Anmeldelse

Ninja Gaiden 3

Ein velkjend ninja på ukjent farevatn.

Det tek ikkje mange sekunda før det blir veldig tydeleg at noko har skjedd sidan sjefsninja Tomonobu Itagaki hoppa av Ninja-skuta og overlet roret til resten av Team Ninja-gjengen. Det første som skjer er at den kjære ninjahelten vår Ryu Hayabusa dreg av seg maska og viser sitt sanne andlet. Det andre er ein stor bokstav som blinkar valdeleg på skjermen så hardt at kva du no enn måtte drikke kjem i ein smertefull retur ut nasebora.

Kva i alle svartaste avkrokar av det yttarste mørke er det som har skjedd her?

Ny tid

Det er litt vanskeleg å vite korleis ein skal tolke situasjonen. Har eit utviklarteam som i mange år har stått i skuggen til sin frontperson eit enormt eksponeringsbehov som får dei til å gjere alt det dei aldri før fekk lov til? Har den tyranniske handa til Itagaki knust alle idear? Er utviklarane no så glade for å vere fri frå sine taumar at dei gløymer å tenkje kritisk?

Det er ikkje mangel på blod, men flygande kroppsdelar er borte.

Resultatet er i alle fall noko uventa. Ein serie som har bygd sin popularitet på å vere brutalt vanskeleg, kompromisslaus og regelrett sadistisk har endra ham, og føyer seg inn i rekka av spel som helst skal appellere til flest mogleg. Det er verken andletet til Ryu eller blinkande knappar på skjermen som gjer dette tydeleg. Nei, det er noko heilt anna som verkeleg får deg til å innsjå at Ninja Gaiden ikkje lenger er det det ein gong var.

Spelet er ikkje utfordrande på noko tidspunkt. Eitt og anna møte med ein større fiende vil kanskje få deg til å bite tenna saman nokre sekund før du lærer deg taktikken som tek knekken på det meste på faretrugande kort tid. Dei fleste kampar kan valsast gjennom berre ved å hamre på ein av dei to angrepsknappane, og i staden for å få kjensla av at du er ein vanvittig krigar, er det tydeleg at det er fyren på skjermen som tek seg av jobben.

Komboangrep, tunga beint i kjeften og kjappe reaksjonar er alle dinosaurar som ikkje høyrer heime her. Møter du fiendar er det berre å hamre laus, skli unna nokre angrep, og ein og annan gong dundre til med det kraftige angrepet for å slå gjennom eit forsvar. Det som måtte finnest av utfordring kjem utelukkande gjennom store mengder fiendar som gjerne slår til samtidig og frå mange kantar, men dette kan du unngå ved å tenkje forsvar. Blokkering og sklitaklingar ordnar som regel opp.

Om du ikkje var sterk nok frå før har du to overlegne angrep som knuser det meste på skjermen. Bygg opp eit meter og Ryu kan mane fram ein gyllen drage som fresar og tyggjer opp det meste innan rekkevidd. Om ikkje dette skulle vere nok til å ta alt på ein gong byrjar armen til Ryu titt og stadig å flamme raudt, noko som betyr at du kan få han til å fly frå den eine fienden etter den andre for kjapp avliving. Sjølvsagt utan at du må gjere noko som helst utanom å setje i gong prosessen.

Ingen mangel på fyrverkeri.

Kva skjedde?

Mektige Ryu er blitt så mektig at han nesten ikkje treng di hjelp lenger. Korleis du vil reagere på dette vil nok variere stort etter kva erfaring du har med serien frå før. Er du erfaren spelar som stolt skryt av dine prestasjonar er Ninja Gaiden 3 nærast for eit hån å reikne. Om det heile alltid har hatt ein viss appell, men blei for vanskeleg til at du orka ta på deg jobben er du heldig. Dette spelet kan absolutt underhalde, og når dødsskrika syng klagesongar frå høgtalarane er det lett å innrømme at joda, dette er ganske moro.

Trass si uhyre forenkla tilnærming til ein strengt tatt særs velfungerande formel, er ikkje Ninja Gaiden 3 eit dårleg spel. Det er berre eit veldig annleis spel. Kampane er underhaldande sjølv om dei ikkje byr på den heilt store utfordringa, og det heile blir krydra med eit flust av spenstige avslutningsanimasjonar som gjer det heile til ein ganske spektakulær valdsfest. Sjølv om du høvlar over fiendane som ein eit isfjell på jakt etter Titanic er den konstante straumen av fiendar nok til å halde deg konsentrert. Det er ikkje stor variasjon i kva fiendar som dukkar opp, men dei kjem i blanda grupper, og du blir konstant nøydt til å skifte litt på korleis du går fram. Spelet blir aldri stilleståande, og om du ikkje lærer deg fiendane sine angrepsmønster vil du døy.

Samtidig er det solid variasjon i dei forskjellige områda spelet byr på. Gjennom dei sju dagane spelet tek føre seg reiser du til alt frå ørken og jungel til hangarskip og Antarktis. Alle dei forskjellige områda byr samtidig på sine særeigne utfordringar. I ein ørken må du gjennom støvskya skyte eksplosive piler på kjerrer som sirklar rundt deg, og midt på det opne hav hoppar du frå det eine skipet etter det andre via godt plasserte kontekst-sensitive manøvreringar medan du knuser alt som finnest av forsvarsverk.

Spelet har ein god driv, og du blir konstant dytta vidare. Både medan du spelar og gjennom fleire ganske forseggjorde filmsekvensar. Ting kan skje midt under ein kamp, og sjølv om dette kan vere noko distraherande her og der, er det stort sett godt planlagt. Samtidig gjer dei forskjellige skodespelarane ein veldig god jobb, og leverer overbevisande prestasjonar. Spesielt Troy Baker som Ryu leverer varene med stil. Historia er ikkje akkurat gull verd, men det er likevel ei solid – dog smerteleg forutsigbar – vidareføring av det gode gamle «gal mann vil knuse verda med genteknologi og tankar om ei betre verd»-konseptet.

Berre kyllingar gøymer seg bak masker.

Til ein kvar pris

Eit stort sakn i Ninja Gaiden 3 er den valfridomen du før fekk i korleis du ville spele. Der du tidlegare kunne velje mellom fleire forskjellige våpen som sverd, to sverd og stav, er du no låst til berre eitt sverd gjennom heile spelet, og du har heller ingen oppgraderingar å ty til. Du får riktig nok tilgang på ein boge som blir ganske nyttig i å ta ned fiendar med rakettkastarar, men kasteknivane får du ikkje bruk for utanom ein og annan gong der du må klatre opp ein vegg.

Ninjahopp og eit par sprang langs ein vegg eller to dukkar opp, men dei er som regel små og rimeleg anonyme detaljar som aldri gjer noko stort ut av seg. Dette kjem igjen i enkelte element som framstår som veldig lite gjennomtenkte. I starten får du til dømes opplæring i å snike deg inn på fiendar for ei kjapp og stille likvidering, men så snart du har gjort dette nokre få gongar gjer du det aldri igjen. Eit enda snodigare element er korleis du av og til står ovanfor ein fallen fiende som tryglar om livet. Det er lett å få inntrykket av at spelet prøvar å fortelje deg at du no har eit val, men du har ikkje noko val. Enten slår du eit slag for den usympatiske død, eller så blir du ståande der.

Det er uhyre lettvindt. Dei kloke idear som skulle finnest i spelet druknar og forsvinn i snarvegar og forenklingar som gjer Ninja Gaiden 3 til eit spel som lovar mykje meir enn det leverer. Spelet viser teikn til store tankar og idear, men gjennomføringa er alltid den enklast moglege. Dette er ikkje nødvendigvis ein utelukkande negativ ting, men der serien alltid har hatt fleire element som saman skapte noko fantastisk, er det no redusert til å berre satse på kampane. Det fungerer, det er moro, men det er som eit smakfullt måltid der du likevel ser deg nøydd til å sjå deg rundt etter litt krydder.

Eitt nytt element skal riktig nok Team Ninja ha honnør for å dytte inn i spelet. Ved eit enkelt trykk på stikka snur Ryu seg i den retninga han skal gå, og dette kompasset er noko du vil ende opp med å bruke ofte. Som eit resultat blir progresjonen rask, og du flyttar deg i høgt tempo frå det eine område til det andre.

Raud røyk tyder stort sett massedrap.

Konklusjon

Sjølv om eg har hatt stor moro med å la Ninja Gaiden pryle rumpa mi både gul og blå før, har eg aldri vore lidenskapleg oppteken av serien. Difor kan eg ikkje heilt setje meg inn i kva ein blodfan tenkjer akkurat no. Dette er på ingen måte det spelet ein forventar når ein ser kva namn som står på boksen. Det ser likt ut, det oppfører seg stort sett likt, men så snart ein kjem inn i det er Ninja Gaiden 3 noko heilt anna enn kva vi er vande med.

Det har sine utfordringar men dei får deg aldri til å banne høgt. Dette er eit tap. Du blir aldri dytta til smertegrensa, og som eit resultat får du aldri erfare den kjensla av kjærleg adrenalin som vellar over deg når du endeleg kjem deg gjennom den blodharde utfordringa som har gjort livet surt den siste timen.

I staden brukar du tida på å høvle over den eine bølgja av fiendar etter den andre, mørbanke ein dinosaur, og ta nokre sklitaklingar om du ser eit angrep kanskje kan kome til å treffe deg. Om du er på jakt etter grisebank er eg redd du må vente ei stund til.

Ninja Gaiden 3 er i sal for Xbox 360 (testet) og PlayStation 3.

Siste fra forsiden