Amerikansk monsterfotball på Kickstarter

Lagar andeleg oppfølgjar til Mutant League Football.

Om du sat og ruga på ein Sega Genesis-konsoll i 1993 er sjansen stor for at du var innom Mutant League Football. Spelet som var bygd på Madden '93-motoren var eit amerikansk fotballspel der alle spelarane var byta ut med monster, zombier og mutantar. Bana var ei slagmark der eksplosive våpen var like viktige som ballen. Spelet dukka opp i ein litt oppfriska versjon på PSP i 2006.

I samband med at det no er 20 år sidan spelet kom ut har den originale skaparen Michael Mendheim funne ut at det er på tide å lage eit nytt spel. Sidan han ikkje har støtte frå EA som eig varemerket, har han valt den enkle omdøypinga Mutant Football League for å unngå problem med opphavsretten når han no har lansert ein folkefinansieringskampanje på Kickstarter.

Stjernelag

For å få spelet på beina har Mendheim samla i hop ein solid gjeng som skal ta seg av design og utvikling. Grovarbeidet vil Robomodo så for. Dei er best kjende for å ha skrudd saman HD-utgåva av Tony Hawk's Pro Skater.

Eit døme på korleis ein kamp i Mutant Football League kan kome til å sjå ut.

Designarbeidet vil bli gjort av ei solid liste kjende namn innan underhaldningsbransjen. Karakterdesign og visuell stil vil Dave Devries stå for. Han har blant anna laga nettstaden The Monster Engine der han tek monsterteikningar laga av små ungar for å lage realistiske versjonar av dei.

For å skape ei solid verd vil den erfarne teikneserieskaparen Dave Elliott stille opp med penn og papir, noko Spongebob Squarepants-regissør og manusforfattar Jay Lender òg vil bistå med.

På Kickstarter-sida ser vi òg at ein verdskjent kunstnar er med på prosjektet, men ikkje vil bli avslørt før kampanjen har nådd målet på 750 000 dollar. I ei pressemelding vi har fått blir derimot kunstnaren Simon Bisley namngjeven. Bisley har gjort mange teikneseriar opp gjennom åra, og har i tillegg laga illustrasjonar for magasinet Heavy Metal, samt musikaren Danzig.

Om Kickstarter-kampanjen går i boks vil Mutant Football League bli lansert for Xbox 360, samt iOS- og Android-nettbrett hausten 2014. Skulle spelet klare å samle inn godt over ein million dollar vil versjonar for Windows, Linux, Mac og andre konsollar bli utvikla.

Les også: Kickstarter-suksess for actionrollespill Les også: Kalkunregissør tyr til Kickstarter

Siste fra forsiden