Anmeldelse

Call of Juarez: Bound in Blood

Yee-haw!

To brør står aleine mot verda i eit av tidenes råaste western-eventyr.

1: Side 1
2: Side 2

Ujamn fordeling

Diverre er det ikkje alltid konsentrasjonsmodusen blir nyttig. Du får berre bruke den når du har skote nok fiendar, og når du når dette punktet, er det ikkje alltid mange fiendar igjen. Det du står igjen med er ein eller to fiendar, noko som blir litt antiklimatisk. Du endar i staden for det meste opp med å springe rundt som i eit tradisjonelt skytespel. Det som skil Bound in Blood frå andre spel i sjangeren, er først og fremst stilen, og den fantastiske settinga, men eit dekningssystem som passar spelet perfekt, gjer óg sitt.

I staden for å trykkje på ein knapp når du skal gå i dekning, vil du gjere det automatisk kvar gong du sleng deg inn mot ein vegg, ei kasse, eller noko anna som skulle passe. Dette systemet er anonymt nok til at du absolutt aldri set deg fast i noko, eller slenger deg inn mot feil objekt. Når du skal flytte deg igjen, merkar du knapt at du på nokon måte var dekning.

Å sikte på fienden er akkurat like elegant. I staden for å trykkje inn ein ryggknapp for å stikke hovudet over kassa du ligg bak, brukar du utelukkande den høgre analogstikka. Ved å sjå rundt deg, og sikte mot fiendane, vil du snike våpenet rundt kanten på det du ligg bak, samtidig som du heile tida er relativt trygg. Det fungerer som ein draum, og etter å ha gjort det i nokre sekund, er det den mest naturlege tingen i verda.

Samtidig opnar det for mykje moro når du står midt inne i ein tørr sørstatsby, og brått endar opp i eit kuleregn henta rett ut frå dei mest overdådige western-filmar. Du spring fram og tilbake, slenger deg bak ei kasse, og for ei stakka stund gløymer du atter ein gong at du spelar eit spel, og du er i den ville vesten.

Eit ekstra krydder er dei forbetra duellane. Der må du bruke begge analogstikkene for å sørgje for at du både står riktig, og har handa nær nok våpenet før klokka slår, og du fyrer laus.

Mitt kongedøme for ein hest

Du reiser over ganske store avstandar i Call of Juarez: Bound in Blood, og då kjem det godt med å ha ein hest. Du finn desse stort sett overalt, og med mindre du skal ut i veldig ulendt terreng vil du aldri ha nokon problem med dei.

Hesten vil du i tillegg få god bruk for på forskjellige mellomstasjonar du finn her og der i spelet. Desse er for små basar å rekne, der du kan ta nokre sideoppdrag for å tene litt peng. Pengane går med til å kjøpe betre våpen før du hastar deg vidare i historia. Pengar vil du finne heile vegen gjennom spelet, men stort sett er det små sekkar du plukkar opp frå fiendane du drep. Butikkane er i tillegg spreidd rundt her og der, så det gjeld å ha auga med seg når du vitjar ein ny by.

Call of Juarez: Bound in Blood er for det meste eit fabelaktig spel, men det er visse ting som trekk ned litt. Til dømes har spelet nokre veldig uheldige sjekkpunkt, samt ein del tvilsam kunstig intelligens. Ofte vil du erfare at om du døyr, blir du nøydt til å gå gjennom ein dialog før du får gjere det du skal. Om sjekkpunkta kom etter dialogen, hadde ting vore mykje betre.

I tillegg har du ein kunstig intelligens som er så treffsikker at det kan bli direkte provoserande. Om du prøvar å snike deg rundt ein fiende, bak nokre tre, og gjennom buskas, spelar det inga rolle. Han ser deg gjennom alt som ikkje er laga av hundre prosent solid materiale. Det einaste du er trygg bak, er kassar, steinar, trestammar og liknande. Han treng ikkje å kunne sjå deg, med mindre kula møter eit einaste effektivt hinder på vegen.

På liknande vis kan dynamittar bli ein solid frustrasjon. Eg ser ikkje på det som direkte normalt at ein fyr kan kaste ein dynamitt fleire hundre meter når han ikkje kan sjå deg, sidan ein enorm stein ligg mellom deg og han. At han i tillegg treff nøyaktig der du står med kvart bidige kast, gjer ikkje ting betre. Heldigvis er det ikkje for ofte du hamnar i slike situasjonar, men det skjer.

Konklusjon

Det er definitivt ikkje for mange western-spel der ute, og om Call of Juarez: Bound in Blood gjer ein ting klart, er det at vi treng fleire. Denne tidsepoken i amerikansk historie er som skapt for interaktiv underhaldning, og utviklarane hos Techland veit å utnytte dette. Det vi får er eit herleg action-eventyr der kuler og krut målar bakken svart, og hovudpersonane spyttar sarkasme og usunt temperament i alle retningar.

Spelet har sine små irritasjonsmoment, men dei er på ingen måte nok til å øydeleggje for eit av tidenes kulaste western-spel. Vi blir verkeleg kasta inn i det med hud og hår, og med herlege element som eit nydeleg dekningssystem, konsentrasjonsmodusen, og ei kanonkul historie, har vi utan tvil ein vinnar. Adopter ein cowboy, kjøp Call of Juarez: Bound in Blood.

Call of Juarez: Bound in Blood kjem i salg 2. juli for PC, Xbox 360 og PlayStation 3. Spelet inneheld ein fleirspelarmodus jeg ikkje har hatt tilgang til.

Diskuter artikkelen på forumet

1: Side 1
2: Side 2

Siste fra forsiden