Anmeldelse

White Knight Chronicles

Ein god introduksjon

Originaliteten dør når ein enorm, kvit riddar må redde ei prinsesse i naud.

1: Side 1
2: Side 2

Mange val

For det meste står du fritt til å skru saman dei forskjellige heltane nøyaktig slik det skulle passe deg. Kvar gong du går opp i erfaringsnivå vil du få ei liten sum poeng å kjøpe nye eigenskapar for, og sidan dei fleste av desse er veldig billege, kan du trygt eksperimentere alt du vil. For det meste vil du handle forskjellige angrep, og desse er låste til dei forskjellige våpentypane i spelet. Du kan òg kjøpe oppgraderingar for dømes styrke, helse og forsvar. Kvar våpenklasse let deg oppgradere ulike statistikkar, og med nok poeng kan du byggje ein veldig kraftig krigar.

For å bruke dei forskjellige eigenskapane du kjøper må du leggje dei inn på ei kamplinje som på sett og vis oppfører seg som ein forenkla versjon av makroar. Ved å bla horisontalt og vertikalt kan du raskt finne fram den handlinga du er på jakt etter. I tillegg kostar dei kraftige angrepa «Action Chips» – eit poengsystem du enkelt nok fyller opp ved å angripe fienden.

Kampsystemet i White Knight Chronicles fungerer for det meste veldig bra. Det er på ingen måte intenst og krevjande, men det er engasjerande nok til at du lett går laus på enda ein fiende, så lenge det ikkje er av den store sorten. Dei største fiendane er eit sant mareritt sidan det tek både år og dag å bli kvitt dei. Dei toler så enormt mykje at spelet kunne hatt godt av ein autopilot slik at eg kunne ha laga meg litt mat medan eg venta.

Diverre er ikkje dette tilfelle, og vi må i staden hente inn ein riddar. I White Knight Chronicles er ein riddar ein gigantisk rustning som på mange måtar er ein fantasy-versjon av dei enorme robotane japanarane er så glade i. Desse riddarane gjer enormt mykje skade, og det blir difor veldig artig å bruke dei. Den fienden som før tok fem minutt å bli kvitt, tek no mindre enn eitt, og slikt gjer meg glad. Problemet med riddarane er at dei forsvinn så snart den siste fienden i umiddelbar nærleik er daud. Dette er rimelig problematisk om det ligg eit troll rett rundt neste sving, sidan du må samle inn temmeleg mange «Action Chips» for å hente inn ein riddar på ny.

Femte hjul på vogna

Før du legg i veg på Leonard sitt korstog for å redde prinsessa, må du lage eit alter ego. Gjennom et passeleg robust kreasjonsverkty lagar du ein mann eller ei dame. Deprimerande nok er avataren din er eit skikkeleg bomskot, og du er på ingen måte ein del av historia. Du står i skuggen og ser på alt som skjer, og når ein av hovudpersonane skulle finne på å snu seg i din retning, blir det nesten surrealistisk. Du seier aldri eit ord, du tar aldri del i noko, og alt du har å bidra med er eit ansikt fullstendig blotta for kjensler og uttrykk. Du blir som ein elefant i rommet som berre av og til snøftar litt, sånn berre for å vere trygg på at vi ikkje gløymer han.

Det finnest mange utviklarar som har prestert å lage spel der helten du lagar greier å formulere seg, og Level 5 bør ta lærdom av dei før neste White Knight Chronicles-spel.

Avataren din har likevel ein viktig funksjon. White Knight Chronicles har ein samarbeidsmodus over nettet, og for å ta del i denne må du bruke avataren din. Her kan du saman med andre bryne deg på forskjellige sideoppdrag i spelet. Det heile fungerer fint nok, og om du spelar saman med hyggelege folk kan det blir veldig artig. Sjølv om kampar og enorme område tidvis kan bli langdrygt når du spelar aleine, er det noko heilt ana i eit godt sosialt lag. Hamnar du i ei gruppe som manglar det store engasjementet, endar det heile derimot lett opp som rein repetisjon.

Ein annan artig detalj i spelet er funksjonen for å byggje din eigen by. Her kan du bruke ressursar og pengar du har samla deg for å byggje forskjellige hus og gjenstandar. Etter kvart som du byggjer, vil du få byggje på større område, og det er ganske artig å sjå sin eigen landsby ta form. Du kan invitere folk frå byane i spelet til å bu i tettstaden din, og når du etter kvart fyller opp byen din, kan du reise til den sjølv for å handle eller sanke ressursar. I tillegg kan du leggje den på nett slik at andre kan sjå kva du har fått til. Dette er eit glimrande tiltak, men det er litt merkeleg at du ikkje kan arbeide med byen din utan å vere kopla til nettet.

Konklusjon

White Knight Chronicles er første ledd i ein planlagt trilogi frå Level 5, utviklarane av Dragon Quest: Journey of the Cursed King og det fantastiske Dark Chronicle. Som eit sjølvstendig spel er White Knight Chronicles mangelfullt. Det har mange gode idear, det har ei fascinerande verd, og det har eit persongalleri det er lett å like. Det når likevel ikkje heilt opp, og blir plaga av det som i stor grad var Blue Dragon sitt største problem; det er for lett. Spelet veit ikkje å utfordre deg, og det sørgjer for at kampar som burde ha vore nervepirrande og utfordrande, blir keisame og søvndyssande.

Dette betyr på ingen måte at White Knight Chronicles er eit dårleg spel. Sjølv om det er mykje som kunne ha vore betre, er det vanskeleg å riste bort kjensla av at det er direkte trist å vere ferdig. Eg vil svært gjerne tilbake, og om ikkje anna, så har i alle fall det første spelet i denne trilogien fått meg til å glede meg stort til kapittel to.

I mellomtida kan vi kose oss på nett, og byggje oss ein by.

White Knight Chronicles kjem i sal i morgon, kun for PlayStation 3.

1: Side 1
2: Side 2

Siste fra forsiden