Anmeldelse

Monster Hunter Freedom Unite

Jaktsesongen har starta

Pakk ryggsekken og slip sverdet, vi skal på fjellet for å jakte monstrøse beist.

Etter fleirfaldige timar med det siste leddet i Monster Hunter-serien, sit eg med blanda kjensler. På den eine sida kan eg absolutt sjå kvifor denne serien har nådd ein eksepsjonell popularitet i Japan. På den andre, skjønar eg ikkje kvifor Capcom konsekvent har ignorert å rette opp dei openbare og kritiske problema som hindrar spelet i å bli det makelause eventyret det kunne ha vore.

Kontrollfrustrasjon

Vi kan starte med det som trekk ned. Monster Hunter Freedom Unite slit med dei same kontrollproblema som tidlegare spel i serien. Ting er vanskelegare enn dei på nokon måte treng vere. Vi blir overlessa med lange animasjonar, trege kontrollar, og eit kamera som konsekvent jobbar mot oss.

Om du skal gjere noko så enkelt som å drikke ein helsedrikk, må du ikkje berre gjennom animasjonen for sjølve drikkeseansen. Du må sjå sigersposituren òg. Skal du ta inn noko som helst av føde, må du først slenge våpenet på ryggen, drikke, og hente det fram igjen, før du går tilbake til kampen. Det høyrest kanskje ikkje så ille ut, men når du slenger den eine animasjonen oppå den andre, blir det etter kvart ei ganske lang rekke med ting som tek mykje tid.

Set dette opp mot fiendar som hoppar fram og tilbake lynraskt og nådelaust, og du har eit spel som handlar mykje mindre om kjappe reaksjonar, enn om god planlegging for kvar minste ting du skal gjere.

Det verste er likevel kameraet. Den einaste måten du kan justere det på, er ved å sentrere det bak deg. Du kan rotere det, men du gjer dette via piltastane – som ligg over analogstikka – og då seier det seg sjølv at du har null kontroll over kameraet medan du spring rundt. Det heile endar opp med å springe rundt nesten på måfå, sentrere kameraet med ein ryggknappen, og håpe du får fienden i synsfeltet. Det fungerer ikkje på nokon som helst slags form for akseptabel måte, og det burde ha vore gjort noko med for lenge sidan.

Det spirar og gror

Du blir likevel vand med det heile etter ei stund. Om du investerer mange timar i spelet, sluttar du å irritere deg så mykje over det, og kan i staden fokusere på det du er her for å gjere; drepe forskjellige dyr i alle former og fasongar. Drepe dei nådelaust og utan sympati. Dette er eit spel som for ein dyreglad person som meg sjølv tidvis blir litt vanskeleg å akseptere. Spesielt når du blir møtt av ein flokk med store planteetarar, som i tillegg har ungar med seg. Du veit at den einaste grunnen til at dei er der, er slik at du kan drepe dei og hente ut råmateriale som bein og kjøt.

For det er her heile poenget med Monster Hunter-serien ligg. Du er ein jeger, og du skal drepe større og større monster i ei evig jakt på nye trofé. Det finnest ingen andre overhengande mål, det er berre snakk om å ta livet av den eine skapningen etter den andre.

For å klare dette, må du ta dei same oppdraga om igjen mange gongar. Du finn ingen erfaringspoeng og nivå i dette spelet. Her er det utstyret som gjeld, og utstyr kostar pengar og råmateriale. Du kan velje å berre kjøpe nytt utstyr frå ei sjappe, men då endar du sjeldan opp med den høgste kvaliteten. For å optimalisere utstyret ditt, må du lage det i ei sjappe. Du får sjå kva du treng for å lage betre utstyr, og du legg ut på oppdrag for å drepe dei skapningane du kan hente desse materiala frå. For å lage ein ny hjelm, treng du kanskje skjel frå Velociprey, medan eit nytt sverd treng ei skarp klo. Det blir ei evig jakt på nye materiale, og sakte men sikkert har du forvilla deg inn i eit timesluk du aldri har sett maken til.

Det er akkurat her den store suksessformelen ligg. Spelet gir deg heile tida nye ting å strekkje deg etter. Du kan sjå lista full av nytt utstyr, men du ser samtidig at du ikkje er godt nok utrusta for å gå i kamp mot dei dyra du må drepe. Du må gjere deg klar, og dette gjer du gjennom å leggje ut på jakt etter monster du har drepe mange gongar før. Alt er ei jakt på materiale, og når du endeleg har alt du treng, kan du ta steget vidare mot betre utstyr, noko som igjen gjer deg betre utrusta til å kjempe mot farlegare beist.

Aleine er du ingenting

Eit problem med Monster Hunter-serien er at det har praktisk talt vore heilt umogleg å spele det aleine. Det blir for vanskeleg. Du blir kasta rett inn i sjukt harde kampar, og du får gang på gang rumpa di servert på sølvfat, med store bitemerke i. For å få fullt utbytte av spelet er du heilt nøydt til å spele det saman med nokon andre, men dette er ikkje alltid like lett sidan Capcom enno ikkje har klart å inkludere online-funksjonalitet. Skal du spele med andre, må du pent ha ein ven som òg har spelet.

Som eit endeleg botemiddel på dette, kan du i Unite hyre små kattar. Desse kattane har vore eit viktig element i serien lenge, men først og fremst for deira kokkekunstar. I Unite kan du ta dei med deg på eventyr. Dette er gull verdt, sidan dei gradvis blir sterkare ut av kva preferansar du vel for dei, samtidig som dei byr på ein verdifull distraksjon for fiendane du kjempar mot. Om du er i kamp mot ei enorm flygande øgle, er det veldig greitt å gi denne skapningen meir enn eitt mål å sikte mot.

Du kan diverre ikkje ta med deg kattane om du spelar saman med andre. Dette kunne godt ha vore tilfelle, sidan spelet støttar opp mot fire spelarar. To spelarar med kvar sin katt kunne ha simulert dette ganske greitt.

Uansett er det i fleirspelaren at den store moroa kjem. Det blir som ein enkel versjon av eit MMO, der du vel deg eit oppdrag, og legg ut på det saman med opp mot tre vener. Det er eit hav av strategiar å oppdage, og spelet inneheld eit svært variert utval med forskjellige våpen som alle er veldig forskjellige frå kvarandre. I tillegg finn vi feller og lokkemat som i enda større grad hjelper deg med å finne nye måtar å gjere ting på.

Den beste kjensla du får i Monster Hunter Freedom Unite, er når du endeleg tek hemn mot eit beist som banka livskiten ut av deg tidlegare. Ein innser at alt ikkje handlar om å ha «best» utstyr. Det handlar like mykje om å vite kva ein skal gjere. Kjenne fienden sitt angrepsmønster, vite kva dei er svake mot, og utnytte det. Etter kvart som timane går, merkar du at du har gått frå å vere ein grønskolling fullstendig utan peiling, til å bli ein erfaren jeger som veit kva han skal gjere i ein kvar situasjon. Om det så er å lure fienden trill rundt, eller ta halen mellom beina og springe.

Mange distraksjonar

Det er ikkje alt som handlar om å drepe uskuldige planteetarar, og blodtørstig dinosauravskum. Mykje av tida di vil gå med på å rett og slett plukke blomar. Dei forskjellige områda er stappfulle av forskjellige ressursar og materiale, om det så er urter, insekt, eller forskjellige former for metall. Du endar opp med å saumfare eit kvart område for sprekkar i fjella, sopp under eit tre, små lys som indikerer insekt, og ei og anna plante som skil seg litt ut. Er du riktig heldig kan du kanskje få deg litt fisk i sjøen.

Det er lett å blir overivrig, og før du veit ordet av det, er ryggsekken din full, og du må byrje å velje og vrake i kva du vil ha med deg.

Du får litt fri frå dette gjennom enda eit nytt tilskot til serien. Rett utanfor landsbyen – som fungerer som basen for jakteventyra dine – ligg Pokke Farm. Her kan du etter kvart som du sankar Pokke-poeng, restaurere området. Dette vil gi deg gode jorde å plante frø i, tre å plukke sopp frå, eller ein stige for å nå nye område å hakke metall frå. Det er ein veldig grei og positiv del av spelet som let deg sanke forskjellige materiale utan å måtte stresse for mykje med det når du er på jakt.

Vakkert i lyd og bilete

Monster Hunter Freedom Unite er på same måte som dei tidlegare spela i serien eit veldig vakkert spel. Dei forskjellige områda i spelet er realiserte på ein glimrande måte, og du får verkeleg kjensla av å vere på fjellet, eller i ein dampande heit ørken. Det er likevel animasjonane som først og fremst overbeviser. Sjølv om dei kan bli unødvendige lange og store i mangfald til tider, går det ikkje an å nekte for at dei pustar mykje liv inn i spelet. Dei dreg det heile ned mot jorda, og får deg til å tru på det. Vi snakkar ikkje om overmenneske som legg ut på jakt her, du kan tydeleg sjå at desse jegerane på alle måtar er sårbare.

Den flotte grafikken blir berre trumfa av det fantastiske lydbiletet. Det er ikkje mykje musikk i spelet, men du merkar tidleg at det ikkje er noko behov for det. Dei fantastiske lydeffektene gjer ein eksemplarisk jobb i å dra deg inn i denne eksotiske verda. Alt frå fotsteg til lydane som kjem når du ladar om våpenet ditt, er bygd opp med omhug og presisjon. Det er så bra gjort, at du kan vere ganske trygg på at dette er eit av dei få spela du kan kjenne igjen berre ved å høyre nokre sekund med lyd.

Konklusjon

Monster Hunter Freedom Unite er definitivt ikkje for alle. Det er eit spel som krev mykje innsats for å få utteljing, og som har ein veldig hard læringskurve. Når du gir spelet tid, og etter kvart meistrar dei forskjellige verktya du har til disposisjon, byrjar du derimot å verkeleg få opp auga for kva dette spelet har å by på. Om du har nokre vener å spele med, blir Monster Hunter Freedom Unite eit spel du utan å nøle spelar berre litt til. Om det så er for å legge ut på jakt saman med vener, eller for å sjå om du kanskje er heldig og får dei materiala du treng for å forbetre våpenet ditt.

Om Capcom tek til vett, og finpolerer kontrollsystemet før neste versjon, samt tek ei totalrenovering på kameraet, kan serien raskt blir enda betre, og med det nå eit enda større publikum. Det hadde heller ikkje skada å få spele online, i staden for å håpe at nokon du kjenner òg vil kjøpe spelet.

Siste fra forsiden