Zone of the Enders-oppfølgjar lagt på is

Kojima har oppløyst utviklarteamet og framtida er uviss.

For nesten eit år sidan kunngjorde Hideo Kojima frå Konami at arbeidet omsider var i gong med ein oppfølgjar til actionserien Zone of the Enders. I desse spela tek du på deg rolla som massive robotar som krigar i høgt tempo ute i rommet.

Oppfølgjaren såg ut til å by på noko ganske anna, og plasserte handlinga hos ein eldgammal sivilisasjon.

No kan det derimot sjå ut til at vi må vente noko lenger på ei revitalisering av serien, fortel Siliconera. I sin eigen radioblogg har Kojima sjølv fortalt at i kjølevatnet av ein del kritiske tilbakemeldingar på HD-utgåva av Zone of the Enders-spela, er utviklinga av det nye spelet lagt på is, og utviklarteamet oppløyst.

Etter lanseringa av Zone of the Enders HD Collection i haust fekk Konami ein del tilbakemeldingar som ikkje var av det positive slaget. Spelet hadde gått frå 30 bilete i sekundet til 60, og dette var for erfarne spelarar alt anna ein positivt sidan dei merka tydeleg hakking i spelet.

Dette fekk Kojima til å setje teamet sitt i gong med å omprogrammere heile spelet, og vil gjere endringane tilgjengelege i ei oppdatering for PlayStation 3-versjonen. Om og når oppdateringa kjem til Europa vitast ikkje enno, og det er heller ikkje sikkert Xbox 360-versjonen blir oppdatert.

Sjølv om det no ser mørkt ut for eit nytt Zone of the Enders-spel er ikkje alt håp ute. Kojima fortel han vil høyre om folk har lyst på eit nytt spel, og om du er ein av dei som kan svare ja på det, kan du alltids sende ei Twitter-melding til Kojima.

Les også: Kojima føreslår pilotepisodar for spel Les også: Metal Gear rising får ekstrainnhald

Siste fra forsiden