Zelda møter Dark Souls i Little Devil Inside

Ambisiøst eventyrspel vil setje fokus på alle delar av ein eventyrars liv.

Neostream

Det manglar ikkje på ambisiøse utviklarar som lovar gull og grøne skogar når dei tyr til Kickstarter for å finansiere draumane sine. Eit av dei mest spanande akkurat no er eventyrspelet Little Devil Inside. Her skal du ikkje berre leggje ut på tokt for å ta diverse monster av dage, men òg ta føre deg andre bitar av livet til ein eventyrar.

I Little Devil Inside spelar du ein eventyrar som jobbar for ein rik professor som studerer uvanlege fenomen og aktivitetar for å utvikle ny teknologi. Din jobb blir å leggje ut på farlege oppdrag for å finne informasjon eller gjenstandar professoren kan bruke i arbeidet sitt.

Farlege beist luskar i skogane.

Dette betyr sjølvsagt at kamp blir eit viktig element i spelet, men utviklarane legg stor vekt på at dette berre er ein del av spelet. Etter ein ekspedisjon reiser du tilbake til heimstaden din, får kvilt ut, og må planleggje neste reise. Ting som vêrforhold og detaljar om regionen blir viktige for å velje riktig utstyr for ei reise.

Som ei lang reise

Utviklarane fortel vidare at eit av måla med spelet er at det heile skal vere som ei lang reise. Du får ta del i alle delar av denne. Når du skal til ein stad langt borte vil du kanskje setje deg i eit køyrety eller eit tog, og på reisa til destinasjonen din kan ting skje. Du kan møte på folk som sender deg ut på nye eventyr, eller du kan bli angripen, noko som vil tvinge deg til å avbryte reisa til trugselen er handtert.

Sjølv heltar må kvile.

Kampane i spelet skal vere dynamiske i den forstand at spelet vil tilpasse seg om du møter ein eller fleire fiendar, samt kampanimasjonar som tilpassar seg situasjonen.

Ved sidan av å by på eit interessant spelmekanisk konsept, byr Little Devil Inside på ein særeigen visuell stil med stiliserte og til dels geometriske figurar.

Little Devil Inside har vore på Kickstarter i over ein månad no, og har nett nådd målet sitt på 250 000 australske dollar, med under tre dagar igjen av kampanjen. Når det blir ferdig er målet å lansere det på Steam, PlayStation 4 og Xbox One. Samlar dei inn nok pengar vil dei òg lage ein Wii U-versjon.

Nedanfor kan du sjå ein tidleg video av korleis kampane vil bli.

Siste fra forsiden