Anmeldelse Vandal Hearts: Flames of Judgement

Tradisjonsrik strategi

Ein gammal PlayStation-serie er tilbake i miniformat.

Ein kan vel trygt seie at dei taktiske rollespela har sett sine beste dagar. Super Nintendo hadde både Fire Emblem og Ogre Battle, og PlayStation hadde Final Fantasy Tactics i tillegg til dei originale Vandal Hearts-spela. I dei siste åra har sjangeren, trass Nippon Ichi sin fenomenale Disgaea-serie, først og fremst vore populær blant entusiastar som ikkje får nok av langsame kampar der du flyttar ein og ein soldat etter tur over eit rutenett.

Vandal Hearts: Flames of Judgement er eit svært velkomment spel først og fremst sidan det er eit av yttarst få taktiske rollespel tilgjengelege på Xbox 360 og PlayStation 3, denne gongen gjennom digital distribusjon. No for tida er serien stort sett tilgjengeleg på PSP og Nintendo DS, samt eit og anna spel på den gamle travaren PlayStation 2.

Nytt og gammalt

Vandal Hearts: Flames of Judgement gjer ved første augekast veldig lite nytt, og er strengt tatt eit veldig typisk spel i sjangeren. Du har ei lite gruppe heltar som reiser ut på eit eventyr for å redde verda. Det er inga utforsking, og all speling skjer på kart delt inn i ruter. Kampane i seg sjølv gjer absolutt ingenting nytt. Her handlar det berre om å slå fienden med det våpenet du har, og ditt største strategiske element er at du gjer meir skade ved å slå fienden bakfrå i staden for eit fullt frontalangrep.

Det finnest likevel eit og anna element som gjev spelet eit friskt pust. Til dømes kan kvar helt ha to våpen med seg til ei kvar tid, og du kan skifte mellom desse utan å bruke ein heil tur på det, noko som er veldig befriande om du skulle hamne i ein situasjon der du innser du har feil våpen framme.

Kva våpen kvar helt brukar vil i tillegg ha innverknad på kva som skjer under eit angrep. Om ein helt med sverd angrip ein fiende med eit anna nærkampsvåpen, vil denne slå tilbake. På same måte vil ein bogeskytar skyte tilbake om du fyrer ei pil mot han. Med dette i tankane blir du nøydt til å tenkje litt ekstra over kva du gjer før du angrip. Eit vågalt slag i siste sekund kan bety din eigen død om situasjonen er prekær.

Solid karakterbygging

Eit av dei mest interessant elementa ved Vandal Hearts: Flames of Judgement er at det ikkje finnest erfaringsnivå i spelet. I staden blir du betre i det du gjer etter kvart som du gjer det. Om du har ein magikar vil han til dømes bli betre i både magi generelt, samt den spesifikke magien du brukar. På same måte vil helsepoeng og reaksjonsevne gå opp etter kvart som du deltek i kamp, og dette sørgjer for at du har svært stor kontroll over korleis kvar helt etter kvart utviklar seg.

Ein fotsoldat som heile tida går til frontalangrep på fienden vil bli både robust og slagkraftig, medan ein magikar forblir ei spinkel pingle med ei mental kraft som får flammar til å sprenge opp gjennom jorda.

Ein god bonus for deg når du skal byggje opp karakterane er at kvart område på kartet kan spelast gjennom så mange gongar du vil. Har du først vitja eit område, og teke del i den historiebiten som utspelar seg der, vil du kunne gå tilbake for å kjempe mot fiendar i «skirmish»-oppdrag, sjølv om det aldri dukkar opp nye historieelement. Det blir sjeldan nødvendig å gå hardt inn for å byggje opp heltane i kompaniet, men no og då kan det vere nyttig.

Mangelfull nivådesign

Det største problemet til Vandal Hearts: Flames of Judgement er eit nivådesign som ikkje leverer dei mest optimale situasjonane. Stort sett snakkar vi om veldig flate område med eit og anna hinder i vegen. Her og der finn vi flaskehalsar der du kan slå deg ned medan du plukkar ned den eine fienden etter den andre, men dette er eigentleg alt karta byr på. Det er lite rom for stor strategi og dette fører til at spelet etter nokre timar byrjar å bli litt keisamt. Ein får lett kjensla av å berre gjere det same om igjen heile tida mot dei same fiendane som ikkje skil seg stort frå kvarandre.

Hadde nivådesignet gjort noko så enkelt som å berre dytte inn eit og anna platå der du kan plassere bogeskyttarar og magikarar, kunne ting raskt ha blitt mykje meir interessant. Diverre må du stort sett berre ty til å omringe dine svakare soldatar for å halde dei trygge, noko som raskt blir ein uinteressant strategi.

Eit anna irritasjonsmoment er korleis utviklarane har valt å gi deg nytt utstyr. Dette gjer du frå butikkar i forskjellige byar du vitjar, men prosessen med å handle utstyr er forferdeleg uoversiktleg. Alle gjenstandar ligg i ei lang liste uavhengig av kva type vi snakkar om. Skal du ha eit nytt våpen er du heldig, sidan dei ligg på toppen. Skal du derimot sjå etter ny magi, må du skrolle nedover heile lista for å kome til botnen.

I tillegg til dette får du ikkje informasjon om alt. Skal du ha litt ny magi får du berre vite namnet, og du får ikkje vite noko om kva den gjer, berre at du må gi den til ein helt for å bruke den. Det blir hakket for lite, og sjølv om du har mykje pengar heile tida, er det ikkje freistande å kjøpe noko du ikkje veit kva er. Dette blir berre verre ved at kvar person berre kan ha med seg to gjenstandar, og ein ny magi tel som éin gjenstand. Du vil etter kvart lære magien utanåt ved å bruke den ofte, men det er like fullt eit irriterande system.

Keisarens nye klede

Dei første Vandal Hearts-spela var utvikla av Konami i Japan, men Flames of Judgement kjem frå Hijinks Studios, noko som effektivt eliminerer den japanske stilen. I staden har vi fått ein vestleg teikneseriestil det er litt vanskeleg å utvikle eit forhold til. Den er på ingen måte stygg, og karakterdesignet er i og for seg godt, men stilen manglar identitet. Det er lett å sjå føre seg at i henda på ein litt betre teiknar med større særpreg kunne alt dette ha sett mykje betre ut.

Dette blir spesielt tydeleg i filmsekvensane som eigentleg ikkje er stort anna enn animerte stillbilete. Tidvis blir det direkte stygt, og det er godt desse sekvensane ikkje dukkar opp ofte. Den heller korte historia i spelet er temmeleg alvorleg og dramatisk, men den grafiske stilen får det heile til å sjå ut som ein billeg teikneserie for den yngre garde. Det blir eit stilkrasj som aldri heilt finn sin plass.

Grafikken er derimot pen. Den bryt ingen grenser for kva vi finn gjennom Xbox Live eller PSN, men den er fargerik og tydeleg. Det er alltid lett å sjå kva som skjer, og kvar det skjer. Det einaste som godt kunne ha vore litt betre er kameraet som i visse situasjonar blir litt uoversiktleg. Først og fremst hadde det vore fint om vi kunne ha trekt kameraet enda lengre tilbake frå figurane. Det er ikkje alltid like lett å få full oversikt, og dette er stort sett fordi kameraet har litt snever synsvidde, og det blir litt mykje jobb å leite over heilt kartet.

Lyden er på si side lett å gløyme. Musikken er fin og stemningsfull, men du har gløymt den så fort du slår av spelet. Skodespelet er sånn passe, og dukkar stort sett berre opp i ein av dei få filmsekvensane. No og då vil heltane kome med ein kommentar medan dei angrip, men det er stort sett alt dei har å kome med.

Konklusjon

Vandal Hearts: Flames of Judgement er eit svært typisk strategisk rollespel i japansk stil. Det gjer ingenting nytt, men har eit interessant erfaringssystem som let deg byggje opp krigarane dine akkurat slik det passar deg. Kampane er standard affære for dei som har spelt berre eitt slikt spel før, og med det i tankane vil du lett kunne finne ut om dette spelet er noko for deg eller ikkje.

Spelet er ikkje spesielt langt, men du står i stor grad fritt til å gjere det så langt du vil ved å gå tilbake til gamle kart for å bryne deg på utfordringar. Historia er på si side lett å gløyme, og den grafiske stilen overbeviser ikkje heilt. Vandal Hearts: Flames of Judgement er uansett eit heilt kurant spel i ein sjanger det ikkje finnest for mange spel av på denne generasjonen med konsollar.

Vandal Hearts: Flames of Judgement er i sal på Xbox Live Arcade (testet) og PlayStation Network.

Vurdering


Vandal Hearts: Flames of Judgment X360

Vandal Hearts: Flames of Judgment PS3

Vandal Hearts: Flames of Judgment X360 X360 6/10 PS3

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: Ikke fastsatt
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Konami
  • Utvikler: Konami

Vandal Hearts: Flames of Judgment PS3 PS3 X360

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: Ikke fastsatt
  • Plattform: PlayStation 3
  • Utgiver: Konami
  • Utvikler: Konami

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen