Anmeldelse

Magnacarta 2

Ei skjult perle

Ei haltande historie kan ikkje knuse denne koreanske juvelen.

1: Side 1
2: Side 2

Min eigen herre

Noko av det beste ved Magnacarta 2 er korleis du byggjer opp karakterane i gruppa di. Du gjer dette utelukkande basert på kva våpen du brukar, og alle erfaringspoeng du får aukar statistikkane utan at du har kontroll over dei. I staden får du eigenskapspoeng kvar gong du går opp i erfaringsnivå. Desse brukar du på dei to forskjellige våpenstilane kvar karakter har tilgjengeleg. Ved å ha to stilar, har du praktisk talt to klassar tilgjengeleg per karakter, og dette gir deg mykje rom for å skreddarsy ting etter din smak.

Til dømes finn vi nokre karakterar som med eitt våpen blir svært fokusert på magi, medan dei med eit anna våpen går i nærkamp. Ein litt meir kritisk forskjell, er korleis ein karakter kan skifte mellom stilar som gir offensiv magi eller forsvarsmagi. Det er heile tida noko å tenkje over, og dette gir spelet ei solid djupne som aldri blir overveldande. Samtidig bringer det ein enorm variasjon til spelet. Kvar einaste karakter har to unike element å bringe til kampane, og dette sørgjer for at du har enormt mykje spelerom for å lage di perfekte samansetning.

I tillegg til dette kan du finjustere kvart våpen. Alle våpen har små hol du kan leggje forskjellige steinar inn i, noko som ikkje er noko nytt i seg sjølv, men som ikkje er vanleg i denne sjangeren. Med desse steinane kan du justere ting som styrke, forsvar og forskjellige magiske statistikkar. Om du skulle få eit nytt og betre våpen, kan du i tillegg fjerne alle steinane frå det førre du brukte, noko som er eit veldig smart trekk frå Softmax si side. Kor mange har vel ikkje vegra seg for å bruke opp dei gode steinane i eitt eller anna rollespel, fordi ein fryktar at ein kanskje kastar dei bort på feil våpen?

Eit variabelt ytre

Magnacarta 2 er eit spel som sprikar i mange retningar. Det har ein tidvis fantastisk karakterdesign frå den koreanske teiknaren Hyung-tae Kim, men denne er ikkje alltid like godt overført til den tredimensjonale verda. Kvinnene hans ser for det meste fabelaktige ut, men mannfolka ser ofte ut som nokre absurde misfoster frå ei anna verd. Det er med andre ord tydeleg å sjå kvar utviklarane har brukt mest tid og krefter.

Samtidig blir det veldig tydeleg kor stor forskjellen er på dei viktige personane, og dei som ikkje betyr noko i lengda. Når to personar snakkar saman, og den eine av dei har ei lita rolle, vil denne personen ofte sjå ut som om han ikkje berre er designa av ein anna teiknar, men i tillegg er modelleringa og tekstureringa mange hakk under kva som er standaren på hovudpersonane. At bikarakterar blir nedprioriterte er ikkje noko nytt, men her blir det smerteleg tydeleg, og det er ikkje akkurat noko spelet tener på.

I tillegg er det stor variasjon i korleis områda ser ut. Som sagt tidlegare, er designen generelt svært god, og verda kjem til live på ein god måte. Byane sprudlar av liv, og dei små detaljane som ligg planta overalt, er det vesle ekstra som dreg deg inn. Diverre er kvaliteten på forskjellige objekt svært variabel. Ei dør kan til dømes vere svært detaljert, medan veggen bak ser ut som eit tåketeppe. Dette er noko som går igjen stort sett overalt, med få unntak. Når det er sagt, er det absolutt område og skapningar i spelet som ser veldig pene ut, men det er først og fremst frå eit estetisk standpunkt, ikkje eit teknisk.

Musikken er imidlertid forbløffande bra, og sjølv om mykje går om igjen er det ein fantastisk variasjon her. Den eine stunda høyrer du ambiente og stemningsfulle tonar, før det går over i lystige melodiar med obo, trekkspel og perkusjon framført av klappane hender. Musikken er det vesle ekstra som pustar ei solid dose med liv og sjel inn i spelet, og du bør ikkje bli overraska om ein eller fleire melodiar skulle setje seg fast på hjernen.

Konklusjon

Magnacarta 2 er definitivt ikkje eit spel for alle. Det tek mykje tid å verkeleg kome inn i spelet, men når du først kjem så langt, er det eit spel det er utruleg vanskeleg å leggje frå seg. Historia er kanskje ikkje den beste, men den gror likevel på deg med tid, og den er det einaste verkeleg negative punktet ved spelet. Det er klart grafikken kunne ha vore meir polert, men den er ikkje noko som går utover kor artig det faktisk er å spele spelet.

Det viser seg etter kvart at det ikkje nødvendigvis er handlinga og hovudpersonane du blir glad i, men verda. Det er noko unikt og behageleg med å reise rundt i Lanzheim, angripe nokre monster og høyre på god musikk. Med eit engasjerande kampsystem, og smart oppbygging av karakterane, er det lett å forsvinne inn i spelet i mange timar om gangen.

Magnacarta 2 er eit av dei mest minneverdige rollespela dei siste åra. Det er eit triveleg spel, og eit spel som gjer ting på sin eigen unike måte. Det har absolutt nokre negative sider, men alt i alt er dette eit spel ein kvar JRPG-entusiast bør ta ein grundig kikk på.

Magnacarta 2 kommer i salg 16. oktober, kun for Xbox 360.

1: Side 1
2: Side 2

Siste fra forsiden