Anmeldelse

The Splatters

Herleg fysikkbasert moro for dei små grå.

«Men kvifor må det vere så vanskeleg?» tok eg meg sjølv i å spørje skjermen i det mitt tjueførste forsøk på eit urettferdig vanskeleg problem gikk skeis. Dette spørsmålet fekk meg til å le litt av meg sjølv. Det er ikkje så ofte eg gjer akkurat det, men denne gongen var det heilt greitt. Det har seg som kjent slik at utfordringar har to veldig viktige sider. Den eine er vegen mot målet. Den lange, tunge, harde og kronglete vegen som heile tida fortel deg at du er inne på noko, men at du likevel har langt igjen. Denne vegen kan ete opp mykje av tida di, men å ta seg ei pause er uaktuelt. Det er feigt, og slikt kan vi ikkje ha noko av. Ein naturleg konsekvens er irritasjon og lett harme mot den, dei eller det som står for utfordringa.

Den andre sida er sjølvsagt målet. Når du omsider har klatra deg over eit berg av audmjukande nederlag, og når toppen, då blir du glad. Kjensla av å klare brasane. Kjensla av å til slutt vise alle kven sjefen eigentleg er – om det så berre er ein skjerm på noko og 40 tommar – er ei kjensle som kan løfte ein kvar skrott nokre meter over bakken i dei få sekunda det tek deg å gå vidare til neste utfordring som naturleg vis slår deg tilbake til jorda med høg kraft.

Fleire bomber, meir moro.

Bombekalas

Kort fortalt er The Splatters Angry Birds med fysikk og utfordring. Så enkelt kan det gjerast. I staden for å kaste sinte fuglar på slemme grisar, bjelkar og blokker, skal du her skyte geleaktige dyr mot diverse bomber. Det estetiske er kanskje ikkje like slåande som det vi finn i den finske suksessen, men det er likevel sjarmerande nok til at auga får noko å kose seg med.

Her er det på alle måtar innhaldet som tel. Det er ballkasting for vidarekomne og i staden for å berre slenge desse geleklumpane framover med forskjellige vinkel og styrke, er det mange andre element som spelar inn når bombene skal sprengast. Utgangspunktet er enkelt. Vi får servert diverse brett som alle byr på diverse sklier, klossar og avspring, og du må finne ut korleis du skal kome deg fram og tilbake over det todimensjonale brettet for å helst få tre av tre stjerner. Både bomber og geleklumpar kjem i forskjellige fargar, og ein blå geleklump kan til dømes berre sprenge blå bomber.

Du brukar verken rampe eller kanon, men sender dei ut frå staden dei står på, og herifrå stig både underhaldningsverdien og utfordringa i eit høgt tempo. I starten skal du berre sende klumpen mot ei bombeklyse før du sprenger og spreiar fargerik væske utover bombene. Etter kvart får du tilgang på fleire små triks du gjer lurt i å bruke flittig om du vil kome nokon veg.

Midtvegs i eit hopp kan du stogge tida, skifte retning, og sende klumpen inn i ei sklie som elles hadde vore utilgjengeleg. Ved utgangen av den kan du skifte retning ein gong til, og eventuelt sende klumpen rett inn i nokre piggar som får klumpen til å løyse seg opp og regne ned mot bakken. Konseptet er såre enkelt, og det er nettopp det som gjer det så vellukka. Du har ei lita og kompakt liste med svært verkningsfulle verkty som alle ikkje berre blir nyttige, men essensielle. Når ein i tillegg slenger på spoling av tid blir det enda meir utfordrande. Å forklare korleis denne spolinga fungere er litt vanskeleg, men du kan sjå føre deg at du kan spole fram og tilbake medan fysikken uavhengig gjer sitt.

Eit døme på korleis dette fungerer i praksis er om du til dømes har bomber på begge sider av brettet, og ei sklie liggjande mellom dei. Du kan sende klumpen nedover sklia og dytte i bomba før du spolar og sender klumpen tilbake i retning den andre bomba. Det finnest inga grense for kor mange gongar du kan gjere dette, men så snart du har nådd veggen og klumpen blir til væske renn tida for ut.

Her gjeld inga fartsgrense.

Bitande utfordring

Vi får servert alle verkty på løpande band, og det tek ikkje lang tid før du har ful oversikt over kva du kan gjere. Spelet består i hovudsak av tre delar, og ei lang rekke utfordrande brett. Den første er ein solid og informativ oppløringsmodus som gjev deg eit godt innblikk i alle tenkjelege problem du kan bli utsett for. Så snart denne biten er over låser to nye modusar seg opp. Dei fungerer på same måte som opplæringa, men dei krev mykje meir av deg og har gjerne fleire forskjellige krav for kva du må gjere for å kome deg vidare. Det er ikkje alltid nok å berre sprenge bombene. Ofte må du i tillegg bruke heilt spesifikke teknikkar, og dette gjev deg enda meir å tyggje på.

The Splatters har ei glimrande utfordringskurve, og utviklarane har sørgja for at du aldri møter noko du ikkje er klar for. Det betyr på ingen måte at spelet blir enkelt, men du møter aldri noko så vanskeleg at du ikkje innerst inne finn svaret. Kvar gong du klarar noko blir du dytta vidare, og den konstant aukande utfordringa sørgjer for at du aldri går på autopilot samtidig som meistringskjensla av å klare strabasane blir større og større.

Spelet nyttar sjølvsagt leiartavler slik at du heile tida kan ha oversikt over kor flink du eigentleg er. Dette kan vere litt demotiverande når ein ser kor mykje betre andre spelarar løyser problema, men å konkurrere med vener om dei høgste poengsummane gjev spelet ein ekstra driv. På toppen av det heile får vi noko som heiter Splatter TV. Her kan du sjå videoar av korleis andre har kome seg gjennom eit nivå. Dette kan vere vel så lærerikt – og ikkje minst imponerande – som den inkluderte opplæringssekvensen.

The Splatters er eit veldig fargerikt spel, og blir presentert gjennom sterke og tydelege fargar som heile tida gjev deg full oversikt over kva som skjer. Det er ein fin kontrast mellom dei fargerike geleklumpane, og dei mange bombene som ligg rundt omkring på bretta slik at du aldri er i stuss over kva du må gjere. Dette er ikkje på nokon måte eit slåande visuelt spel, men det har eit effektivt ytre med lekre og leikne menyelement som glir fint inn saman med resten av grafikken.

Bretta blir stadig meir kompliserte.

Konklusjon

Det kan vere lett å undre seg litt over målgruppa til The Splatters, eit spel som held seg til ein sjanger som i seinare år har blitt veldig populær på smarttelefonar, medan nedlastbare konsollspel har utvida seg til å bli meir omfattande og ambisiøse.

The Splatters byr derimot på langt meir enn ditt gjennomsnittlege mobilspel. Konseptet er kanskje enkelt, men spelet er proppfullt med gode idear som har like god gjennomføring. Det startar enkelt med å berre skyte geleklumpar mot bomber, men i eit stødig tempo låser du opp eit repertoar av teknikkar som let deg løyse alle tenkjelege fysikkproblem som måtte kome i vegen for deg. Det einaste som eigentleg står mellom deg og dei tre fagre stjernene du får for perfekt gjennomføring er kreativ og smart tenking.

Om det freistar med ei kreativ utfordring som får dei små går til å bryne seg litt, er The Splatters eit glimrande val.

The Splatters er berre i sal via Xbox Live Marketplace.

Siste fra forsiden