Anmeldelse

Call of Juarez: Bound in Blood

Yee-haw!

To brør står aleine mot verda i eit av tidenes råaste western-eventyr.

1: Side 1
2: Side 2

Eg hugsar at eg som kanskje ti år gammal gut sneik meg ned framfor TV-en i berre trusa for å sjå western-serien Lonesome Dove. Eg hugsar óg at denne serien gav meg to av dei svært få visuelle inntrykka som i løpet av livet har skremt meg nok til at eg låg vaken om natta. Cowboyar fekk løkker rundt halsen før hesten galopperte vekk under dei, og ein indianar kasta eit spyd tvers gjennom hjartet på ein stakkars bonde.

Det var sterke inntrykk for ei ung sjel, men samtidig berre fora det den grenselaust kraftige fascinasjonen svært mange har får denne harde tida i amerikansk historie. Kven har vel ikkje hatt draumar om å vere enten ein cowboy som skyt kuler kjappare enn Lucky Luke, eller fantasert om å vere ein amerikansk urinnbyggjar med fjær i håret og eit hardt grep om bogen? Og kven har vel ikkje fått utløp for desse fantasiane gjennom å leike pang-pang, eller cowboy og indianar?

Etter kvart som ein blir eldre blir det litt vanskelegare å gjere dette utan å bli sett veldig rart på. Difor kjem Call of Juarez: Bound in Blood som ei gåve til alle oss som ikkje heilt greier å leggje frå seg draumen om å leve i denne verda. Det er eit beksvart og skitent western-spel som samtidig er ein slåande vakker representasjon av den gode, den gamle, og eksplosivt ville vesten.

Fanden i vold

Det heile byrjar med eit brak midt under den amerikanske borgarkrigen. Ray kjempar for sørstatane mot dei pressande styrkane frå nord, og du spring rundt i skyttargravene medan kuler hyler rundt øyra dine, tre fell over ende, og eksplosjonar kastar sand i andletet ditt. Det er intenst som berre pokker, og det er umogleg å ikkje elske dette spelet frå første sekund. Ray bannar og fresar medan du spelar, og heile handlingsforløpet skjer i eit så naturleg tempo at du nesten trur du er der.

Målet ditt er å redde broren til Ray, Thomas, og når dette er gjort blir vi endeleg kasta ut i ei historie om to sinte menn som har enda opp med å gi totalt faen i alt anna enn det som gagnar dei. Vi hamnar raskt i ei intens historie der krutrøyken heng tungt, medan brørne kjempar mot desperadoar, indianarar og ein sørstatsgeneral som nektar å akseptere at borgarkrigen er over. Alt i ei heseblesande jakt på eldgammalt indianargull.

Eit nyansert trekløver

Thomas og Ray er ikkje dei einaste som legg ut på tur. Med seg har dei sin yngste bror William, ein rettskaffen mann som i eit ganske fånyttes forsøk prøvar å preike Guds ord til to samvitslause drapsmenn. Man kva skal du no gjere, når du med kvit snipp reiser rundt med to eldre brør, som etter å ha desertert frå militæret for å redde garden og si avdøde mor, endar opp som to lovlause slynglar som drep for pengar og generelt sett gir blanke i kven det går utover?

Kvart kapittel blir innleia av at William fortel om dei siste gjerningane til brør sine, og om kor forferdeleg det heile er. Som ein mann av Gud, er det ikkje enkelt å sjå brørne sine sykje lenger og lenger inn i Satans ulme mørke, sjølv om akkurat dette ikkje ser ut til å plage Thomas og Ray stort. Det heile skjer gjennom ei rekke teikna stillbilete, og det set stemninga godt før vi blir kasta inn i det. Det meste av historia blir likevel fortalt gjennom filmsekvensar som dukkar opp no og då. Det er samtidig solide mengder med dialog medan du spelar. Enten slenger dei to brørne skit til kvarandre, eller så slenger dei den mot fiendane.

Utviklarane har verkeleg taket på kva som gjer ein god western til ein god western. Dei brukar stereotypar og ikoniske bilete for alt dei er verd, og det til stor effekt. Dei to brørne framstår som personifiseringa av av gamle western-karikaturar, og det er heilt umogleg å ikkje falle pladask for dei.

Heftig pistolslynging

Gjennom dei fleste kapitla får du velje om du vil spele som Ray eller Thomas. Begge er i utgangspunktet ganske like, og har tilgang på stort sett dei same våpna, men det er likevel eit par ting som skil dei to. Ray er den store og brautande typen som skyt først og stiller spørsmål etterpå. Han kan sparke ned dører, sprenge bruer, og kaste dynamitt mot fienden. I tillegg kan han skyte med to pistolar samtidig, noko som berre forsterkar inntrykket av at han er ein lovlaus desperado.

Thomas er hakket meir elegant, og minnar meir om den typiske western-helten som med eit inntørka strå i munnviken plukkar opp alle damene som kjem hans veg. I motsetning til Ray, er han i litt betre fysisk form, og spelestilen blir deretter. Han kan ikkje sparke ned dører, eller bruke dynamitt, men i staden kan han bruke lasso får å nå høgre nivå, samt bruke boge eller kniv for å lydlaust plukke ned fiendane.

I tillegg til våpenutvalet er det ein vesentleg forskjell i korleis konsentrasjonsmodusen fungerer for dei to. Som i det første spelet er dette eit element av spelet som let deg skyte ned mange fiendar medan tida står så godt som stille. Korleis dei to brørne vel å gjere dette, er derimot ganske forskjellig.

Igjen er Ray ein mann med ein stor, hårete M, og han hiv opp to pistolar samtidig og skyt ned alt som er innan rekkevidde. Kva du må gjere, er å bruke skjermsiktet til å måle over alle fiendane du kan sjå, før Ray plaffar dei ned ein etter ein, og gjerne med fire fem kuler i kvar skrott. Det er inga grense for kor mange du kan ta ned, så lenge dei er nær nok.

Thomas har igjen litt meir klasse over sine handlingar. Han er cowboyen som med breie bein held revolveren ved hofta, og slår på den med handa. Denne biten er hakket meir underhaldande med Thomas, sidan du må slå på analogstikka for kvart skot, noko får deg til å ta del i massedrapet i større grad enn med Ray.

1: Side 1
2: Side 2

Siste fra forsiden