Artikkelarkiv
- Anmeldelse (319)
- Feature (27)
- Førsteinntrykk (10)
- Intervju (9)
- Kommentar (7)
- Nyhet (131)
- Refleksjon (2)
- Sniktitt (121)
- Action (269)
- Eventyr (52)
- Festspill (11)
- Gåteløsning (17)
- Massivt online (10)
- Musikk/rytme (3)
- Plattform (20)
- Racing (23)
- Rollespill (108)
- Simulator (16)
- Slåssing (24)
- Sport (20)
- Strategi (34)
- Taktisk (18)
Øystein Furevik
Eg har god erfaring med å skrive profiltekstar. Den lærdom eg har opparbeida meg med slike ting har først og fremst lært meg ein ting: Eg likar verkeleg ikkje å skrive profiltekstar. Eg likar strengt tatt ikkje å skrive om meg sjølv. Eg likar ikkje å presentere meg sjølv, eg likar ikkje å invitere folk inn i min personlege sfære på denne måten.
Mine profiltekstar på forskjellige sider har difor krympa ned til færre og færre ord heilt til eg til slutt enda opp med ein variasjon av denne strofa: "Om alt du har å seie er "Hei :)", kan du seie hei til nokon andre enn meg.
Sjølv om eg ikkje likar å skrive eller snakke om kven eg er, hindrar ikkje det meg frå å snakke om ting. Eg har mange meiningar, og desse meiningane har svært vanskeleg for å forbli usagde om eit tema som engasjerer meg skulle dukke opp. Samtidig har eg ein tendens til å bli veldig engasjert, noko som får volumet på stemma mi til å stige. Dette får folk til å tru eg er sint, men det er ikkje tilfelle. I staden blir folk til slutt sinte på meg fordi eg sjeldan gir meg.
I jobbsamanheng likar eg gjerne det som ikkje nødvendigvis er mest populært. Eg har jobba her sidan 2002, og i løpet av den tida har det blitt ekstremt mange spel. Eg likar det meste, men om eg skal velje frå øvste hylle, då blir det gjerne noko anna enn det siste skytespelet sett til ei "aktuell" konflikt. Gjerne noko frå Japan, det er ikkje så mange grå og brune spel frå Japan, og det gjer meg glad. Samtidig tek eg heller ein deppa fyr med kult hår enn enda ein steroidemann med stygt eller lite hår.
Utover det er eg notorisk pasifist, et ikkje kjøt, juicar salat, lagar melankolsk rock (sjekk ut facebook.com/thedeadbirdsmusic), og håpar det ein vakker dag kjem eit spel som handlar om å klemme tre.
Eg er glad i tre.
Min blogg
Reisebrev: GDC 2012, dag 4
Kroppen seier nei, men magen seier alltid ja.
Kjære dagbok, det mest spanande som har hendt i dag var då eg skulle ta heisen ned frå 17 etasje i fasjonable St. Regis Hotel i fagre San Francisco by. Eg blei møtt av den over gjennomsnittet kraftige parfymelukta frå ei over gjennomsnittet vakker dame som sakte, men sikkert klatrar seg sin veg mot 40 unge år. Ho stod og sminka seg i spegelen i heisen, og smilte mot meg då eg kom inn.
– Skal du sminke deg i heisen du òg, spurte ho, før ho blunka forførande og sakte min retning.
– Eg har vurdert det ja, parerte eg, og blei møtt av eit smil som signaliserte at den sannsynlegvis over gjennomsnittet rike kvinna aksepterte min etter forholda godt utvikla sjølvironi.
Den noko lada seansen blei derimot brått avbroten då heisen stogga opp og ein liten bataljon med japanarar pressa seg inn i heisen slik berre japanarar kan. Altså, dei kjem seg inn, men dei gjer det samtidig som dei bukkar, nikkar, smilar og seier «so sowwy, so sowwy». Om ikkje anna så veit eg no korleis det er å vere nordmann i Japan, der du eine og aleine ragar eitt eller to hovud over alle andre, medan du prøvar å finne ein trygg plass for henda dine slik at dei ikkje kjem bort i noko. Du veit jo aldri kva som finnest i den høgda når hovuda knapt når deg til brystkassa.
Tung pust
Dette har vore ein usedvanleg tung dag. Eg er stygt redd for at den forferdelege overgangen frå Noreg til San Francsico har gjort grundig negativt arbeid på både meg og Lasse. For mine eigen del har eg aldri vore så jetlagga i heile mitt liv, og det gjer det veldig vanskeleg å jobbe, fokusere, og ikkje minst forstå kva som blir sagt når diverse bransjefolk står på eit podium og langar ut om sine erfaringar og synspunkt.
Er du allereie tung i kroppen og har kjensla av at immunforsvaret syng på siste verset, er eit forferdeleg varmt lokale med tørr og ekkel luft det siste du treng. Men det er altså dette vi brukar dagane på. Eg har ei uggen kjensle av at eg går og bryggjer på noko meir enn berre hetetokter og lett desorientasjon. Eg blir ikkje overraska om eg ein av dei næraste dagane vaknar ute av stand til å kome meg ut av senga, men den tid den sorg.
Ein annan og potensiell konsekvens av søvngamangelen er ein heilt absurd apetitt. Om dette er kroppens forsøk på å kompensere for det den tapar frå søvnmangel, ved å ta det inn gjennom føde veit eg ikkje, men eg er konstant svolten. Det kan sjølvsagt ha noko med at det er svært mykje god, billeg og uhyre lett tilgjengeleg mat her, men det høyrest mindre dramatisk ut.
Matprat
Eg veit alt for lite om kva Lasse har gjort på i dag, men akkurat no ligg han og skriv, og eg er alt for oppslukt av den 19 minuttar lange gromlåta Totem & Tabu av det fabelaktige sveitsiske bandet Leech til å dra ut øyreproppane frå øyra for å snakke med fyren. Det får meg forresten over på noko heilt anna. Kva er det eigentleg som får folk til å bruke lite pengar på lyd? Hatar dei musikk? Hatar dei gode opplevingar? Hatar dei seg sjølve? Eg ser folk kome med sine Koss-headset til 500 kroner og eg får lyst til å grine på deira vegne. Dei veit jo ikkje betre stakkarane, men likevel.
Uansett, overskrifta for denne delen av dagbokinnlegget mitt heiter Matprat, og det er ein grunn til det, for no har vi kome fram til dagens (sannsynlegvis) siste måltid.
Vi var ein tur på Loving Hut, men då eg stod i kø der merka eg at eg eigentleg ikkje var svolten, så eg lot det vere med nokre vårrullar som for ordens skuld var heilt nydelege.
Vi tusla kjapt vår veg mot hotellet der vi enda opp med å gå forbi ein trommis. Ja, ein trommis. På gata. Eg tenkte med meg, og sa til Lasse kort tid etterpå, at om ein har råd til eit trommesett, så veit eg ikkje om gata nødvendigvis er den første plassen eg hadde sett meg ned. Men det gjorde i alle fall denne fyren, og han var flink. Kvifor han ikkje spelte i eit dundrande post-rock band i staden for å mane fram stødige rytmar på gata rett ovanfor San Francisco Center ein tidleg kveld i mars anar ikkje eg, men han fekk no i det minste nokre dollar i tips.
Turen bar vidare mot ei burgersjappe som utelukkande køyrer fersk vare. Slikt likar vi, så vi tok turen inn. Heldigvis for meg hadde dei eit vegansk alternativ til alle dei feittosande og kreftframkallande gjenstandane på menyen, så eg enda opp med ein veggisburger og nokre svært velsmakande rivne poteter.
Eg vil tørre å påstå at både eg og Lasse var sånn greitt over gjennomsnittet nøgde med burgerane våre, men det var først og fremst pommes fritten som gav klar beskjed til smakslaukane våre om at dette, dette var godsaker.
Det var nok alt for i dag kjære dagbok, no må eg slutte å bruke opp tida mi på deg slik at eg kan finne ut korleis eg skal kome meg gjennom morgondagen som ingenting anna enn ein helt.
God natt.
– Øystein Furevik
Reisebrev: GDC 2012, dag 2
I dag har vi lært korleis vi skal endre verda til det betre.
Vi har vore på fest! Sånn skikkeleg nerdedustefest der alkoholen flyt fritt slik at journalistane forhåpentlegvis sluttar å stille kritiske spørsmål. Ein slik fest der det er minst tretti mann for kvar dame, og ein slik fest der volumet er skrudd ned for å la nerdane preike nerdepreik og ingen på noko tidspunkt vurderer å danse.
Det er slike festar vi likar her i garden.
Nei, det gjer vi eigentleg ikkje, så lat oss gå forbi EA sin invitasjon til fasjonable The Grand Nightclub ganske så lett på tå, og heller spole tida ein time eller to tilbake til hotellet W, der vi fekk ein rimeleg interessant seanse med ingen ringare enn regissøren av An Inconvenient Truth, Davis Guggenheim, Twitter-gründer Biz Stone, og Scott Harrison, grunnleggjaren av den veldedige organisasjonen Charity: Water.
Kva gjer desse tre og ganske ulike personane under eitt tak på ein og same kveld? Vel, EA kunne i kveld kunngjere det vi eigentleg har visst i ei stund; eit nytt Sim City er på veg. I den samanheng hadde dei invitert den noko malplasserte ordstyraren Tal Blevins frå IGN til å intervjue tre personar som alle har fått mykje å seie for verda slik den er i dag. Guggenheim var uhyre viktig i å setje global oppvarming, Stone har vore delaktig i eit system som blant anna blei flittig brukt 22. juli, og Harrison har samla inn fleirfaldige millionar dollar for å skaffe vatn i områda ramma av tørke og svolt.
Så igjen stiller du deg kanskje spørsmålet, kvifor? Vel, det nye Sim City handlar tydelegvis på sett og vis om å endre verda. Og som fleire av intervjuobjekta i kveld var inne på, om eit barn kan sitje der framfor PC-en sin og sjå at ved å presse ut nokre kolkraftverk for rask energi, vil han eller ho etter kvart sjå at dette får langsiktige konsekvensar, noko ein seinare kanskje kan ta med seg i livet når ein ser spelet bli reflektert i røynda.
EA og utviklarane hos Maxis set med andre ord lista ganske høgt for kva dei vil oppnå med Sim City, og det er sannsynlegvis difor dei har valt å annonsere det i samanheng med Games for Change-konseptet. Ei rørsle som vil at spel skal ha ei større rolle i korleis vi formidlar viktige bodskap og idear til folk for å kunne skape ei betre verd.
Tid for kjærleik
Dette var derimot ikkje første gong eg kom i kontakt med Games for Change i dag. Min første stopp for dagen var eit lite panel med engasjerte sjeler som i sterk likskap med meg var forferdeleg lei av at nesten alle spel som får litt merksemd handlar om å aggressivt ta knekken på ein fiende. I staden vil dei finne ut korleis spel kan utvikle seg om konseptet endrar seg frå å handle om krig, til å handle om kjærleik.
No tenkjer du kanskje at det sit ein gjeng med romantikarar med roser mellom tenna og rosa fletter i håret og skriv manus til diverse sjekkesimulatorar, men dette er omlag så langt frå sanninga som ein kan kome. Dei forskjellige konsepta den vesle gjengen hadde å by på var både overraskande og kreative, og fekk i det minste denne skrotten til å sjå eit hittil ukjent potensiale i spelmediet. Men det skal du få lese meir om seinare.
Dårleg kommunikasjon
Eg har ikkje heilt oversikt over kva Lasse eigentleg har gjort på i dag, bortsett frå at han har fått seg eit alt for langt tresverd hos Paradox. Eg fekk ikkje lov til å ta bilete av han med det – i kveld vel og merke – så diverre blir dette klenodiumet forbigått i det mørke enn så lenge.
Sidan eg veit så lite om Lasse sine aktivitetar i dag betyr det som du kanskje skjønar at eg tragisk nok veit alt for lite om kva kreftframkallande giftstoff han har stappa inn i den stakkars kroppen sin. Alt eg veit er at det enda opp med Subway til både frukost og sein kveldsmat, men utover det har eg ikkje mykje å tilføye.
For min eigen del har eg hatt ein fornøyeleg dag når det kjem til ernæring. Starta med ein lekker fot frå Subway stappa full av grøn og raud glede, før eg seinare på dagen plukka med meg ein ekstremt grøn tortilla frå messeområdet (til og med lefsa var grøn). Høgdepunktet kom derimot då eg igjen venda turen mot Loving Hut, og bestilte meg eit herremåltid utan like. I eit digert fat fann eg rikelege mengder med spirar, salat, nudlar og soyaprotein, i tillegg til nokre vårrullar som fekk meg til å lure på korleis det eigentleg er mogleg å ete noko anna.
I tillegg til dette var eg frekk nok til å leggje meg ned i den lekre hagen rett ved messeområdet for ein liten kvil etter maten. Der fekk eg slikka litt sol og opparbeida ein lett rosa farge i trynet, samtidig som eg fekk studert dagens program i enda større detalj enn eg allereie hadde gjort.
Konklusjonen min var eigentleg rimeleg grei. Eg gler meg til i morgon. For det er først då dei skikkelege avtalene mine startar, og det er først då messa byrjar å by på meir enn nokre yttarst få foredrag som er av interesse for andre en utviklarar som vil ha djuptgåande detaljar på minimum bachelor-nivå. Klart dei snakkar om spel her nede, men det har for det meste vore av ein så teknisk natur at eg ikkje ser på meg sjølv som fagleg kompetent nok til å kunne vidareformidle temaet utan potensielt svært store hol i teksten.
Nei, no er det tid for litt søvn, mykje skal gjerast i morgon, og kroppen fortel meg at det eigentleg er svært tidleg morgon sjølv om klokka viser sein kveld.
– Øystein Furevik
Reisebrev: GDC 2012, dag 0
Etter alt for mange timar på reisefot er vi omsider på plass i San Francisco.
Vi i Gamer.no har i dei siste åra vore stadig flinkare til å omfamne optimismen og det positive ved å vere på messer. Dette blei gjort som ein respons på lesarane sin stadig meir intense kritikk av våre litt negative tankar om livet på messegolvet. Det må seiast at desse tankane stort sett har funne sitt utspring i våre eventyr i Tyskland, men jamt over er vi klare over at vi er privilegerte for å vere på desse snasne turane.
I dag har eg derimot liten grunn til å vere positiv, og kjem difor ikkje til å vere det heller i meir enn særs lita grad. Grunnen er såre enkel. Messa har ikkje starta enno, og alt eg og Lasse eigentleg har gjort er å sitte som illeluktande sild i opp til fleire ugne tønner i alt for mange timar.
Adjø vestland
For min eigen del starta turen som den ofte gjer med ein buss frå vestlandsmetropolen Førde. Bortsett frå ein sandstorm i Stryn rundt omkring kl. 23.00 laurdag kveld var dette nokre ganske uinspirerande timar. Det var ikkje før eg møtte Lasse på Gardermoen søndag morgon at ting byrja å skje. Eller, det var ikkje før omlag åtte eller ni timar etter at vi hadde letta frå Gardermoen at ting byrja å skje, om eg skal vere heilt ærleg. Å sitje ukomfortabelt så lenge (gongar to sidan eg allereie hadde unnagjort ein uggen busstur), er jo eit kapittel i seg sjølv, men du må forstå kjære lesar, eventyret byrjar ikkje før du har landa i uniten.
Vi har mellomlanda i New York, og det var her eventyret for alvor starta då Lasse innsåg at han mangla noko som gjerne er kjekt å ha på ein tur til utlandet: Lommeboka. At denne oppdaginga skjedde midt inne i det som utan å overdrive må kunne kallast den lengste og verste passkontrollkøa i manns minne gjorde ikkje ting betre. Tempoet var tregare enn ei skjelpadde som spelar sjakk med seg sjølv, og Lasse blei stadig meir nervøs.
Han var derimot ikkje den einaste som var nervøs. Ein kjapp kikk på klokka kunne avsløre at vårt korresponderande fly var farleg nær avreise. Der stod vi altså, igjen som sild i tønne, og var nervøse både for kvar vi skulle ende opp med å sove denne natta, og korleis Lasse skulle handtere sin finansielle situasjon om lommeboka ikkje kom til rette.
Etter over to timar byrja vi å kome nærare slutten på køa, og det blei svært tydeleg at flyet vårt var historie. Medan vi venta på å bli ferdige med siste etappe av køa fekk Lasse omsider huka tak i ei vakt som gjorde sitt beste for å få spora opp lommeboka hans, men til inga nytte. Som Lasse sa det så fint: Om ei underbetalt vaskedame på flyet finn ei lommebok med 250 dollar i, då leverer ho den ikkje inn.
Vegen vidare
Heldigvis slapp vi inn i landet, men stresset var ikkje over. Vi var på overtid og var rimeleg stressa for kor vidt vi skulle komse oss fram til San Francisco i løpet av kvelden. Det er jo ynskjeleg å kome seg tidleg til messeområdet slik at vi kan få huka tak i passa våre, og ei natt i New York hadde ikkje vore fordelaktig.
Eit lys i mørkret dukka derimot opp. I det vi hasta i veg mot hittegodsen i eit siste håp om å finne lommeboka til Lasse fann eg ein kiosk som sel min favorittdrikk over alle drikkar: Naked Juice: Green Machine. Denne livsnektaren kan ikkje skildrast med ord. Den er som edle dråpar frå kjelda til alt liv, og når du sit der som eit inntørka lik etter alt for mange timar på reise under tronge kår i tørr luft som får deg til å lure på om livet er omme, då er Naked Juice ein liten bit av himmelen. At ei due landa ved føta mine (midt inne på flyplassen må vite) medan eg sat der med hjarte i auga og naut livet dempa ikkje det religiøse aspektet ved seansen.
Men tilbake til Lasse. Han fekk rapportert lommeboka si som stolen, men sidan den svært hjelpsame fyren han preika med ikkje greidde å stave verken namnet hans, eller hotellet vi bur på riktig, ser vi på lommeboka som tapt.
Heldigvis kom vi oss til slutt på eit fly, og etter seks nye timar i tungtransport med luft som luktar asbest og ei og annan framand dame som brått kollapsar i fanget, var vi framme i San Francisco.
Her møtte vi ikkje på større problem enn at det hersens depositumet blei litt vanskeleg å betale sidan Lasse hadde mista kortet sitt, og eg hadde gløymt å opne mitt for utland. Eg måtte med andre ord fiske opp PC-en min, og sjølvsagt oppdatere Java på ei nettkopling som gjekk fullstendig i stampe. Slikt likar vi når vi er slitne, har vondt i heile kroppen, og berre vil leggje oss ned for å kvile.
Ingenting er så vondt at det ikkje er godt for noko. Vi enda opp med eit rom i 30-etasje, solid utsikt over byen, og gratis internet heile veka.
No må vi berre få oss litt søvn slik at vi kan handtere morgondagen med litt meir futt og gneist enn kva vi har makta i dag. Samtidig skal vi prøve å ikkje draume om mat sidan ingen av oss har ete noko som helst på omlag ein dag, og alle former for matservering ser ut til å vere stengde på denne tida av døgnet ein søndag kveld i San Francisco.
Men no vil alt snart ta seg opp, for som min kjære kollega Lasse nett mumla i halvsøvne: Ingenting er som å dra på kjærleikstur til San Francisco med ei av vestlandets største freisterinner.
Ja, det er meg det. Kyss
Team San Francisco ut.
PS: Lasse meiner det er veldig viktig at eg får med at han har sett to klassiske filmar i løpet av reisa; They Live og The Warriors. Han er svært inspirert, og eg er ikkje heilt sikker på om det er positivt eller negativt.
– Øystein Furevik

