Anmeldelse Eternal Sonata

Eit vakkert gjesp

Det er ikkje alltid nok å vere vakker, for å vere verdt å bruke tida på.

Å lage rollespel av ein legendarisk komponist sine siste timar høyrest kanskje litt rart ut, men det er det som er den litt absurde settinga for rollespel som har vore tilgjengeleg for Xbox 360-eigarar i over eit år allereie. Kva som har tatt så lang tid er umogleg å seie, med unntak av litt ny musikk, nye kostymer, og eit par nye spelbare personar, er det absolutt ingenting nytt her. Historia er den same, og spelet er på alle måtar det same.

I Eternal Sonata møter vi komponisten Frederic Francois Chopin. Han var eit geni på pianoet, og skreiv ei lang rekke emosjonelle og gripande verk. Det er kanskje her utviklarane av Eternal Sonata har fått ideane sine, for spelet si historie legg stor vekt på tankar om liv, død, og ein del av det som ligg midt i mellom.

Det kan raskt bli magi av slikt, men du vil ikkje finne mykje magi i Eternal Sonata, med mindre du vel å inkludere ei rekke magiske angrep i likninga. Det heile er beint igjennom vanskeleg å akseptere. Vi har ein døyande mann som ligg i Paris, og gjennom tankane hans blir vi sendt inn i ei fargerik verd der rare monster herjar i skogane, magisk pulver med dramatiske bivirkningar kurerer all sjukdom, og dei som kan bruke magi døyr unge.

Retningslaus forteljing

Gjennom historia får vi servert mange tankar om kjærleik, likeverd og moralske val, sjølv om du aldri får ta nokon val sjølv. Det er veldig tydeleg at utviklarane har noko dei vil fortelje oss. Frå første sekund merkar du det gjennom korleis spelet iherdig prøvar å formidle vakre tankar om verda og alt vi har rundt oss. Problemet er at dette tydelegvis er det einaste som har vore viktig. Bodskapen er vakker den, men den blir presentert gjennom ei historie som er ufullstendig, og stappfull av personar som aldri blir utvikla i stor nok grad til at du bryr deg om dei.

Følgjeleg blir du ein svært passiv tilskodar som aldri investerer noko i det som skjer. Historia er så dårleg fortalt at tankane lett flyr til heilt andre ting, og du innser brått at du ikkje fekk med deg noko av det som nett blei sagt. I tillegg nøstar spelet aldri ting saman. Det er mykje som skjer, men så godt som ingenting får ein verdig konklusjon. Ting berre stoppar heilt utan vidare, og du skjønar ikkje heilt kva som skjer, eller kvifor du skal bry deg.

Aleine står du igjen med bodskapen om kjærleik, og blir litt trist over at du ikkje greier å engasjere deg i eit spel som heilt tydeleg vil noko heilt anna enn hordane med krigsgale drapsmaskiner.

Nydeleg presentert

Det er gjennom alt det som ikkje blir sagt at du bryr deg. Spelet slår mot deg med nydelege fargar og fantasifulle område. Det er så vakkert at det er vanskeleg å tenkje seg nokre vakrare. Langstrakte sletter fulle av blomar som svaiar i vinden, glitrande hav som i eit avslappa tempo sig inn mot land, blomar som berre vaknar til live i den mørkaste timen.

Det er mykje å sjå på, og det er gjennom auga dine at du sakte men sikkert forelskar deg i spelet. Du er alltid like passiv, men Eternal Sonata byr på noko uvanleg vakkert. Det er eit spel som er utforma med stor kjærleik, og du ser det i kvar vesle krok av verda. Dei som har stått for den visuelle utforminga av spelet skal verkeleg ha all ros, for dei har gjort ein makelaus jobb.

Som den perfekte og harmoniske partnaren til denne vedunderlege festen for auga, kjem eit lydspor som verkeleg viser at spelindustrien husar nokre av dei dyktigaste og mest talentfulle komponistane på planeten vår. Saman med ei rekke stykke frå Chopin, får vi ei mektig samling med instrumentale verk frå Motoi Sakuraba, og sjølv om han til tider kan ha ein tendens til å høyrest vel mykje ut som seg sjølv, er dette definitivt ein av hans mest minnerike jobbar.

Sjølv om spelet er ufatteleg vakkert, er det ikkje alt som held den høge standaren utviklarane hos Tri-Crescendo har sett for seg sjølv. Om du ser ei rekkje bilete frå spelet, ser du kor vakkert det er, men så snart personane byrjar å røre ved seg, ser du raskt manglane. Dei forskjellige personane i spelet er stive som porselensdokker, og sjølv om ansiktsanimasjonane ofte er av høg kvalitet, er kroppane deira stive som inntørka ved. Alle saman står med armane rett ut til sida som mannekeng-modellar, og rørsleregisterert er magert.

I spelets mange mellomsekvensar står dei berre opp og ned og jattar fram og tilbake medan armane berre veiver litt rundt i ring, berre sånn for å signalisere at «hei, vi er i live, sjølv om det ikkje ser slik ut».

Eternal Sonata PS3

Eternal Sonata X360

Eternal Sonata PS3 PS3 X360

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 13. februar 2009
  • Plattform: PlayStation 3
  • Utgiver: Namco
  • Utvikler: tri-Crescendo

Eternal Sonata X360 X360 PS3

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 13. februar 2009
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Namco
  • Utvikler: tri-Crescendo

Forsiden akkurat nå

Til toppen