Anmeldelse

Phantasy Star Ø

Gammaldags moro

Det er ikkje mykje nytt å spore frå fronten i år.

I mitt yrke blir ein av og til stilt ovanfor forskjellige utfordringar. Ei av dei er når eit spel dukkar opp som i aksjon er så uoriginalt at det nesten er kriminelt. Når eit spel ikkje gjer noko nytt, og på alle punkt hentar sitt innhald frå produkt som har vore ute i butikkane i fleire år, er det godt nok? Sjølv om eit spel skulle underhalde, er det alt som skal til når ein lett kan sjå at det ikkje har blitt gjort eit einaste forsøk på å tenkje nytt?

Phantasy Star Ø er eit slikt spel, og sjølv om det ikkje gjer noko nytt på nokon som helst måte, er det eit fornøyeleg spel det er svært lett å plukke opp for ei lite stund med underhaldning her og der. Sjølvsagt kan du spele mykje lengre enn som så, men i sitt format er spelet som skapt for å slå i hel ein kort busstur eller liknande.

Spelet er krydra med ein og annan lekker sekvens.

Romfantasi

Sjølv om Phantasy Star-serien dei siste åra har promotert seg som ein slags mini-MMO-serie, går røtene mykje lengre tilbake. Dette er eit spel med ein klassisk «stille» protagonist. I likskap med andre nettbaserte spel på forskjellige plattformer, får du i Phantasy Star Ø sjansen til å lage din eigen figur. Du får velje mellom tre rasar, og innanfor kvar av dei finn vi forskjellige klassar som alle tek i bruk forskjellige våpen.

Forskjellen frå ein del andre nettbaserte spel er at du her har ei markant historie som faktisk er ganske artig. Den tek aldri seg sjølv seriøst, og er full av både humor og dramatikk som blir slengt mot deg i eit godt tempo. Kvar rase har si eiga historie, og om du likar spelets heller repeterande natur, har du framfor deg eit spel du kan spele om igjen eit par gongar.

Uavhengig av rase og historie vil mykje likevel vere nøyaktig det same. Du startar i ein knøttliten by som fungerer som basen din, og her finn du forskjellige forretningar, samt ein base for å ta forskjellige oppdrag. Som i dei fleste andre rollespel får du valet om å ta på deg fleire forskjellige sideoppdrag ved sidan av det som driv historia vidare, og desse er ei god kjelde for både erfaringspoeng og nytt utstyr.

Phantasy Star Ø er designmessig eit veldig enkelt spel som først og fremst gir deg eitt formål; å finne nytt utstyr. Alle oppdrag du dreg ut på sender deg gjennom forskjellige område der gangar og vegar knyt saman forskjellige område skreddarsydd for kamp. Etter at du har luka ut alle fiendar i eit område dukkar ei skattekiste opp, og denne inneheld alt frå pengar til våpen. Mykje av motivasjonen i spelet endar opp med å bli den endelause jakta på nytt og betre utstyr, og det er ei jakt det er lett å bli engasjert av.

I byen gjer du deg klar for oppdrag ...

Min kostelege

Det er riktig nok ikkje alle som vil bli like smitta av våpenbasillen. Om du verkeleg skal gå i detalj, kan du sortere våpen på hårfin basis. Mykje av det du finn er ikkje stort betre enn det du allereie har, og du endar difor raskt opp med eit ganske tydeleg val. Anten kan du halde fram med å byte våpen kvar gong du finn noko som er hakket betre, eller du kan oppgradere det du allereie har. Medan du reinskar ut forskjellige område finn du forskjellige gjenstandar som du kan oppgradere det du måtte ha av utstyr med. Etter kvart kan det bli eit større mål i å byggje opp det du har, enn å finne noko nytt. Alt utstyr har derimot ei øvre grense, så det kan vere litt farleg å slå seg til ro for tidleg.

Det er fleire steg til oppgradering, og etter kvart kan du gå til forskjellige sjapper for å leggje eigenskapar på utstyret ditt, eller for å byggje nye ting. Spelet utviklar og utivdar seg kontinuerleg, og sjølv om det aldri blir spesielt avansert, er det nok til å engasjere.

Oppgradering er noko som går igjen i spelet, og då spesielt gjennom ein liten partner som flyt bak deg. Denne blir kalla ein Mag, og den kan utvikle forskjellige eigenskapar som hjelper deg i kamp etter kvart som du matar den med gjenstandar. Ein Mag kan ete alt du har, og kva du gir han vil ha stort utslag på korleis han veks. Ein veldig vanleg gjenstand vil til dømes ikkje gjere stort, medan eit sjeldant og kraftig våpen vil gjere Mag-en mykje sterkare. Ein annan ting å passe på er korleis forskjellige gjenstandar har motsett effekt. Om du ikkje heng med i svingane kan du ende opp med å først gjere Magen fysisk sterkare, berre for å etterpå gjere han svakare.

... før du kastar deg ut i kamp.

Tre-stegs kamp

Kampane i Phantasy Star Ø er spelets største styrke og svakheit på same tid. Først og fremst er det så lettfatteleg og enkelt å kome inn i at ein umiddelbart får ei god meistringskjensle. Spelet nyttar eit enkelt kombosystem der du må trykkje inn dei to forskjellige angrepa tre gangar for å få eit sterkare angrep som avslutning. Det er veldig enkelt, og når timinga etter kort tid sit som den skal, kjem du til å utføre det eine komboangrepet etter det andre.

Utover dette har forskjellige rasar forskjellige eigenskapar. Nokre kan bruke spesialangrep og magi medan andre ikkje kan det. Utføringa av forskjellige angrep uavhengig av format er likevel den same, og byr strengt tatt ikkje på mykje variasjon utover basisformelen.

Dette er òg spelets største problem. Du merkar raskt at du gjer det same heile tida, og sjølv om spelet absolutt er i stand til å engasjere, blir det litt for lite til å verkeleg halde engasjementet oppe.

Å spele gjennom historia i Phantasy Star Ø kan vere triveleg, men du blir likevel obs på mange håplause manglar. Først og fremst gjeld dette ein kunstig intelligens som ikkje liknar grisen. Å spele aleine allierer deg med nokre figurar i spelet, og når desse spring side om side med deg ute i jaktområda, er det nesten hårreisande kva dei kan finne på. Dei har null respekt for døden, og stiller seg gjerne opp rett oppå ei felle der halvmeter lange jernpiggar skyt opp med jamne mellomrom. Der skal dei stå og skyte mot fienden. Ein skulle tru det ikkje var mykje koding som skulle til for å inkludere noko slikt som «au=spring», men eg kan jo sjølvsagt ta feil.

Detaljert informasjon for den interesserte.

Aldri aleine

Sidan du må alliere deg med kronidiotar om du vil ha med deg historia, er det litt vanskeleg å unnskylde Phantasy Star Ø som eit spel meint for fleirspelar. Det er i essensen både fleirspelar og einspelar, og begge to fungerer godt, sjølv om den eine har nokre store og tidvis smertefulle manglar.

Det er ingen tvil om kvar den største moroa ligg, og det er på nettet. Her kan du anten velje å søke etter nokon å spele med, eller du kan spele med vener. Spelar du med vener kan du bruke trykkskjermen til å skrive beskjedar til kvarandre, medan du med framande berre kan velje frå ei liste. Dette er eigentleg ganske tåpeleg at det er slik, men det betyr eigentleg ikkje så mykje sidan du sjeldan har mykje tid til å skrive beskjedar midt i ein kamp uansett.

Underhaldninga kjem utelukkande frå å vere fleire om å ta ned fiendane, sidan spelet ikkje har rom for mykje strategi. Forskjellige rasar og klassar har forskjellige typar våpen, og det meste du finn av taktisk krigføring kjem gjennom korleis ein vel å nytte dette. Nokon vil sjølvsagt springe fram med eit sverd, medan nokon står bak og skyt. Smart bruke av helsegjenstandar er samtidig veldig viktig for å halde kampen gåande. Å ha nokon til å sjå over skuldra di midt i ein prekær situasjon kjem godt med.

Fordelande med det sosiale aspektet gjer seg til kjenne umiddelbart, og det er noko heilt anna å springe rundt saman med tre personar i staden for tre hjernedaude binære kodar. Å spele aleine fungerer godt for små økter, medan samarbeid opnar for hygge i fleire timar.

Kameraet er ikkje alltid det beste.

Konklusjon

Phantasy Star Ø er eit triveleg spel som gjer frykteleg lite nytt. Det gjer akkurat det same som mange andre spel, og av denne grunn er det lett å få ei kjensle av at det heile er ganske gammalt. Spelet gjer ingenting nytt på noko punkt, og sjølv om det fungerer heilt greitt, hindrar det spelet i gjere seg sjølv minneverdig.

Systema for å oppgradere utstyret ditt er gode, men dei er så minimale at du aldri får lov til å verkeleg gå i detalj. Spelets beste side er historia som sjølv om den er veldig tradisjonell, har ein sjarme og ein humor som gjer den verdt å følgje med på. Ved sidan av den er det moro å spele saman med andre, og sjølv om dei strategiske moglegheitene ikkje er dei største, er det mykje artigare å angripe eit enormt monster saman med vener, i staden for å gjere det aleine.

Har du lyst på litt enkel rollespel-hygge på DS er Phantasy Star Ø eit heilt greitt val.

Siste fra forsiden