Zombiespel frå Capcom-legende

Skaparen av Mega Man byr på zombieslakt i høgt tempo.

Mega Man-skapar Keihi Inafune har vore ein svært prominent kritikar av den japanske spelindustrien. Han har tidlegare sagt at den japanske industrien var så godt som død, og han valde til slutt å forlate sin posisjon i Capcom. Han har derimot ikkje tatt det med ro av den grunn. Tidlegare i år kunngjorde han Soul Sacrifice, eit actionspel til Vita der du må ofre eigne kroppsdelar for å mane fram kraftige våpen å piske dei ikkje fullt så underdanige demonfiendane med.

Litt makabert kanskje, men det makabre er på ingen måte noko nytt for mannen som var sterkt involvert i utviklinga av seriar som Onimusha og Dead Rising. Dei vandrande døde har tydelegvis ein sterk posisjon hos japanaren, og i følgje Gematsu har han følt eit ansvar for å lage eit nytt zombiespel. Dette spelet vil heite Yaiba, og vil i følgje Inafune by på alt han elskar. I samband med kunngjeringa har han nokre ord veldig hjartefølte ord han gjerne vil dele med tilhengjarane sine:

Ikkje akkurat Mega Man.

– Sidan min avskjed frå mitt tidlegare selskap i desember 2010 har eg tenkt mykje på korleis eg skal leve opp til folk sine forventningar som ein uavhengig spelutviklar. Kva forventar folk frå meg? Kva vil dei sjå meg gjere? Eitt og eit halvt år har gått sidan eg blei uavhengig, og eg har vore heldig nok til å kunne annonsere fleire prosjekt på vegen.

– Eg har kunngjort tre forbrukartitlar, og tre sosiale titlar. Eg har heldt taler ved forskjellige seminar, panel, universitet og skular. Eg har publisert tre bøker. Eg utfordrar meg framleis aggressivt på ulike arenaer. Men eg spurte meg sjølv «Har eg gjort alt?». Eg følte at noko mangla, det folk forventar mest frå meg.

– Folk spør: «Jobbar du med det?», «Når kjem det?».

– Forventninga er høgre i vesten, og den er klar; den er for mitt neste zombiespel. Det er tallause mengder zombiespel der ute, og likevel seier folk dei vil ha eit nytt Inafune-zombiespel. Eg er audmjuk og takknemleg for at folk ser på meg som ein zombieelskar. På grunn av det må eg svare på denne forventninga. Konseptet for dette spelet blei fødd kort tid etter at eg blei uavhengig. Eg vil ikkje spolere alt heilt enno, men eg håpar du vil kose deg med det nye spelet mitt som er stappfullt av ting eg elskar. Zombier, ninjaer, robotar og action. Det heiter Yaiba. Eg håpar du gler deg. Eg gjer.

Yaiba har tilsynelatande ingenting med mangaserien Yaiba å gjere. Nokon plattform eller lanseringsvindauge er så langt ikkje kjent, men du kan sjå den første, korte traileren nedanfor.

Les også: – Zombier er upopulært i Japan Les også: – Det er kvalitetsforskjell mellom øst og vest

Første trailer frå Yaiba.

Siste fra forsiden