Anmeldelse

Blood Drive

Store bilar, våpen og levande døde. Er det verkeleg mogleg å rote til dette?

Eg hugsar framleis Carmageddon. Det er eitt av dei spela som berre bit seg fast og aldri heilt slepp taket. Eit brutalt spel blotta for moral der du køyrer rundt i massive kjerrer med piggar og plogar og flerrar opp andre bilar i same slengen som du lagar pudding av gamle damer og andre forbipasserande. Som ein ung tenåring er det ikkje rart at eg blei varm i kroppen av dette spelet, og det er desse meir eller mindre ufine minna som fekk meg til å sperre opp auga for Blood Drive.

På papiret er Blood Drive eit spel som slektar på Carmageddon, og difor burde vere lett å like. Det er valdeleg, det er blodig, det er store doningar på fire hjul, og det handlar om å drepe alt du ser. Gamle damer er riktig nok byta ut med zombier, og byane frå Carmageddon er erstatta med konsentrerte område, men bortsett frå dette er det meste som ein kan håpe på. På papiret i alle fall.

Sjå alle zombiene, eg kan telje dei på ei hand.

Synd og skam

Realiteten er at Blood Drive er eit fullstendig meiningslaust og sjarmlaust spel som aldri blir verken så dårleg eller så bra at det går an å bry seg. Eg stiller meg no fullstendig likegyldig til spelet, og sjølv om eg har kosa meg litt, har eg i tillegg blitt så pass irritert at alle dei forskjellige elementa endar opp med å nøytralisere og destruere kvarandre.

Blood Drive manglar visjon. Det er eit spel med eit enormt potensiale som aldri blir utfylt. Alt du eigentleg gjer i spelet er å ta del i forskjellige turneringar der utfordringane varierer mellom å drepe så mange zombier som råd er, køyre så raskt du kan, til å drepe alle motstandarane dine så mange gangar du kan. Det høyrest ikkje dumt ut, men når spelet blir pina og plaga av elendig nivådesign, og ein struktur som ikkje veit kva veg den vil gå, fungerer det ikkje.

Du startar med å velje deg ein person, og her finn vi forskjellige stereotypar med teite namn som alle har sine individuelle statistikkar. Nokre er raske og lette, andre er store og tunge. Det er eit greitt spekter å velje mellom, men det som snart viser seg er at om du vel nokon som ikkje har fabelaktig handtering, vil spelets kritikkverdige kontrollsystem raskt byrje å provosere deg. Dette var for så vidt min første feil. Eg valde meg ein robust førar som var jamgod på alle felt. Trudde eg. Det viste seg derimot raskt at svinging blei eit tregt mareritt der kjerra aldri heilt gjorde det eg ville, og eg hoppa over til spelets mest handterlege sjåfør.

Dårleg handtering er ein ting, men om alt anna klaffar kan vi likevel få ei grei oppleving. No og då blir det ganske artig. Før du startar ei utfordring får du velje deg ein bonus som gjev deg betre kraft, meir ammo, og andre liknande oppgraderingar. Å velje riktig bonus for ei utfordring kan vere alfa omega, og å bruke dette systemet riktig kan få mykje å seie for kor moro du vil ende opp med å ha det.

Eg traff ei! Berre ei igjen no.

Pang, pang og krasj

Andre viktige val dukkar opp medan du spelar. Rundt omkring på nivåa vil du finne forskjellige våpen, og alle er ikkje alltid like effektive. Du kan til dømes finne ein kanon som er fantastisk effektiv mot andre kjerrer, men som er rimeleg ubrukeleg mot zombier med mindre du har funne ei fin klynge. Knivblada og minigunen er på si side ekstremt effektive mot zombier, men ikkje fullt så effektive mot bilar. Det er ein grei balansegang i korleis du skal gå fram, men det kunne godt ha vore fleire våpen å finne. Nivåa blir tidvis svært store, og eg har ofte enda opp med tomt magasin der eg fånyttes har køyrt fram og tilbake og rundt i ring på jakt etter noko å drepe alle fiendar med.

Våpna som dukkar opp her og der er fritt vilt for alle, og dette sørgjer sjølvsagt for at du ofte ikkje finn noko der du veit du kan finne noko. Det er for få brukbare våpen i forhold til omfanget bretta legg opp til, og det trekk det heile ned ganske mange hakk. Det finnest likevel alternativ. Om du er tom for våpen kan du køyre inn i motstandarane, men dette gjer deg litt sårbar, og du bør sørgje for å kome deg raskt unna slik at ein annan motstandar ikkje nyttar sjansen til å sende ein rakett opp i rumpa di.

Dette med rakettar i rumpesprekken er eigentleg spelets største irritasjonsmoment, om vi no skal måle i storleik. Det er forferdeleg vanskeleg å vite kvar du skal, og det vesle minikartet er ikkje berre uoversiktleg, det er direkte farleg å sjå på om du vil halde kjerra på stø kurs. Du endar opp i ein saleg ballett der du køyrer rundt i ring på jakt etter noko å sprenge, og motstandarane susar forbi deg i høg fart. Det er forbløffande lett å miste fiendar av syne takka vere det tidvis kaotiske nivådesignet, og dette er igjen noko som trekk ned engasjementet. Om det ikkje var nok av slike ting frå før.

Atter ein ting som trekk ned er den tragiske mangelen på noko å køyre ned. Det er zombier i dette spelet, men ikkje mange nok. Etter kvart som generasjonane har gått, har vi blitt vande med at når ting skal drepast i hopetal, då snakkar vi om hopetal. Berre sjå på Dead Rising-serien for eit innblikk i korleis det skal gjerast. Tenk deg å køyre med gaffeltrøkk gjennom dei mengdene der. Det får bli med tanken. I Blood Drive er det stort sett snakk om å køyre slalåm for å treffe zombiene. Ein og annan gong er du heldig og treff ei klynge, men det er ikkje ofte. Din største sjanse for å møte fleire zombier om gangen er om du av ein eller annan grunn skulle stogge opp for å rygge litt. Då er dei brått på deg frå alle kantar og riv tak i bilen din i eit ganske vellukka forsøk på å halde deg fast.

No byrjar det å ta seg opp her.

Alt det som ikkje funkar

Alt det eg har nemnt så langt er irriterande, men det øydelegg ikkje spelet og potensialet for å av og til ha det moro. Tru det eller ei. Dei verkelege lavmåla kjem i form av heilt andre fenomen. Det verste må nok vere korleis hjula på kjerra di har ein stygg tendens til å henge seg opp i ting du ikkje alltid ser. Sett at du til dømes køyrer over ein litt oppriven asfaltveg. Brått hektar det eine hjulet seg fast i ein liten stein, og du svingar 90 grader. Eg tullar ikkje, det skjer heile tida.

Enda verre er når du skal køyre om kapp i eit parkeringshus. Som om ikkje det var ein dårleg idé i seg sjølv, skal dette racet utførast ved å følje ei pil som ikkje greier å fortelje deg kva etasje neste port er i. Den viser faktisk feil veg. Skal du køyre ned peikar pila oppover, og omvendt. Det er ganske festleg når ein tenkjer på det, nokre timar etter at ein har slutta å spele spelet for siste gong sjølvsagt.

Ein kan lett byrje å lure på kva poenget med dette spelet er. Kanskje det er eit forsøk frå Activision på å jamne ut suksessen dei har hatt med Call of Duty og World of Warcraft med noko som garantert ikkje vil blir spelt av andre enn dei som får det tilsendt for å skrive om det. Om nokon andre skulle ha funne på å kjøpe det (kondolerer) kan du i alle fall vere trygg på at dei ikkje er å finne på nett. Eg lovar, eg har prøvd fleire gongar, men eg har ikkje funne ein einaste person å spele dette spelet med. Det er eg eigentleg ganske glad for sidan eg slapp unna nokre timar med ekstraarbeid.

På nittitalet kalla vi dette House Party.

Konklusjon

Om du no lurer på korleis eg kan stille meg likegyldig til dette spelet etter å ha ramsa opp alle dei tinga som får det til å høyre heime i ein container under jorda, forstår eg deg godt. Blood Drive er eit elendig spel, det er så fullt av ting som ikkje fungerer at det eigentleg er ganske skammeleg. Det er ikkje spesielt underhaldande, og det blir litt keisamt i lengda, men det er ikkje slik at eg kastar kontrollaren frå meg i raseri. Det går berre ikkje inn på meg i den grad Dungeon Siege gjorde i si tid.

Eg bryr meg ikkje. Så enkelt er det. Blood Drive er dårleg, ingenting fungerer optimalt, men det er likevel ikkje så grusomt at det ikkje går an å ha det litt moro ein gong i blant. Spelar du med ei kjerre som har maksimal styring vil du kunne køyre heilt OK. Du kan skyte fiendar, køyre ned zombier, krasje litt både her og der, og kanskje vinne ein pokal eller to. Det er ikkje spesielt moro, og det er mykje å irritere seg over, men eg maktar berre ikkje å byggje opp engasjementet som krevst for å hate det. Neste takk.

Blood Drive er i sal for Xbox 360 (testet) og PlayStation 3

Siste fra forsiden