Anmeldelse

Yakuza: Dead Souls

Det er ikkje berre vesten som plagast av vandrande lik.

Nokon gongar må ein ta drastiske grep. Om ein køyrer ein serie langt og hardt nok er det nesten vanskeleg å ikkje nå det punktet der det heile sakte, men sikkert byrjar å dale. Ein sit igjen med to val. Ein kan presse på som før for å skvise ut kvar siste dråpe av godsakene før ein må pensjonere heile greia, eller så kan ein revitalisere, ta nokre krumspring, og springe i nye retningar.

Sega har gjort eit snodig, modig, modent og dristig val. Dei har funne opp krutet på ny, og dei har valt å endre den velkjende og i enkelte kretsar høgt elska Yakuza-serien drastisk. Det er ikkje lenger nok med kriminalitet og heimar for foreldrelause, det må alle forstå. Difor kjem Sega med ei svært fascinerande nyvinning eg er overbevist om at vi vil sjå mykje meir av i framtida: Zombier.

Skal han på date eller zombieslakt? Ingen kan seie sikkert.

Om du ikkje veit kva ein zombie er, er det heilt forståeleg. Dette nye konseptet frå Japan baserer seg på at dei døde eigentleg ikkje er heilt døde. Dei vandrar igjen, og dei er tørste etter blod. Det blir raskt din jobb å redde dagen før zombie-beista tek over heile byen Kamurocho.

Her igjen

Som du sikkert er smertefullt klar over er dette berre tull. Zombier er ikkje eit nytt konsept, så vidt eg veit kjem dei ikkje originalt frå Japan, og då eg høyrde at Yakuza-serien skulle ta turen til Zombieland var min umiddelbare reaksjon: «Det var no berre det som mangla».

Det uunngåelege har skjedd, zombiene har teke over atter eit spel, og eg er stygt redd eg må seie det ikkje skadar. Yakuza: Dead Souls er ulikt noko anna zombiespel eg har vore borti. Det er ikkje berre kulissar stappa til randen med vandrande lik. Det er ikkje eit spel som handlar om ein spesiell mekanikk som blir repetert og terpa på i mange timar. Yakuza: Dead Souls er eit vaskekte Yakuza-spel som har pakka seg inn i eit teppe av døde skrottar.

Om du ikkje kjenner Yakuza-serien kan det vere på sin plass med ein liten introduksjon. Dei historiedrivne spela i denne serien utspelar seg i byen Kamurocho, og vi møter eit knippe forskjellige personar som alle i tur og orden viser sine synspunkt på det som skjer. Byen er på si side ein karakter i seg sjølv. Den er full av folk som vandrar fram og tilbake, og stappet med distraksjonar. Om du vil kan du spele dart, få deg ei handfull erfaringspoeng ved å stappe i deg ein burger, eller du kan gå på såkalla Hostess Bar for å preike med søte jenter. Har du tid til det kan du få med deg livshistorier til meir enn ein finpynta asiat.

Poenget er at Kamurocho er levande. Det er ikkje som ein serie med statiske område viss einaste formål er å by på ei utfordring. Det er bygningar fulle av butikkar, folk og liv. Når dette etter kvart blir erstatta av ein stille og aude kyrkjegard skapar det ei heilt spesiell stemning. Dette er ikkje Dead Rising, Left 4 Dead, eller Nazi Zombies. Det er ei verd som sakte går til grunnen, og der kvart kapittel gjer den dominerande karantenesona større og større. At spelet er fullt av distraksjonar og interaksjonar med tilfeldige folk som har ingen fascinerande eigenskapar gjev den absurde og blodige situasjonen enda større slagkraft.

Det er ikkje alle som held seg like langt innanfor truverdets grenser.

Solid forteljing

Vi møter fire forskjellige «heltar» i Dead Souls, sjølv om dette lett kan bli eit malplassert ord i denne samanheng. Lat oss heller kalle dei fire komplekse personar som alle har ulike motivasjonar for å gjere det dei endar opp med å gjere. Felles for alle dei fire personane er korleis solid historieforteljing driv spelet vidare. Gjennom ei god blanding av tekstbobler og filmsekvensar blir vi servert ei engasjerande historie som minnar meir om ein dyster TV-serie enn om noko vi har for vane å sjå i eit spel. Alt skodespelet er på japansk, men det er overbevisande og saman med grundig bruk av «motion capture» blir det lett å leve seg inn i det som skjer på skjermen.

Sjølv om det blir mykje historieforteljing blir det likevel aldri for mykje. Her og der kan det gå lengre periodar utan at du treng røre kontrollaren, men for det aller meste får du god tid mellom kvart historieelement. Du har nok av tid til å springe rundt for å gjere nøyaktig det du vil, før du spring mot det punktet som fortel deg at historia går vidare.

Samtidig er serien som vanleg eit herleg skråblikk inn i japansk kultur. Om det så er sosiale avvik på jakt etter nakne damer eller frøkna som snakkar med kjærleik i stemma om kor høgt ho elskar Manga, er det fullt av små detaljar overalt som gjer Kamurocho til ein levande stad. At spelet byr på ein del absurd humor skadar heller ikkje. Ein personleg favoritt er då ein høgtståande Yakuza må kle seg opp i dameklede for å lokke fram zombiene. Som vi alle veit er det jo ingenting som tiltrekkjer seg zombier meir enn eit forelska par.

Klappjakt i mørket

Det blir mykje fram og tilbake i Yakuza: Dead Souls, men det fell heilt naturleg og blir aldri ein irritasjon. Som ein av dei fire protagonistane vil du reise inn og ut av den stadig vaksande karantenesona med jamne mellomrom. Det meste av sideoppdrag og viktige hendingar i historia skjer der, og du blir difor sendt fram og tilbake så godt som heile tida. Ein endar raskt opp med å sjå dei same områda fleire gongar, men ein får aldri noko kjensla av at det er mangel på variasjon. Kvar gong du reiser til eit område er det nye problem og nye personar som må reddast ut av karantenesona, og nye område blir låst opp jamt og trutt.

Det er ikkje berre zombiene som gjer Dead Souls forskjellige frå tidlegare Yakuza-spel. Der serien tidlegare har vore kjend for sitt fokus på kampsport, har dette no teke eit solid baksete til fordel for hakket meir effektiv kost. I løpet av spelet kan du få tak i alt frå handpistol til hagle og mitraljøse, og alle våpna kan oppgraderast opp til fleire gongar så lenge du finn dei nødvendige ingrediensane rundt om kring i karantenesona.

Denne karen vil du helst ha på di side.

Våpenbruken er ei ganske solid blanding mellom tradisjonelle skytespel i tredjeperson og Resident Evil-serien sine siste utgåver. Om du vil kan du springe rundt og fyre laus medan spelet sjølv tek seg av all sikting, og i fleire situasjonar kan dette vere ein glimrande taktikk. Om du til dømes skal redde nokre stakkarar er det beste middelet ofte å ture på for å ploge ein veg gjennom kjøtfjella. Stort sett vil du derimot halde inne ein ryggknapp for å fokusere skytinga på det som er framfor deg.

No og då blir likevel ikkje dette nok. Rundt om kring i spelet vil du møte fleire større muterte beist som for det meste har eitt enkelt svakt punkt. Å berre fyre laus duger ikkje i slike kampar, og du blir nøydt til å sikte mot det skjøre punktet, noko som tvingar deg til å stå i ro. Kombinasjonen av desse to måtane å angripe fiendane på skapar ein herleg balanse. Du er aldri tvinga til å gjere ting i eit sakte tempo, men nokre gongar blir det nødvendig avhengig av situasjonen, noko som igjen gjev slike situasjonar ei større kjensle av umiddelbar fare.

Den einaste irritasjonen som eigentleg oppstår er at kampane kan bli litt vel like. Når du har sprunge over det same området med det same våpenet mange gongar kan monotonien setje inn, men den blir ofte galant redda av eit spenstig system som let deg fyre laus mot diverse eksplosive ting som blant anna motorsyklar og propantankar for å lage litt kaos som kverkar det meste kjapt.

Konklusjon

Yakuza: Dead Souls er eitt av dei betre zombiespela eg har hatt gleda av å prøve. Det har ei heilt anna stemning enn spel med denne tematikken har, og det tener det stort på. Zombiene er ikkje målet i seg sjølv her. Det er folka, byen og alt det dei gjennomgår som står i sentrum. Det er både uvant og spanande, og minnar strengt tatt mest av alt om The Walking Dead. Ein veldig japansk versjon av The Walking Dead.

Spelet vinn på kombinasjonen av dei mange elementa det byr på. Ved sidan av ei underhaldande historie får vi mange engasjerande kampar med eit stadig vaksande våpenarsenal, og eit hav av både små og store distraksjonar som kan dra ut speletida. Yakuza: Dead Souls er både seriøst og useriøst på ei og same tid, men det ein sit igjen med er eit spel som skamlaust står for nøyaktig det det er: Sprøyt, tull og tøys på ramme alvor i ei øydelagd verd.

Det er ikkje verst berre det.

Yakuza: Dead Souls er kun i sal for PlayStation 3.

Siste fra forsiden