Anmeldelse

Fairytale Fights

Drypptortur

Perfekt julegåve til den som hatar seg sjølv.

1: Side 1
2: Side 2

Personangrep held eg meg for god til, men eg lurer likevel på kva Playlogic tenkjer med. Her har vi eit konsept med litt potensiale, og så maltrakterar vi det så til dei grader at når du omsider er ferdig, vil det meste du har av underhaldningsutstyr vere ferdig òg.

Dette ender ikkje bra.

Eg skal ærleg innrømme at medan eg skriv dette, er eg forbanna. Eg blir av og til forbanna når eg spelar spel, men berre av og til. Berre om spelet gjer dumme ting som tvingar meg til å gå gjennom traumatiske episodar. For å seie det enkelt: Når spelet er designa på måtar som enkelt og greitt er uakseptable, då blir eg sint. Eg kjenner huda er varm, auga mine er sannsynlegvis blodskotne, og eg kan merke eit kraftig behov for å finne ei motorsag, for deretter å øydeleggje alt Fairytale Fights har vore i kontakt med. Deretter skal eg ta meg ein svært kald dusj, før eg flyttar til eit kloster og prøvar å fortrengje minna ved å følgje strenge religiøse reglar i nokre tiår.

Kastrering med piggtråd

Eg hatar dette spelet. Eg regelrett hatar det, og for ein gongs skuld vurderer eg å kaste boksen til spelet i søpla i staden for å dytte det inn i hylla. Fairytale Fights er eit spel som kontinuerleg gjer alt det kan for å øydeleggje for deg. Det er ein utspekulert jævel som snakkar pent til deg, før det sparkar deg på ditt mest sårbare. Som ein psykotisk partner lurer spelet deg til å tru at du kan ha det bra i dette forholdet.

Naivt gir du det ein ekstra sjanse, og med optimisme og håp held du fram. Som ein idiot spring du rundt i verda, og blindt trur du på dei hyggelege opplevingane spelet kastar mot deg. Du innbiller deg at den nydelege grafikken, og den trivelege musikken er der for din del. Du trur at alt er der for at du skal kose deg. Du innbiller deg at ein og anna artig plattformsekvens er eit teikn på at ting kan bli betre. Du er dum nok til å tru at du kan ta med deg din stadig aukande rikdom heim. Du trur faktisk at det er lys i enden av tunnelen.

Eit sjeldant høgdepunkt.

Men nei, ikkje faen. På eit blunk tek spelet alt. Alt du har jobba for, alt du har bygd opp av tillit og positivitet. Borte. På eit blunk.

Ein ekte bytting

Fairytale Fights er ei katastrofe. Det er eit spel med mange potensielt gode kvalitetar som blir brutalt lemlesta av ein totalitær forakt for alt som har med interaktivitet og speleglede å gjere. I essensen er det eit sideskrollande plattformspel. Du startar i ein ende, og sluttar i den andre. Du spelar som ein liten helt frå gamle folkeeventyr, om det så er den nakne keisaren, eller vesle raudhette. Du spring rundt i ei ubegripeleg vakker verd der sterke fargar og tjukke former praktisk talt hoppar ut av skjermen.

Du plukkar opp ei sag og med den høgg du deg veg gjennom tømmermenn, peparkakemenn og forskjellige fantasidyr. Det er så teit at det må jo berre bli moro.

Men slik skulle det ikkje gå. Første feil er kontrollsystemet. I staden for å gjere det enkelt, og bruke eit par knappar for angrep, brukar du den høgre analogstikka for å dele fienden i ein, to, tre eller fire bitar. Du får inga kjensle av å vere i kontakt med våpna på nokon måte. Du finn dungevis med sverdfiskar, sager, økser, kjærleikar på pinne og andre tåpelege våpen, men brorparten av dei er ubrukelege. Du plukkar opp noko på måfå, og trykkjer analogstikka i alle retningar så snart ein fiende kjem nær. Du anar ikkje kva du driv med, først og fremst fordi kulissane lett hindrar deg i å sjå ting, eller på grunn av fiendar som heng på deg slik at alt du eigentleg veit, er at der, inni den klynga der ein stad, der er du. Du må berre kome deg ut først.

Så du trykkjer denne stikka i alle retningar og er du heldig, kjem du deg ut. Om du ikkje har hellet på di side, vil du døy. Som regel har du ikkje hellet med deg.

Ein vakker utopi.

Dødsangst

Det er ikkje slik at du døyr heile tida, dette hadde vore for lett. Som sagt tidlegare er Fairytale Fights eit veldig utspekulert spel, og no skal eg fortelje deg korleis det fungerer.

Du startar eit nivå veldig greitt. Du spring bortover, deler fiendar i to, surfar på nokre blodpølar, og plukkar opp edelsteinar og myntar frå kister og lik. Du finn deg eit kanonbra våpen, og koser deg eigentleg litt. Spelet er sjarmerande i sitt merkelege blodbad, jazzmusikken roar sansane, og den stadig aukande summen med pengar ser veldig pen ut. Du har 80 000 myntar i banken, og sjølv om du eigentleg ikkje har noko spesielt å bruke dei på, er det eit pent tal. Vi likar store tal, dei motiverer og engasjerer. Dei gir oss eit mål.

Du er på toppen av verda. Du har eit våpen som tek knekken på det meste ganske kjapt, du har masse pengar, og akkurat no har du det faktisk litt moro. Du spring nedover ein bakke, og før du veit ordet av det stikk ørten knivblad opp frå jorda. Du er daud. Høyrer du? Du er eit blodig lik på bakken, og den summen som for nokre sekund sidan var 80 000 har no brått blitt brutalisert til ynkelege 60 000. Våpenet ditt flaug utanfor rekkevidde, og brått er du på bar bakke.

Djupt såra og vonbroten held du vidare, berre for å finne ut at bak neste dør ligg ein sjefskamp.

Ok, takk skal du faen meg ha. Her har eg mykje pengar, og eit fantastisk våpen, og så vel du å ta det vekk rett før eg verkeleg har bruk for det? Det verste er at med mindre Playlogic er ein fullstendig inkompetent gjeng som ikkje er i stand til å sjå korleis nivådesignen deira fungerer i praksis, så visste dei at dette ville skje. Det er som om utviklarane har gjort kva dei kan for å sørgje for at absolutt ingen nokon sinne vil ta i eit Playlogic-spel igjen.

1: Side 1
2: Side 2

Siste fra forsiden