– Vi kjedar livet av folk

Det et ikkje noko nytt at vi kvart år ser nye versjonar og oppdateringar av spel som kom året før. Fleire og fleire utviklarar har årlege utgjevingar av populære seriar. Dette meinar adm. dir. i Electronic Arts, John Riccitello er ein stygg trend.

– Vi kjedar livet av folk med spel som blir vanskelegare og vanskelegare å spele, fortel han i eit intervju med Wall Street Journal.

Riccitello hevdar der er visse unntak, og trekk fram Guitar Hero og World of Warcraft som døme på utviklarar som har gjort ein god jobb. Han meiner i tillegg at oppfølgjarar kan vere ein bra ting, så lenge dei er nyskapande og betre enn forgjengaren.

– Vi ser mange produkt som liknar veldig mykje på fjorårets produkt, som igjen likna på eit produkt frå året før, held han fram.

At dette kjem frå ein mann høgt opp i systemet for eit av dei selskapa som i aller størst grad har vore beskulda for å stå bak denne trenden, er kanskje litt pussig. Electronic Arts kjem regelmessig med nye spel i seriar som til dømes Need for Speed, FIFA og Tiger Woods, samt tilleggspakkar for The Sims.

Samtidig har det vore ei merkbar forandring i EAs fokus på nye titlar. Til dømes gir dei ut det imponerande Crysis frå Crytek. Dei har òg nokre eigenutvikla spel som Army of Two og Boogie på veg. Ein av dei mest imponerande komande titlane får EA er Spore, det nye spelet frå Will Wright, mannen som skapte The Sims. I tillegg samarbeidar dei med stjerneregissøren Steven Spielberg om å skape unike konsept.

Kommentarer (22)

Forsiden akkurat nå

Til toppen