fra forsiden