Anmeldelse

Little Inferno

Pyromanien lenge leve!

Eg kjenner ikkje det menneske som ikkje har ein liten pyroman inni seg. Å slenge det eine etter det andre på bålet, og sjå flammen nådelaust fortære det heile med hud og med hår og kalott, som Trond-Viggo så fint seier det. Når det gjeld reint tidsfordriv, er det rett og slett lite som er meir tilfredsstillande enn å brenne ting.

Du er einig, ja? Då er Little Inferno eit spel for deg. Er det brannfaren som gjer det spennande, seier du? Ikkje like gøy på ein ufarleg Nintendo-konsoll? Prøv det likevel! Her får du nemleg ikkje berre brenne ting, du får ei svært lite sjølvhøgtideleg konsekvensutgreiing med på kjøpet. Og ein heil masse moro.

Dinosauren og hans gamle flamme. Og ei tilfeldig kjerring.

Burn, baby, burn!

Du startar spelet stirande inn i din splitter nye «Little Inferno Entertainment Fireplace» og får berre beskjed om å setje i gang med peiskosen, via ein lapp som du sjølvsagt straks set fyr på – stort anna er det førebels ikkje å gjere. Dermed er eventyret i gang: Set fyr på ting, nyt korleis dei reagerer på flammane, plukk opp myntane og frimerka som dukkar opp frå elden, kjøp nye ting frå den stadig større katalogen, og gjer det same om igjen. I korte trekk er det dette spelet går ut på. Utviklarane i Tomorrow Corporation (som blant anna består av folka bak indiehiten World of Goo) held seg til ei ganske enkel oppskrift, som dei til gjengjeld meistrar til fulle. Det tenar dei stort på.

For i all si enkelheit fungerer dette veldig bra. Grafikken er skarp og fin, og den teiknefilmaktige utforminga kler spelet godt. Du kontrollerer det heile enten med ein Wiimote på fjernsynet, eller direkte på Wii U-en sin GamePad. For meg var det siste å føretrekkje, då det både viste seg meir presist og meir behageleg. Fysikken bak flammane er ei historie for seg sjølv, og her har utviklarane verkeleg gjort seg flid. Ting som er laga av papir, tre, murstein, og liknande daglegdagse materialar, reagerer på flammane på gledeleg realistisk vis. Gledeleg er det òg å sjå maiskolben bli omdanna til popkorn på ein augneblink. Om du derimot skulle finne på å slenge noko slikt som månen, eller eit tre frå NES-klassikaren Duck Hunt, inn i peisen, sjå då blir reaksjonen hakket meir uføreseieleg.

Kombinasjonsfyring

Little Inferno er eit forholdsvis ukomplisert spel, og det finst ingen måte å tape eller dø på. For kvar ting ein brenn, dukkar det opp meir pengar i oska enn det du betalte i utgangspunktet, så ein vil heller aldri kunne gå tom for pengar. Og skulle ein likevel vere i beit, er det berre å vente til det dukkar opp ein liten edderkopp på bakveggen i peisen. Set fyr på krypet, og vips: meir pengar.

Ei fortid i speideren kjem alltid til nytte.

Det som finst av utfordring her handlar hovudsakleg om å finne dei rette kombinasjonane av ting å brenne saman. Ein har heile tida tilgang til ei liste med namna på dei forskjellige kombinasjonane – 99 i alt – og ut frå desse namna skal ein då resonnere seg fram til dei to eller tre «ingrediensane» som skal i elden saman. Her er vanskegraden svært variert, frå det heilt enkle – eg trur ikkje eg røper for mykje når eg seier at «Biker Pirate» består av ein sykkel og ein pirat – til både det nokså vage, og det rimeleg innfløkte. Det finst ein og annan kombo som framstår som litt søkt, men dei få gongane eg har sett meg nøydd til å sjekke med det store internettorakelet, har eg stort sett tenkt noko slik som «Ah! Den burde eg ha skjønt.»

Det er ikkje nødvendig å klare samlege kombinasjonar for å kome seg framover i spelet, men ein må ha meistre ein viss del av dei for etter kvart å kunne kjøpe nye katalogar med ting å setje fyr på.

Heldigvis blir dette aldri til eit strev, både fordi det er så gøy å eksperimentere med kombinasjonar, og fordi ein blir dratt framover gjennom historia av brev som ein får med jamne mellomrom – som ein sjølvsagt set fyr på etter å ha lese dei. Gjennom desse breva utfoldar det seg ei snodig, men sjarmerande historie, om nabojenta på andre sida av peisen, som òg har skaffa seg ein Little Inferno Entertainment Fireplace. Ein får òg jamlege vérmeldingsrapportar frå ein underleg skrue i ein varmluftsballong, og saman gir desse korrespondansane etter kvart eit slags vagt bilete av at det faktisk føregår noko utanfor peisen din; det finst ei slags spelverd her. Mot slutten av spelet får ein eit aldri så lite glimt av denne verda, men om det torer eg ikkje røpe noko meir her og no.

Katalogen som får Biltema sin til å sjå ut som ein pamflett

Sjølvironisk samfunnskritikk

Sjølv om Little Inferno er fullt av både humor og varme – det siste i både bokstavleg og overført tyding – er det lett å tolke det heile som ein kommentar til det moderne bruk-og-kast-samfunnet; spelet består stort sett av at ein kjøper eit eller anna unyttig frå ein meir eller mindre glossy katalog, og slenger det i peisen så fort det lar seg gjere. Når ein er inne og kikkar i og kjøper ting frå katalogen, kan ein til og med høyre telefonane kime i bakgrunnen hos – går eg ut ifrå – dei som tar imot bestillingane, nemleg Tomorrow Corporation.

Men ikkje berre det: Ein kan òg merke eit kritisk blikk mot eit anna aspekt ved dagens samfunn, nemleg tidsfordrivet. I dag har veldig mange av oss alle tenkjelege, og enkelte utenkjelege, former for tidsfordriv rundt oss på alle kantar, til alle tider; det å keie seg er knapt nok lenger mogeleg. Ein har nettbrett, berbar PC, stasjonær PC, smarttelefon med alskens applikasjonar, ein har berbare konsollar, stovekonsollar, ein har Steam, Netflix, Spotify, Wimp – kort sagt, tidsfordriv er blitt langt lettare tilgjengeleg enn tid.

Og så kjem dette vesle spelet og meir eller mindre direkte oppfordrar deg til å fordrive tida med å brenne ting. Det er faktisk ikkje berre ei oppfordring, det er nesten eit krav: Alt det ein kan bestille i katalogane, blir levert gjennom spelets postsystem, noko som medfører at kvar ting har si eiga ventetid – jo dyrare tingen er, jo lenger må du vente. Ein kan likevel sørgje for fortgang i systemet gjennom bruk av frimerka som dukkar opp i flammane i blant, då især når ein klarer å finne ein ny kombinasjon.

Guten med svovelstikkene.

Konklusjon

Little Inferno er eit ganske uvanleg spel. Det minner ikkje om noko anna eg har spelt, og det er dermed vanskeleg å finne relevante samanlikningar, men la oss kalle det ein «burn ‘em up».

Det er freistande å påstå at Little Inferno er eit post-moderne eventyrspel – dels fordi det er eit eventyrspel utan heilt å vere det heller; dels fordi det kritiserer blant anna sin eigen bransje, gjennom å stille seg sjølv opp som eit perfekt sjølvrefererande døme på nettopp den tendensen kritikken går ut over. Tomorrow Corporation viser eit sjølvmedvit og ein sjølvironi som er sjeldan vare i dagens spelindustri.

Ikkje det med å seie at det på noko vis er nødvendig å vere einig i kritikken for å kunne ha det gøy med dette spelet. Dette er ikkje eit aspekt som på noko vis verkar påtrengande, og ein kan dermed glatt velje å ignorere det. I staden kan ein eksperimentere med alle dei fantastiske fysiske reaksjonane alle tinga har på flammane. Ein kan vri hjernen i forsøk på å finne ut av kva den no kan vere, den eine tingen ein manglar i den eine kombinasjonen. Ein kan forsøke å spare på dei unike tinga som naboen av og til legg ved i breva sine – ting ein elles ikkje kan få tak i – og sjå om det endrar historia på noko vis om ein vel ikkje å brenne dei. Og når ein i iveren likevel sleng dei på bålet ved eit uhell, så kan ein tenkje «Jaja, så får eg spele gjennom det ein gong til etterpå.»

Det er i det heile noko svært avslappande ved Little Inferno. Kanskje handlar det litt om at ein ikkje kan tape, men minst like mykje trur eg det handlar om at det å brenne ting gjer godt for psyken. Det er noko ved det å berre stire inn i flammen som gir ro i sjela. Og så er det noko ved det å slenge ei miniatombombe inn i brannen, slik at alt av oske og kol som hadde samla seg opp der inne blir borte som dogg for sola, som berre ropar ut: «Katarsis!»

Little Inferno er i sal for Wii U (testet) gjennom Nintendo eShop eller til PC via den offisielle nettstaden.

Siste fra forsiden