Sniktitt

Age of Conan: Hyborian Adventures

Du kan ikkje med rette kalle deg ein mann, om du ikkje har eit lettare romantisk forhold til Conan.

Side 1
Side 2

Eg hugsar det framleis. Der sat eg, kanskje tretten eller fjorten år gammal. Med klamme fingrar vaska eg ut trykket i det siste Conan-bladet. Eg kunne ikkje gripe hardt nok. Frå den vesle og skurrete stereoen på bokhylla dundra Fear Factory og Sepultura gjennom rommet. Eg var i himmelen. Eg ville være Conan, eg ville ha damene hans, og eg ville stå på toppen av eit likberg, sverd i hand. Rundt livet skulle eg ha eit lendeklede av bjørneskinn som så vidt skjulte noko som helst, og bak min stolte pannelugg skulle eg brøle: Crom!

Berre innrøm det, du kjenner deg igjen. Du kjenner deg veldig godt igjen. Du kan hugse svetta renne nedover ryggen i det Conan la ned ei dame, og dytta sverdet til side for ei lita stund. Det var litt forbudt for ein liten tass som deg, ikkje sant? Men du likte det, ja du likte det. Eg vil tru det er ganske mange hos Funcom som også har halvt perverserte tankar om Conan. Tenk deg å bli som Conan? Tenk deg å bli som den kjempa av ein mann, med bronsebrun hud og eit dametekke ingen andre (ikkje prøv deg) – eg gjentar – ingen andre nokonsinne har vore i nærleiken av.

Funcom har gjort det einaste rette. På jakt etter nye utfordringar, og ein ny lisens, måtte dei ha noko bra. Ringenes Herre var opptatt, så Conan byrja som smått å sjå interessant ut. Tilfeldig nok sit eigarane av Conan-lisensen i den stolte nasjonen som brakte oss Carola; Sverige. Det stoppa ikkje der heller, tilfeldig nok var Conan-eigarane på jakt etter nokon til å skape eit massivt online-spel. Norge og Sverige er jo som kjent tvillingsjeler, og her er vi ved starten på eit forhåpningsvis langt og lukkeleg kjærleiksforhold.

Ekte kamp, for ekte menn (og kvinner)

Kva kan vi så vente oss frå Conan, som World of Warcraft ikkje har? Eg nemner sjølvsagt World of Warcraft sidan tydelegvis alle spring rundt med grøn eller lilla hud for tida.

Ein ting som er veldig sikkert er at Age of Conan blir noko ganske anna enn Blizzard si verd. Funcom har lagt stor vekt på kamp, og styrer langt unna det tradisjonelle kampoppsettet for eit massivt online-rollespel. Age of Conan minnar eigentleg mest om eit tredjepersons actioneventyr, og det handlar om å drepe – gjerne til melodien av "det handler om å leve". Kamp, kamp og atter kamp om vi skal forstå Funcom riktig.

For å gjere kamp til noko meir enn "klikk på fiende, klikk på tal, gjenta" har Funcom bygd opp eit kampsystem i sanntid. Ved å bruke musa, ein handkontroll eller tastaturet, kan du trykke inn forskjellige angrep som saman kan danne komboar. Kvar tast for angrep utfører eit eige slag, som til dømes høgt slag, middels slag, og lågt slag. Ved å lenke saman desse slaga kan du ende opp med kombo-angrep som får blodet til å sprute og nødvendig utstyr som armar og bein til å fly. Du lev trass alt i Conan si verd, og her er det ikkje snakk om å starte spelet som ein liten fis på rottejakt. Du møter bandittar og anna pakk heilt frå starten av. Det å mørbanke tre-fire tullingar i slengen, gir ei litt større kjensle av makt, enn å gjentatte gongar slå på ei rotte eller ein edderkopp med eit skrøpleg sverd. Alvorleg talt, kan nokon utrydde rotter og edderkoppar frå kartet snart?

Sidan vi er ved starten er det nok ein god idè å ta føre seg kva du må gjennom for å bygge opp deg sjølv. Du kan velje å kome frå ein av tre regionar; Aquilonia, Stygia eller Cimmeria. Sjølvsagt kan du også velje om du vil være mann eller kvinne. Når dette er gjort kan du begi deg ut på det som må være det mest omfattande verktyet for karakterlaging nokonsinne. Du kan forandre på absolutt alt. Ikkje berre alle trekk i ansiktet, men også kroppen, om du vil kan du lage deg ein stor og kraftig mann, eller kvinne. Eg må innrømme at det skal bli godt å sjå eit spel som faktisk lar deg sjå kvinner med normal kroppsform for ein gongs skuld.

Så snart du er ferdig med dette (og med mindre du vel å tilfeldiggjere prosessen, kan dette ta si tid) havarerar skipet du er fange på. Du endar opp på ei strand, og blir raskt innlemma i spelet si verd. Det første som skjer er at du kan snakke med ein mann som står der, og til forskjell frå ein del andre massive rollespel, vil du ikkje finne lange tekstboksar når du snakkar med nokon. Alle viktige NPC-ar vil ha stemmer, og dialogen er bygd opp i ein meir filmatisk stil. Har du til dømes spelt Jade Empire vil du raskt kjenne deg igjen. Dette er gjort for å føre deg meir inn i verda, og la deg sleppe å lese linje opp og linje ned med tekst, når det du eigentleg vil, er å bruke rå og brutal vald mot alt du kan bruke rå og brutal vald mot.

Conan er stor, sterk og barsk. Dette kan du greit ordne deg, men kva med alt det andre i verda? For ein Conan-fan er det andre element som er minst like viktige, til dømes barslagsmål og horeri. Sistnemnde kan bli eit problem. Du vil finne bordell i spelet, men takka være nye reglar for seskuelt innhald i digitale medium (noko vi kan takke ein viss varm kaffe for), er dette eit område som har blitt veldig strengt. Funcom vil tene pengar, og å få høgste aldersmerking grunna litt naken hud er ikkje særleg smart. Ein ting vi absolutt vil få ta del i uansett kva varm kaffe skulle gjere med dagens spel, er barslagsmål.

Funcom har utvikla eit heilt separat kampsystem for fylleslagsmål. Avhengig av kva du vel å drikke, vil dette avgjere kva "klasse" du får. Drikk vin til dømes, og du blir litt elegant og lettare fransk i stilen. Vel du heller å helle innpå med mjød, er det berre å forberede seg på å slenge bord og stolar veggimellom. Og ja, du får knuse skallar med ein ølmugge.

Les også
Tung strategi i SSG-spillet Battlefront

Alternativ realitet

Det er lett å tru på Funcom når dei fortel at dei vil bringe deg inn i ei anna verd. Du skal ikkje berre springe rundt blant pene polygonar og tenke på kor grafisk avansert det er. Du skal være der, det er poenget. Det er også lett å sjå kor mykje arbeid som ligg bak alle detaljane i miljøet. Du finn ingen generiske område som ser ut som tro kopiar av det du har sett utallige gongar før. Berre ved å vandre rundt i skogen vil du sjå ein natur du aldri har sett makan til. Du vandrar gjennom fjell og dalar, krattskog, og ulendt terreng som ser ut som om det kunne ha vore henta rett ut av norsk natur, eller afrikansk ørken for den saks skuld.

Til dømes har vi fått eit innblikk i korleis ein by og landskapet rundt blir bygd opp. Alt blir plassert for hand, terrenget blir forma og detaljar i teksturen blir teikna inn. Deretter blir det satt på plass bygningar, planter og andre detaljar som skapar liv i ein by. Overalt hos Funcom finn ein referansemateriale, til dømes har dei brukt bilder av gammal arkitektur frå Egypt som inspirasjon for Stygia. Alt blir møysommeleg plassert for å gje best mogleg representasjon av ei verkeleg verd. Dette er som vår verd, men for mange år sidan og full av demoniske beist.

For å trekke deg enda lengre inn i spelet, og få deg til å gløyme at du trass alt sit foran ein skjerm, har Funcom bygd opp eit enormt bibliotek med lydar. Omfanget er så kolossalt at om dei når målet sitt, vil du sjeldan høyre ein lyd to gongar. Vi kunne merke dette svært godt berre ved å sitte i konferanse-rommet til Funcom. Ved å la spelet stå på i bakgrunnen medan vi snakka, kunne vi høyre lydar som om vi hadde ein leirbålkveld ute i skogen. Fuglekvitter, vind, kvistar som knekk, alle lydane var forskjellige kvar gong, og dette har ei intens effekt. Når du trur lydane har sitt opphav frå utanfor vindauget, og ikkje frå spelet, har noko truffe blink.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden