Sniktitt

Age of Conan: Hyborian Adventures

Du kan ikkje med rette kalle deg ein mann, om du ikkje har eit lettare romantisk forhold til Conan.

Side 1
Side 2

Trass i alt arbeid som er lagt inn i å overbevise deg om å være i Hyborea, er det andre ting som er viktigare. I lengda er flotte miljø og fabelaktig lyd uvesentleg om spelet ikkje fangar deg. Alle som har lest Conan har sett han klatre opp ein blank vegg på jakt etter bytte, og dette har fått direkte innverknad på spelet. Alle klassar i spelet har tjuveferdigheiter. Du kan gøyme deg i skuggar, klatre opp veggar og uansett kva klasse du vel vil du ha tilgong på grunnleggande tjuveferdigheiter. Det geniale med Funcom sin plan er å la deg teste ut kva som passar for deg før du i det heile tatt vel klasse. Du byrjar ikkje prosessen med å finne ut kva du vil være før femte erfaringsnivå, og du møter ingen andre spelarar før mykje seinare.

For å unngå ei online-verd der du spring rundt blant mange nybegynnarar som ikkje veit kva dei driv med, har Funcom valt å la deg spele deg opp til erfaringsnivå 20 aleine. På denne måten lærer du deg spelet, og forstår korleis du skal gå fram i forskjellige situasjonar, utan å måtte plage alle andre med det. Det vil ta mellom fem og ti timar å spele gjennom denne delen av spelet, og den vil gi deg nok av tid til å bli kjend med verda før du bevegar deg ut blant andre. Funcom vurderar også å la spelarar samarbeide på dette stadiet.

Når du har nådd nivå 20 er det berre å kaste seg ut i det som er ei svært brutal verd. Conan drepte ein okse med hendene då han var sytten år gammal, og du vil jo gjerne være like tøff. Du vel klasse for første gong, og klassen du vel kjem an på kva arketype du valte på nivå fem. Det er fire arketypar, og kvar av desse har fleire forskjellige klassar å velje mellom. Enda seinare i spelet vil du kunne velje ein prestisjeklasse, og dette er klassar som kan gi nyttige eigenskapar både om du er aleine eller med i eit laug.

Blodig fellesskap

Etter at du har nådd nivå 20, har valt deg ein klasse og omsider finn deg sjølv vandrande rundt blant mange andre som gjerne vil knuse nokre skallar, byrjar spelet for alvor. No kan du finne andre å spele med, og du kan gå på demonjakt i grupper, og bli med i eit laug. Eit viktig element i kamp er formasjonar. Dette er valfritt, men du kan tene stort på det. Til dømes kan du få betre beskyttelse, eller bonusar som regenerering. Når det blir valt ein formasjon vil du sjå kvar du skal stå ved hjelp av ein grøn ring, og om du skulle forlate den grøne ringen vil ein ei klokke tikke ned kor lang tid du har på å kome deg inn i formasjon igjen før bonusane forsvinn.

Det er også andre fordelar ved formasjon. Du kan setje saman forskjellige klassetypar for å oppnå forskjellige bonsar, og Gaute Godager beskriv resultatet ved å sette saman seks demonologar slik:

– Du henter fram Satan frå Helvete i jorda.

Når ein endeleg bevegar seg ut i den store onlineverda, blir din kontakt med andre spelarar veldig viktig. Konflikter kan raskt oppstå, og for mange vil laug bli ein viktig del av spelet. Ved å bli med i eit laug kan ein bygge byar og føre krig mot andre laug. Når ein er med i eit laug får prestisjeklassane ei åpenbar rolle. Har du til dømes valt å bli Lord, vil du automatisk gi erfaringsbonusar til alle medlem i lauget. For å unngå at spelet skal bli ubalansert er det begrensa kor mange av kvar prestisjeklasse som kan være medlem i kvart laug.

Det er enda ikkje bestemt om det vil komme serverar som støttar fri kamp mellom folk. Inntil vidare er spelar mot spelar-kampar begrensa til spesifike område, slik at du kan unngå å bli slått i ryggen om du ikkje skulle sette pris på sånt. Om ein bevegar seg til grenselanda vil i midlertid ei heilt ny verd åpne seg, der du kan ta del i store kampar om kontroll over dei forskjellige områda. Til dette blir byar viktig, og du får større kampmaskiner som ein kan bruke til å ta ned bygningar med. Desse maskinene er ikkje begrensa til grenselanda. Der blir dei brukt for å ta over fort som er viktige for kontrollen av eit område, men samtidig kan dei bli brukt til å forsvare seg mot- og angripe datamaskinstyrte karakterar.

Konklusjon

Det er vanskeleg å dytte alt ein gjerne skulle ha sagt om Age of Conan inn i ein artikkel som du gjerne skal ta deg tid til å lese. Det er enormt mykje meir til dette spelet, og eg vil absolutt anbefale deg å ta ein tur innom Age of Conan sine offisielle sider for å få enda meir kunnskap om eit spel som lett kan få mykje å sei for korleis online-rollespel blir utvikla i framtida.

Les også
Virtual Skipper: 32nd America's Cup

Det er gode tider om du er glad i Conan (for det er du). Funcom jobbar med eit spel som lovar gull og grøne skogar, Dark Horse Comics køyrer for tida ein svært vellukka ny teikneserie, Warner Bros. planlegg ny film i 2008 (utan Guvernatoren vel og merke), og det kjem i tillegg ein eigen teikneserie basert på Age of Conan. Om du ikkje skulle ha nok med dette vil eg anbefale deg å ta ein tur til nærmaste bruktbutikk og kjøpe ein solid bunke med tjukke Conan-blad. I tillegg kan eg nemne at sjansen for at spelet dukkar opp på ein konsoll nær deg, på ingen måte er utelukka. Framtida er hard og blodig. Crom!

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden