ZombiU blir beinhardt

Her er zombiespelet for deg som vil vise kva du er laga av.

Det rår liten tvil over kva som er det mest lovande og spanande lanseringsspelet til Wii U. ZombiU gjer noko kjent og brukt, og gjer noko veldig nytt og spanande med det. Ta ei katastroferamma verd, hell på nokre liter med vandrande lik, og tving spelaren til å sjå bort frå skjermen når han skal skifte våpen eller sjekke ryggsekken. Dette kan sjå ut til å vere alt som skal til for å revitalisere ein sjanger.

Panikk og stress kan lett gripe deg om du er sårbar, og dette ser ut til å kunne vere ei av spelets største styrker. Skulle du døy i kampen mot zombiene vil du heller ikkje starte frå eit sjekkpunkt, men ende opp i skoa til ein anna stakkar som prøvar å overleve zombieinfernoet. Denne nye person kan deretter ta opp kampen der den første måtte gi tapt.

Men no kan VG247 fortelje oss at dette berre gjeld den «lette» versjonen av spelet. Om du verkeleg har bein i nasa vil du prøve å kome gjennom heile spelet med berre eitt liv. Får du eit bitt som varar hakket for lenge er det over og ut, og du må starte heilt frå starten av.

Skjermbilete frå ZombiU.
Skjermbilete frå ZombiU.

Som eit nikk til Dark Souls kan du i tillegg hjelpe andre spelarar ved å leggje ut beskjedar og hint der det skulle passe seg. For å lese andres beskjedar må du bruke Wii U-skjermen til å skanne områda rundt deg, noko du elles gjer i spelet for å finne skjulte gjenstandar og liknande. Sjølv om tanken sikkert er god, skal du ikkje sjå bort i frå at ein og annan misantrop vil leggje ut beskjedar nettopp for å sende deg i grava, så det er nok best å trå varsamt.

For ein grundigare kikk på dette spanande skrekkeventyret kan du lese Gamer.nos inntrykk frå E3-messa, der vi blant anna hadde dette å seie:

– Då eg såg ZombiU på Nintendos pressekonferanse tenkte eg ikkje stort meir enn at det siste vi treng no er enda eit spel om zombier. Akkurat den tanken står framleis ved lag, men etter å ha brukt litt tid på ZombiU ser eg definitivt at dette er eit lovande spel. Å måtte skifte blikket mellom dei to skjermane skapar ei heilt unik stemning som tvingar fram det ubehaget dei fleste zombiespel prøvar å oppnå. Det er intenst, spanande og tidvis ganske ubehageleg.

Les også: Vi har prøvd Wii U
Les også: Er Wii U-datoen avslørt?

Kommentarer (8)

Forsiden akkurat nå

Til toppen