Zombiespelet Dying Light droppar førre generasjon

Utviklarane får ikkje gjennomført planane sine på gammal maskinvare.

Om du enno ikkje har opgradert til PlayStation 4 eller Xbox One, og såg fram til å spele Dying Light, det komande zombiespelet frå Dead Island-skaparane Techland, har vi dårlege nyhende til deg. I ei fersk Facebook-oppdatering fortel utviklarane at versjonane til PlayStation 3 og Xbox 360 har blitt droppa.

Grunnen til dette er at teamet som lagar spelet har innsett at dei ikkje vil få til å lage det spelet dei vil på førre generasjon. Dei største problema utviklarane har møtt er å få alle elementa i spelet, det fysikkbaserte lyssystemet, samt den frie utforskinga til å fugere på godt vis med eldre konsollar. Difor valde utviklarane å lansere spelet utelukkande på plattformer som kan handtere visjonen deira.

«For at du skal kunne nyte den opplevinga vi vil gje deg, har vi valt å berre lansere spelet på plattformer der vi ikkje må inngå kompromiss. Takka vere dette vil du kunne få den fulle og heile opplevinga uahvengig av plattform», fortel utviklarane.

Mirror's Edge møter Dead Island

I Dying Light blir zombiene farlegare om natta.
I Dying Light blir zombiene farlegare om natta.

Dying Light blir utvikla av polske Techland som tidlegare har stått bak spel som zombieserien Dead Island, og westernspela i Call of Juarez-serien. Med Dying Light set dei deg inn i eit nytt zombieinferno, men du får bevege deg svært fritt, og spelet hentar inspirasjon frå blant anna Mirror's Edge. Ser det ut til at du kan klatre opp ein stad, kan du det.

Vi tok ein kikk på ein tidlegare versjon av spelet i fjor, og allereie då såg vi stort potensiale i spelet:

«Dying Light er eit veldig spanande prosjekt. Ved sidan av å vise kva neste generasjon maskinvare kan få til av vakre lyseffekter, byr det også på dynamiske og flytande springe-mekanikker. Det lovast at man skal kunne klatre på alt man kan nå opp til, og med smidige animasjonar, samt godt kamerabruk er dette ei sann fryd i praksis.»

Dying Light blir lansert for PlayStation 4, Xbox One og PC 30. januar.

Om du ikkje klarer å vente heilt til januar med å kverke zombier, kan du ta ein kikk på Dead Rising 3 som er ute på Xbox One og PC.

Kommentarer (9)

Forsiden akkurat nå

Til toppen