Anmeldelse

Rocksmith

Kan eit spel utkonkurrere gitartimar?

Gjennom oktober har eg køyrt ein liten bloggserie her på Gamer.no. I den har eg gått gjennom dei ulike delane av gitarspelet Rocksmith i detalj. Målet med dette i staden for å dytte ut ei vurdering i løpet av ei veke eller to med speling var å få tid til å sjå korleis eg utvikla meg som gitarist gjenom månaden. Om du er interressert i inngåande detaljar om Rocksmith utover det grunnleggjande, vil eg sterkt råde deg til å lese desse bloggane:

Den enkle oversikta over kva du skal spele.

Øysteins gitarskule, del 1Øysteins gitarskule, del 2Øysteins gitarskule, del 3Øysteins gitarskule, del 4Øysteins gitarskule, del 5

Framtidas gitarlærar

Det er lett å tenkje at Rocksmith berre er neste steg i utviklinga som Guitar Hero-serien starta. Det er på sett og vis riktig, men samtidig veldig feil. Dette er ikkje eit morospel du plukkar opp på festar, sjølv om to personar kan spele samtidig. Det er like mykje eit øvingsprogram som det er eit spel, og gjennom dei mange bolkane spelet byr på får du detaljar om både korleis du skal spele gitaren, korleis du skal stemme den, og tips for å bli raskare og betre.

Målet er altså å lære deg å spele gitar ved å spele ei solid samling låter som varierer mellom tyngre rock og lettare pop. Det byrjar på bar bakke, og spelet går ut ifrå at du kan ingenting om gitar. At du ikkje kan velje meistringsgrad sjølv er litt dumt, men det gjer eigentleg ingenting. Ved å starte i det små får dei som ikkje kan spele gitar tid til å forstå kva dei skal gjere, samtidig som meir erfarne spelarar får tid til å setje seg inn i korleis spelet fungerer før det tek heilt av.

Oppsettet er veldig enkelt. Nedst på skjermen ser du halsen på ein gitar der alle strengane er fargekoda. Over gitarhalsen glir farga boksar nedover skjermen. Fargen samsvarer med strengen dei skal spelast på, og dei har samtidig eit nummer som fortel kva tverrband du skal ta i bruk. Det krev litt tilvenning av reint praktiske årsaker, men det går rimeleg fort, og du bør vere i gong i løpet av kort tid.

Sjølv om spelet startar på lågaste meistringsgrad vil det variere stort kor lenge ein blir der. Er du ny i faget vil det garantert gå sakte å stige i gradene, men erfarne gitaristar vil raskt møte større utfordring. Grunnen til dette er Rocksmiths dynamiske vanskegrad. Alle partia i ei låt er delt opp i individuelle bolkar, og kvar gong du gjer ein slik bolk bra, vil den bli vanskelegare neste gong du spelar den. Du kan raskt ende opp med at ei låt byr på avanserte parti du får til godt, medan andre og meir utfordrande bitar framleis ligg på lågare meistringsgrad sidan partiet av natur er vanskeleg.

Det fungerar utmerka. Sjølv om du kan møte ein liten frustrasjon i at parti du har meistra greitt brått blir betre og må spelast på litt andre måtar, går den raskt over. Det du sit igjen med er eit spel som konstant utfordrar deg og verkeleg gjev deg kjensla av at dette kan du klare. Det er noko fleire spel i alle sjangrar burde ta lærdom av, for det er utruleg lett å bli sitjande i fleire timar berre fordi du veit at det du slit med ikkje er umogleg. Kjensla av å få til eit parti du har slite med lenge er i tillegg vanskeleg å setje ein pris på.

Etter kvart som du spelar kan du låse opp ulike instrument og effekter i ei simulert gitarsamling.

Karriære på grus

Rocksmith er bygd opp rundt ein karrieremodus der du gjenom fleire events får servert ei handfull låter du skal øve på, før du framfører alle på rappen framfor eit publikum. Denne biten kunne ha vore mykje betre. Den gjev deg all den tid til å øve som du treng, og du får instrukjsonar i nye teknikkar kvart event introduserer. Problemet er at heile karrieremodusen gøymer ein av dei viktigaste og beste funksjonane i heile spelet.

Om du går rett inn på den fulle og heile lista over låter i spelet får du tilgang på mykje meir inngåande hjelp for å lære ei låt. Låtlista kan vere vanskeleg å navigere, men heldigvis er det likevel lett å finne alle låtene frå eventet du øver på akkurat no sidan dei hamnar i si eiga fane. Går du inn på ein enkelt song kan du velje ulike øvingsmetodar du ikkje har direkte tilgang på frå karriera. Du kan setje ned farten på låter, og du kan velje ut kva parti du vil øve på. I motsetning til karrieremodusen må du ikkje spele gjennom låta kvar gong for å terpe litt, du kan velje og vrake.

I tillegg kan du velje meistringsgrad sjølv i øvingsmodusen. Er du ekspert, kan du berre skru låta opp på full guffe med ein gong. Kvifor dette ikkje ligg i front på karriæremodusen i staden for å vere gøymt bort i undermenyar er eit mysterium for meg sidan øvingsmodusen er blant det beste Rocksmith har å by på.

Ein annan litt irriterande ting er korleis spelet let deg velje mellom å spele bass og gitar. At du får valet er flott, men at dei to modusane går heilt uavhengige av kvarandre er litt mindre kult. Har du spelt i timar og dagar med gitar heilt til punktet der du susar gjennom låter, må du likevel starte frå null om du plukkar opp bassen. Det er ganske undødig, spelet kunne i det minste ha forstått at utøvaren har vore borti eit strenginstrument og hoppa over leksjonar om dei mest grunnleggjande teknikkane. Samtidig er det litt uforståeleg kvifor dei ulike gitarspela Rocksmith byr på må låsast opp på ny med bass, sjølv om du skulle ha låst dei opp med gitar.

Scale Runner er eit lite stykke genialitet.

Spel med di glede

Gitarspela i Rocksmith er eit ganske smart påfunn for å gjere deg betre og raskare utan at du eigentleg ser det skje. I «Guitarcade» kan du spele mange variantar av simple arkadespel, og det berre med strengane. Kva du får gjere i dei ulike spela varierer stort. Eitt spel skal ha deg til å skyte romvesen ved å spele på rett band, og i eit anna skal du flytte klossar i ei tetrisklone ved å slide strengane.

Den personlege favoritten er likevel utan tvil «Scale Runner». I dette spelet skal du hjelpe ein liten fysak til å overleve lengst mogleg ved hoppe medllom plattformer. Dette gjer du ved å spele på den strengen og det bandet som blir vist på skjermen. Det heile ser ut som ei lang rekkje med plattformer som kjem susande mot deg i stadig høgre fart. Poenget er å spele skalaer. Før du startar vel du skala og toneart, før du sakte kjem deg av garde. Tempoet stig i forhold til kor raskt du spelar, og det einaste som eigentleg bestemmer kor fort det skal gå er du.

Det er slike små og glimrande idear som gjer Rocksmith til eit genialt produkt. Dei gjer dei mest keisame tinga ved å spele gitar morosame. Eg har aldri i mitt liv hatt det moro med å øve på skalaer før no, og eg har på kort tid merka at det har hatt stor effekt på evnene mine.

Noko som er svært viktig å vere klar over, og som kan setje eit stort skår i gleda for spelinga di er at du sannsynlegvis vil erfare etterslep på lyden. Rocksmith kjem med ein kabel som går frå jack til USB, og i prosessen blir lyden litt forseinka. Spesielt er dette tydeleg om ein køyrer lyden ut digitalt. Koplar du til analoge kablar blir det veldig mykje betre, sjølv om du må leve med eit ørlite ekko. Det går likevel fult an å leve med, og i lengda la eg til slutt berre merke til det på enkelte låter.

Ein ekstra bonus i Rocksmith er at du låser opp ulike instrument og effekter etter kvart som du presterer bra. Du får ikkje bruke desse i låtene, men du kan sitte og leike deg med dei for å utforske kva du kan gjere med ein gitar. Ein artig og lettfatteleg måte å kome seg inn i gitarlydverda på.

Har du ein gitarglad ven kan to stykk spele saman.

Konklusjon

Rocksmith er eitt av dei mest gjevande spela eg har vore borti på mange år. Det har sjølvsagt mykje med at eg elskar gitarar og driv med musikk på fritida, men mine manglande ferdigheiter har fått seg eit solid løft med dette spelet. Det er moro å øve, det er moro å bli betre, og eg har aldri spelt så mykje gitar på regelmessig basis som eg har gjort etter at Rocksmith kom i hus.

Det er eit glimrande spel som gjør øving til underhaldning på kreative og modige måtar. Sjølvsagt kan du lære deg å spele ei låt, men samtidig byggjer du opp muskelminne og blir raskare og meir presis. Om målet ditt er å bli god kan du hoppe over på Scale Runner og øve på skalaer på ein morosam og intuitiv måte til fingrane blir støle.

Spelet er likevel på ingen måte perfekt. Etterslepet på gitaren kan bli veldig irriterande om du må køyre ut lyden digitalt, og eit tungvindt – men pent – menysystem gøymer bort nokre av dei beste tinga Rocksmith har å by på. Med nokre solide justeringar her og der kan ein eventuell oppfølgjar bli farleg nær rein perfeksjon.

Rocksmith er tilgjengeleg for PC, PlayStation 3 og Xbox 360 (testet).

Siste fra forsiden