Anmeldelse

Bravely Second: End Layer

Det var ikkje dette vi ville ha

Dette kampsystemet treng eit nytt spel å skine i.

Square Enix

Eit av dei siste åras beste japanske rollespel, Bravely Default, har «endeleg» fått ein oppfølgjar. Om du luktar eit snev av manglande entusiasme er det ikkje utan grunn. Eg har ikkje blitt så skuffa over ein oppfølgjar sidan Castlevania: Lords of Shadow 2, og det seier ein del.

Men kvifor er du så skuffa då, Øystein? Tenkjer du kanskje. Bravely Second: End Layer har jo alt Bravely Default hadde; eit erketypisk japansk rollespel, ei stor verd, eit fantastisk turbasert kampsystem, eit sjarmerande persongalleri, og ikkje minst ein teit tittel. Kva er problemet?

Det er møkk keisamt! Det er problemet. Og det er eit stort problem. Der Bravely Default hadde ei artig historie og ei flott verd å utforske, ved sidan av det geniale kampsystemet, har Bravely Second ei historie det er umogleg å bry seg om, nøyaktig den same verda du har brukt mellom 50 og 100 timar på å utforske frå før, og for lite nytt til at gjensynet eigentleg er verdt tida di.

Oppgulp

Vår nye helt, Yew.
Square Enix

Square Enix og utviklarane hos Silicon Studio burde ha gjort nøyaktig det Bravely-seriens store inspirasjonskjelde – Final Fantasy – har gjort i alle år; introdusert oss for ei ny verd og nye folk. Ved å tvinge oss inn i den same verda ein gong til, har utviklarane valt å bunnskrape ei tom tønne.

Vi kjenner denne verda, vi har vore her før, og det er aldri like moro å sjå noko den andre gongen. Det er ikkje noko nytt her, det er berre dei same områda, mykje av den same musikken, og mange av dei same andleta. Ei sterk kjensle av å ha sett alt før sig over deg frå dei første minutta, og den slepp aldri taket. Til og med kampsystemet er så og seie identisk med originalen, og dei forskjellane som skulle finnast her, er så små at dei knapt er merkbare.

Det aller største problemet er likevel historia. Den er så intetseiande og sjarmlaus at ein kan få meir spaning av å kaste ein skiten vaskeklut på ein vegg. Kort fortalt møter vi igjen vår ven og helt Tiz Arrior. Han blir sett litt i skuggen av vår nye helt Yew, men Yew er strent tatt berre ein blåkopi av Tiz, så i staden for å ha ein optimistisk pjokk i jaktlaget, har vi no to. Heltefølgjet blir runda av med Edea som òg var med i Bravely Default, samt den mystiske frøkna Magnolia som har krasjlanda på jorda etter ein flytur frå månen.

Umiddelbart merkar ein at kjemien innad i følgjet ikkje på langt nær er like god som den var i det første spelet. Konsekvensen av dette er at ein bryr seg mindre om folka, det dei har å fortelje, og ikkje minst reisa dei legg ut på. Sjølv om heltane redda dagen førre gong, har vi no ein ny slemming som vil øydeleggje verda, og han brukar minst halve spelet på å gje teikn til å informere om kvifor han vil øydeleggje verda. Det du kan vere sikker på, er at han har ein veldig god, og ikkje minst sjokkerande grunn.

Med andre ord har vi gått frå eit nostalgisk og sjarmerande, men likevel kreativt og tidvis nyskapande spel, til eit spel som slavisk kopierer alle klisjear vi har sett før. Det tapar alle på, mest av alt vi som må spele det heile.

Ikkje ein gong det gode skodespelet kan lette på humøret. Skodespelet er jamt over godt, men skriptet er fullstendig fantasilaust, og dei som har forfatta det heile er så glade i ord at dei tydelegvis ikkje veit når dei skal stoppe. På eit lite sideoppdrag sat eg og bladde meg gjennom tekstbobler i over ein halvtime, og det er ikkje å overdrive. Ein kan bli galen av mindre.

Få deg ein jobb!

Tiz har fått teit nytt hår sidan sist.
Square Enix

Heldigvis finnest det lyspunkt i denne redselsfulle verda. Skal ein først spele Bravely Second bør ein gå inn i det vel vitande om kampsystemet er den den einaste grunnen til å bruke tid her. Har du spelt Bravely Default veit du nøyaktig kva du har i vente. Vi får nøyaktig det same systemet, og det einaste som eigentleg er nytt er nye karakterklassar å krydre tilværet med.

Desse karakterklassane er det store krydderet i Bravely-spela. Heilt frå start får du fleire å velje mellom, og kvar karakter i gruppa di kan skifte klasse når som helst. Dei har alle sine ulike spesialitetar og eigenskapar, men du er aldri låst til berre ein klasse.

Alle karakterane kan ha ein primærklasse, men òg ein sekundærklasse. I tillegg kan ein velje fritt mellom alle eigenskapane ein har brukt tid på å lære seg. På denne måten kan du vere til dømes ein krigar, men og ha moglegheita til å kaste magi, samt ha diverse eigenskapar plukka frå andre klassar. Det er eit system som verkeleg let deg utforske kva moglegheiter som finnest for å byggje opp din eigen meir eller mindre perfekte kombinasjon.

Bravely Second: End Layer byr på ei massiv samling med karakterklassar. Svært mange av dei vil du kjenne igjen frå det første spelet, men vi finn òg ei solid rekke nye klassar som byr på enda fleire moglegheiter. Dette er strengt tatt det einaste nye i spelet som verkeleg gjev ein grunn til å spele. Mesteparten av moroa kjem gjennom kampane, og nye leikety er alltid moro.

Til kamp, vener

Kartet i Bravely Second er svært sjarmerande.
Square Enix

Om du ikkje har spelt Bravely Default, er kampsystemet i desse spela sterkt inspirert av Final Fantasy-serien. Det er eit turbasert kampsystem der heltar og fiendar står på kvar si side av skjermen, og diskar ut eder og galle etter tur. Det som skil Bravely-serien frå andre spel i same sjanger, er hovudsakleg to ting; du har eit hav av jobbklassar å velje mellom, samt det fantastiske Bravely Default-systemet.

Dette systemet fungerer i praksis på følgjande måte: Når det er din tur kan du velje å gjere noko aktivt, eller gå inn i forsvarsmodus og utsetje turen din til seinare. På denne måten kan du byggje opp fleire turar slik at du i ei runde kan angripe fire gongar i staden for ein. Eventuelt kan du gå rett på sak og bruke fire turar utan å spare opp noko først, men då vil du måtte vente tilsvarande mange turar før du får gjere noko igjen.

Det er eit heilt genialt system som gjer den endelause kverninga etter erfaringspoeng til ein svært underhaldande leik. Du kan velje kor ofte du vil møte på fiendar, du kan skru på vanskegrada, og du kan springe rundt i eit lite område medan du går inn i kamp for nesten kvart steg du tar. Som om det ikkje var nok kan du lenkje saman fleire kampar for å få meir erfaringspoeng.

Tek du knekken på alle fiendane du møter på ein tur, vil du få sjansen til å møte ei ny gruppe, og halde det gåande heilt til du er tom for turar. Ikkje berre får du på denne måten samla opp fleire erfaringspoeng på kortare tid, men erfaringspoenga blir ganga opp i forhold til kor mange kampar du har vore gjennom, slik at du sit igjen med ein enda større gevinst.

Det er ein drøm for alle som vil byggje opp karakterane sine fort. Baksida er at du nesten blir for god, for fort. Den store utfordringa uteblir, og spelet endar raskt opp med å handle meir om kor sterk du kan bli, i staden for at du kosar deg med utfordringa kampar kan by på.

Akkurat her har utviklarane gjort eit ganske dumt grep sidan dei har endra korleis jobbklassane fungerer. I det første spelet avgjorde nivået på klassen ein gitt karakter hadde kor mykje skade som blei gjort. No er det først og fremst nivået på sjølve karakteren som bestemmer skadeutteljinga, og på denne måten finnest det aldri noko bakside ved å skifte klasse. Du er supersterk uansett, og utfordringa blir enda mindre enn før.

Framleis vakkert

Bakgrunnane er like lekre som før.
Square Enix

Sjølv om utviklarane har gjort mange etter mitt syn ukloke val under utviklinga av dette spelet, er det ein ting dei framleis meistrar til det fulle. Bravely Second er eit nydeleg spel. Sjølv om det spelast på ein 3DS er det noko heilt spesielt ved den visuelle stilen.

Byane blir som før presenterte gjennom handteikna bakgrunnar som på smart vis har blitt tredd over 3D-modellar slik at vi likevel får ei sterk romkjensle. Det er eit spel som tryglar og ber om å få lov til å kome seg ut av denne vesle maskina, og inn på ein stor skjerm der talentet til det grafiske teamet verkeleg kan få skine.

Samstundes er det stor variasjon i verda, med mange flott område og godt utforma grotter du kan møte eit mylder av fantasifulle fiendar i. På toppen av det heile ligg eit solid lydspor med gode låter. Det hadde ikkje skada med meir ny musikk, men dei gamle låtene sit framleis godt.

Konklusjon

Eit av dei beste kampsystema i eit japansk rollespel.
Square Enix

Det er ikkje til å leggje skjul på at eg er ganske skuffa akkurat no. Bravely Second: End Layer er ikkje eit dårleg spel, det har for mange kvalitetar til det, men det skulle ha vore så mykje meir enn dette. Spelet framstår som veldig lite meir enn eit billeg forsøk på å loppe fansen for meir pengar sidan Bravely Default blei ein mykje større suksess enn nokon hadde venta.

Utviklarane har ikkje klart å byggje ei historie det går å bry seg om, ei heller eit persongalleri ein sympatiserer med. Du vil sikkert smile litt her, og le litt der, men det er små skår av glede i ein elles brakk sjø. Eit stort og omfattande rollespel skal ha ei spanande historie, det ha ei spanande historie. Du skal bry deg, for kva er vel elles poenget?

Mange spenstige kampar kanskje, og her innfrir Bravely Second: End Layer for det aller meste. Spelet har blitt hakket lettare enn før, og det var absolutt ikkje nødvendig, men kampsystemet er likevel så kult at det maktar å halde liv i resten av spelet, eine og aleine.

Det seier ikkje så reint lite.

Om Bravely Second: End Layer ser spanande ut, bør du aller først ta ein kikk på den mykje betre forgjengaren Bravely Default.

Siste fra forsiden