Zombie-trilogi på veg til PlayStation 4 og Xbox One

Zombie Army Trilogy sender oss til andre verdskrig for å jakte Hitler og zombiene hans.

Di daglege dose med zombieslakt er i ferd med å få seg ei solid oppgradering. Den britiske utviklaren Rebellion har i ei pressemelding avslørt at dei i løpet av årets første månader vil lansere Zombie Army Trilogy. Dette er ei samplepakke som byr på utviklarens tre zombiesidesprang til sin hakket meir kjende serie Sniper Elite.

Dei to første spela i serien har allereie vore lansert på PC, medan det tredje framleis er under utvikling. Dette blir første gong serien tek turen til konsoll, og Zombie Army Trilogy vil bli lansert på PlayStation 4, Xbox One og PC. Om du allereie har dei to føregåande spela i serien på PC, vil du ved å kjøpe Zombie Army Trilogy kunne oppgradere Zombie Army 1 og 2 til dei nye og oppussa versjonane Zombie Army Trilogy byr på.

Zombiejakt under andre verdskrig

Endelause rekker med pliktoppfølgjande zombier.
Endelause rekker med pliktoppfølgjande zombier.

I Zombie Army tek vi turen til Tyskland under andre verdskrig. Der har Adolf Hitler i eit desperat forsøk på å vinne krigen vekt døde soldatar til live igjen som zombier. Spela er bygde på Sniper Elite-formelen, og byr på det velkjende og populære røntgenkameraet som viser treffsikre skot på detaljert og groteskt vis.

Samarbeid for opp til fire spelarar har eit stort fokus i alle spela, og Rebellion fortel at du no vil få velje mellom heile åtte ulike personar, der fire er kvinner, og fire er menn. I tillegg til tre kampanjar, byr Zombie Army Trilogy på fem kart i ein Horde-modus der du skal overleve mot stadig nye bølgjer med zombier av ulike storleik.

Nokon dato har ikkje blitt sett for Zombie Army Trilogy heilt enno, utover at det skal lanserast tidleg i år.

Vi treng ikkje vente lenge på nye sjansar for å drepe zombier. Allereie i slutten av januar lanserast Dying Light, der ei stor og opa verd blir blanda med frispringingelement inspirerte av Mirror's Edge.

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen