Anmeldelse

Viking: Battle for Asgard

Fire år på overtid tek Creative Assembly sitt vikingspel turen til PC.

Det er ikkje ofte eit spel med berre måteleg suksess dukkar opp igjen fire år seinare. Det er likevel det som no har skjedd med Viking: Battle for Asgard. Dette til dels brutale vikingspelet frå 2008 fekk aldri ein PC-versjon, og dansa i staden dødsdansen på PlayStation 3 og Xbox 360. Det har no endra på seg. I eit ganske uventa grep har Sega og the Creative Assembly pussa opp vikingspelet og gjort det klart for nye giv.

Det store spørsmålet er sjølvsagt om spelet har stått seg bra dei siste åra, eller om det heller kunne ha funne seg ein permanent heim i gløymeboka.

Skarin, ute etter blod.

Meir blod!

Viking: Battle for Asgard er på mange måtar eit heilt ordinært actionspel. Vi møter Skarin, ein over snittet velbygd, ung mann som er ute etter blod. Dødsgudinna Hel har fått det føre seg at verda skal leggjast i mørke, og då er det på sin plass at ein lyslugga muskelbunt tek opp kampen. Det utartar seg som du kan vente deg. Skarin spring med tunge steg over ei stor og opa verd, medan han plukkar opp skattar og drep fiendar.

Kampane er rå og brutale. Det er tyngde i kvart slag, og det er liten tvil om at det er akkurat dette som er spelets sterkaste side. Sjølv om tyngda er solid, er det samtidig eit godt tempo over kampane. I ettertid er det lett å dra kjensel på korleis det heile er bygd opp. Samtidig er det litt artig å sjå korleis The Creative Assembly var litt før si tid med eit kampsystem som har svært mykje til felles med dei intense slagsmåla i Batman: Arkham Asylum.

Skarin hoppar frå fiende til fiende. Det er som om eit magnetband dreg han mot nærast beist, og det er eit system som får fiendane til å falle i stort tempo. Gradvis kan du kjøpe nye angrep, og der du i starten berre denger laus med svake og sterke angrep, får du etter kvart kraftige teknikkar som kan bryte gjennom skjold.

For det meste er det berre å ture på, men eit strategisk djupne viser seg likevel. Nokre fiendar er raske og små, medan andre er større og dyttar eit massivt skjold framfor seg. Ulike fiendar krev ulik framgangsmåte, og her kjem nokre magiske runar inn i biletet. Når du drep fiendar får du plukke opp raude kuler som fyller opp eit meter. Kor mykje du har fortel deg kor lenge du får bruke tre ulike former for magi du vil leggje på våpenet ditt. Eld får fiendane til å brenne, lyn sender støt gjennom dei, og is får dei til å krype sakte av garde.

Som ein liten premie for eit godt utført drap kan du avrette dei fleste fiendane når du har dengt dei nok. Får du sjansen til dette er fienden praktisk talt død, men om du berre let fienden dette i bakken av seg sjølv går du glipp av to ting. Den eine er ei stor mengde raude kuler å fylle opp metret med, den andre er ein brutal og tidvis hakket for lang animasjon som viser korleis ein blodtørstig viking tek livet av eit utyske når alt han vil er å så blodet flyte.

Meir blod til folket!

Stort land, stor stemning

Viking: Battle for Asgard er eit rimeleg svært spel. Vi reiser over fleire område som blir større og større for kvar gong. Her skal du frigjere ulike vikingstammar før du går til frontalangrep på fiendane sine leirar. Oppsettet er likt for kvart område. Du spring rundt i ei mørk villmark, finn ei samling med fiendar, drep dei, og frigjer eventuelle vikingar som har blitt fanga. Desse vil i tur slutte seg til deg, slik at dei kan bli med på store slag seinare.

Dei store høgdepunkta kjem når du skal kaste siste rest av fiendar ut av eit område. Creative Assembly har alltid vore best kjende for strategispela sine, og at Viking har eit snev av store slag er ikkje uventa. Når du har slept fri alle vikingane i eit område er du klar for å ta over ein leir eller ei borg. Då brakar to massive hærer saman, og det er noko ganske fascinerande over å brått vere berre ein av hundrevis av krigarar som spring over slagmarka før dei to motstridande sidene møtast.

I desse slaga kan du fokusere berre på å pryle fiendane med dei skarpe sidene av sverdet og øksa di, men det er lurt å hugse på dei strategiske elementa spelet faktisk byr på. Magien frå runene kan brukast til å gje alle vikingane rundt deg magiske våpen, noko som kan snu ein vanskeleg situasjon ganske raskt. I tillegg kan du påkalle store dragar som kan sende eldkuler mot strategiske mål. Dette kan vere ei gruppering med bogeskytarar som gjer frammarsjen vanskeleg, eller ein sjaman som vekkjer døde krigarar til live.

Her og der dukkar det i tillegg opp eitt og anna massivt beist som må prylast gjennom ein god kombinasjon av slag og unnvikande hopp. Er du ein av dei som hatar knappesekvenser («Quick Time Event») vil du fnyse litt når desse omsider skal døy på særs brutalt vis, men av dei sekvensar eg har vore borti, er det få som er så enkle som dei i Viking: Battle for Asgard.

Mørkt og stemningsfullt skal det vere.

Fiks det unødige

I samband med PC-lanseringa har Viking: Battle for Asgard fått seg eit grafisk løft. Det er ikkje ein massiv forskjell å spore i forhold til konsollversjonane, men det er nok til at det merkast. Oppløysninga er høgre, synsvidda er lengre, og med ein solid porsjon kantutjamning ser spelet framleis bra ut. Det når ikkje nyare spel til knea på nokon måte, men spelet har likevel ei veldig særeiga stemning. Det er mørkt, det er dystert, og å gradvis sjå landet bli lysare etter kvart som du sparkar ut legionane til Hel, gjev ei god kjensle.

Du er på mange måtar ein einsam vandrar, og presentasjonen gjer dette veldig tydeleg. Ofte høyrer du ikkje noko anna enn fuglekvitter, suset frå havet, og ein og annan regnskyll. Stemninga blir trykkande, men eg er usikker på om dette alltid er meininga.

Det er mykje lyd i spelet, men den er uhyre sporadisk, og kjem inn og ut av spel på ein måte som ikkje gjev meining. Nokre gongar høyrer du fotstega dine tydeleg, andre gongar er dei nesten borte. Der dei truverdige og litt makabre lydane av metall som møter hud nokre gongar forsterkar dei brutale kampane, blir dei òg av og til borte. Musikken er sjenert og vil nesten ikkje vise seg.

Konsollversjonane sleit med akkurat det same. Sjølv om lydbiletet tidvis forsterkar stemninga er det lett å høyre at noko er heilt feil. Lydar skal ikkje berre slå seg av og på slik dei gjer her, og at du ikkje kan justere på musikk og lydeffektar kvar for seg er ganske irriterande. Når noko først skulle fiksast før PC-lanseringa burde det ha vore dette.

Musikken gjev heile spelet eit solid løft når den først dukkar opp. Å høyre bråket rundt deg medan du tek over ei borg får adrenalinet til å pumpe. Når du derimot er omringa av hundrevis av krigarar og alt du høyrer er dine eigne stønn og slag med våpna, er det veldig tydeleg at noko ikkje stemmer.

Utover det fungerer det tekniske akkurat som det skal. Det nye kontrolloppsettet for mus og tastatur får jobben gjort, sjølv om det lett merkast at dette er eit spel bygd for konsoll. Om du vil kan du likevel kople til ein handkontroll for å få nøyaktig same oppleving på konsoll, berre litt penare.

Storeslem med tannråte.

Konklusjon

Viking: Battle for Asgard er framleis er eit svært underhaldande spel. Det blir litt langsamt og stilleståande grunna repetisjon, men det er likevel vanskeleg å på nokon måte bli lei. Det er noko nesten romantisk over å springe rundt i den mørke villmarka medan du gjer ditt beste for å likvidere Hel sine undersåttar.

PC-versjonen har fått seg nokre velsmakande grafiske oppgraderingar, sjølv om det ikkje er den heilt store forskjellen frå originalversjonane. Det er likevel svært skuffande at utviklarane ikkje har fiksa dei irriterande lyproblema som òg plaga spelet på konsoll for fire år sidan.

Viking: Battle for Asgard er uansett eit underhaldande spel fleire burde få med seg.

Siste fra forsiden